NatForsk
NatForsk er ei relativt nydanna forskargruppe der vi arbeider med å byggje opp forskarkompetanse innan naturfagdidaktikk ved NLA Høgskolen. Vi møtast for å dele idear og erfaringar, drøfte faglitteratur, gje tilbakemeldingr på forskingsarbeid og å planleggje og setje i gang nye forskingsprosjekt. Medlemer frå andre institusjonar er velkomne til å delta i forskargruppa NatForsk.
Målsettinga for NatForsk er å styrkje NLA Høgskolen sin kompetanse innan naturfagdidaktisk forskingsarbeid.
Vi legg opp til å møtast kvar månad. Då legg vi vekt på å:
- Drøfte aktuell forskingslitteratur
- Dele erfaringar og idear knytt til deltakarane sine forskingsprosjekt
- Gje tilbakemelding på presentasjonar og manuskript
Andre aktivitetar:
- Planlegge og gjennomføre nye forskings- og utviklingsprosjekt innan naturfagdidaktikk
- Deltaking i det nyoppretta studiet «Naturfagdidaktikk for lærerutdannere», i regi av Naturfagsenteret og Universitetet i Oslo.
Forskingstema
- Utforskande undervisingsmetodar, inkludert «flipped classroom»
- Korleis ein kan redusere «plant blindness» hjå lærarar og elevar
- Implementering av teknologi og design i skulen
- Online undervising
- Barns motivasjon for å lære naturfagdidaktikk
Medlemer i forskargruppa
- Heidi Iren Saure, leder, førsteamanuensis ved NLA Høgskolen Bergen (Breistein)
- Sigve Ladstein, førstelektor ved NLA Høgskolen Bergen (Breistein)
- John Skartveit, førsteamanuensis ved NLA Høgskolen Bergen (Breistein)
- Geir Olav Toft, høgskolelektor ved NLA Høgskolen Bergen (Breistein)
- Alette Aasvold, høgskolelektor ved NLA Høgskolen Bergen (Breistein)
- Marit Helene Lie, NLA Høgskolen Oslo
- Endre Knudsen, NLA Høgskolen Oslo