Global journalistikk

Forskargruppe i global journalistikk vart godkjend i november 2013 for perioden 2014–18. Dette er ei intern forskargruppe med base i seksjon for journalistikk og mediefag, men gruppa samarbeider med forskarar frå utanlandske institusjonar, særleg Uganda Christian University og University of KwaZulu-Natal (Sør-Afrika).

Forskargruppa fokuserer på ulike tema innanfor fagområdet global journalistikk, med hovudfokus på «Media and social justice». Gruppa har hatt fire forskarkonferansar/-samlingar. Den første fann stad i Uganda i august 2014 og hadde temaet «Building capacity for changing media/journalism/communication environments in Africa». Den andre fann stad i Noreg i oktober 2015 og hadde tittelen «Global journalism symposium 2015: Values shaping our future». Den tredje konferansen var i Uganda i august 2016 og hadde tema «Media and communication in the age of regionalism» (samarbeid med Uganda Christian University og Makerere University). Den fjerde og siste er eit internt forskingsseminar som fann stad i Kristiansand i juni 2017, med tema «Media and social justice».

Forskargruppa står bak to publikasjonar. Den første var eit temanummer av Journal of African Media Studies som kom ut i desember 2016 («Building capacity for a changing media environment in Africa: A focus on training needs and gender concerns»). Det andre er ein antologi som er planlagd utgjeven i 2018 med arbeidstittel «Media and social justice in Africa».

Arbeidet i forskargruppa er nært knytt til prosjektet «Building capacity for a changing media environment in Uganda» (Norad-støtta).

 

Medlemmer

Førsteamanuensis Terje Skjerdal (leiar), NLA Høgskolen

Førsteamanuensis Carol Azungi Dralega

Høgskulelektor Liv Iren Hognestad, NLA Høgskolen

Førstelektor Kåre Melhus, NLA Høgskolen

Professor Oddgeir Tveiten

Førsteamanuensis Chris Wales, NLA Høgskolen