Endring i reglane i Lånekassen frå og med hausten

No nærmar studieåret 2020-2021 seg slutten for mange. Her er informasjon om regelendringane som gjeld for neste studieår.

Deltidsstudentar kan få lån og stipend i meir enn åtte år

Fram til studieåret 2021-2022 har studentar hatt rett til totalt åtte år med lån og stipend frå Lånekassen. No blir denne grensa endra, og dette har først og fremst konsekvensar for deltidsstudentar. Frå og med studieåret 2021-2022 kan ein student få lån og stipend til utdanning som utgjer inntil 480 studiepoeng eller tilsvarande. Dette tyder at deltidsstudentar kan få lån og stipend i lengre tid enn åtte år. Dersom studenten tek fulltidsutdanning med 60 studiepoeng kvart år, utgjer dette framleis åtte år.

Endringa har ikkje tilbakeverkande kraft. Dersom studenten har fått lån og stipend til deltidsutdanning tidlegare, vil desse periodane bli telt på same måte som før, altså som antal år med lån og stipend.

Redusert stipenddel til reiser utanfor Norden

Studentar som tek utdanning utanfor Norden, som varer i meir enn seks månader, får redusert stipenddel til reiser frå hausten 2021. Studentar som skal på utveksling i berre eitt semester, vil få det same som før. Les meir om regelendringa her

Nye reglar frå hausten 2020

Både i fjor og i år blei Lånekassens forskrifter endra for å tilpasse utdanningsstøtta til vaksne studentar. Regelendringane blir innførte fordi regjeringa ønsker å legge til rette for kompetanseutvikling gjennom heile livet. I tillegg til endringa som gjer at deltidsstudentar kan få lån og stipend i meir enn åtte år, blei følgjande endra frå hausten 2020:

  • Det er ikkje lenger eit krav om å studere minst 50 prosent av fulltid for å ha rett til lån og stipend. Søkarar får lån og stipend basert på kor mange studiepoeng dei skal ta.
  • Tilleggslån til studentar over 30 år på opptil 100 000 kroner for kvart studieår og 200 000 kroner totalt.
  • Tilleggslån for dei som er 18 år eller eldre og har barn under 16 år på inntil 50 000 kr per studieår og 100 000 kroner totalt.
  • Moglegheit til å søke om lån til ein er 50 år utan at beløpet blir redusert, mot 45 år tidlegare. I tillegg blir aldersgrensa heva for når lånet må vere tilbakebetalt, frå 65 til 70 år.

Når kan du søke om lån og stipend?

Studentar som har studieplass kan allereie no søke om lån og stipend. Dei som ikkje har studieplass, må vente med å søke til dei har fått stadfesta opptak.

På Lånekassens nettsider kan studentar sjekke kor mykje lån og stipend dei kan få.

Studentar på universitet og høgskole kan sjekke kor mykje dei kan få her

Studentar på fagskole kan sjekke kor mykje dei kan få her