Kunstnarisk utviklingsarbeid

Sidan tusenårsskiftet er det satsa på å utvikla kunstnarisk utviklingsarbeid (KU)/Artistic Research ved høgare utdanningsinstitusjonar i Norge. Eit nasjonalt program for kunstnarisk utviklingsarbeid vart etablert i 2003 . Definisjonen av KU kan verta forstått på ulike måtar, men UHR-utredninga Vekt på kunst (2007definerer kunstnarisk utviklingsarbeid slik:

Kunstnerisk utviklingsarbeid dekker kunstneriske prosesser som fører fram til et offentlig tilgjengelig kunstnerisk produkt. I denne virksomheten kan det også inngå en eksplisitt refleksjon rundt utviklingen og presentasjonen av kunstproduktet.

Forskargruppa bidreg med å auka kunnskapen og refleksjonen om KU, styrka forskningssamarbeidet mellom dei estetiske fagseksjonane på NLA og skapa nettverk mellom kunstfagstilsette på høgare utdanningsinstitusjonar i Bergen.

Medlemmane har eigne kunstnariske utviklingsarbeid, og gruppa tilbyr eit forum for å presentera arbeid under utvikling og drøfta innhald, metodar, kvalitet, publisering, finansiering og liknande.

Målet er å bidra til ein høgare standard på kunstnarisk utviklingsarbeid, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, gjennom å skapa offentleg tilgjengelege kunstarbeid og delta i dei kunstnariske og  akademiske drøftingane i feltet.

Medlemmar

  • Ruth Hol Mjanger (leiar), førstelektor i drama, NLA Høgskulen, Avdeling for lærarutdanning
  • Anne Guro Schmidt Antun, høgskulelektor i kunst og handverk, Avdeling for lærarutdanning
  • Ingrid Mostad Braaten, høgskulelektor i musikk, NLA Høgskulen, Avdeling for lærarutdanning
  • Torkell Bernsen, førsteamanuensis i motion graphics and 3D design. Universitetet i Bergen, Fakultet for kunst, musikk og design, Avdeling for design
  • Irene Eknes Fanebust, høgskulelektor i kunst og handverk, Avdeling for lærarutdanning
  • Odd Torleiv Furnes, førsteamanuensis i musikk, NLA Høgskulen, Avdeling for lærarutdanning
  • Åse Kvalbein, høgskulelektor i kunst og handverk, Høgskolen på Vestlandet, Avdeling for lærarutdanning 
  • Ane Malene Sæverot, høgskulelektor i pedagogikk, Avdeling for lærarutdanning