Religion og kultur

Forskargruppa, som har kompetanse innanfor faga teologi, filosofi, kulturvitskap og religionsvitskap, arrangerer kvart år eit symposium til eit tema i krysningspunktet mellom religion og kultur. Dette feltet er i vår aktuelle kultursituasjon brennbart både nasjonalt og internasjonalt, og me finn det viktig å tematisera det på ulikt vis i ein seriøs fleirfagleg samanheng. På symposiet legg medlemmene av forskargruppa og ev. inviterte forskarar utanfrå fram manus til ulike spørsmålsstillingar knytte til det aktuelle symposietemaet. Symposiet sitt arbeid resulterte i 2009 i artikkelsamlinga Religion og kultur. I 2014 gav me ut antologien Religionen og verdigrunnlaget for samfunnet. Studiar til grunnlovsjubileet 2014. Ei tilrettelagd tysk utgåve kom ut i 2015. Det er planlagt ein ny antologi med arbeidstittel What on earth is ‘religion’? Religion, the name and the concepts.

Medlemmer

Fyrsteamanuensis Hans Bringeland, NLA Høgskolen (leiar)

Professor em. Arve Brunvoll, NLA Høgskolen

Professor Kåre Berge, NLA Høgskolen

Fyrsteamanuensis Mona Helen Farstad, NLA Høgskolen

Fyrsteamanuensis Gunnar Innerdal, NLA Høgskolen

Stipendiat Inge Andersland, NLA Høgskolen

Professor Nils Gilje, AHKR, Universitetet i Bergen/OsloMet