15 prosent fleire søkjarar til NLA

Over 6.600 studentar har søkt på studiar ved NLA Høgskolen frå hausten av. Det er omlag 15 prosent fleire enn førre skuleår.

Erik_Waaler_nyhetsbilde.jpgDei fleste studietilboda har auka og i alt er NLA ført opp 8.505 gongar på søknadar i Samordna Opptak. Det er ein auke på heile 20 prosent frå i fjor.

Langvarig positiv trend

Dei siste åra har NLA Høgskolen hatt ein jamn auke av søkartal, og høgskulen har omlag dobla talet på søkarar i løpet av dei siste fire åra.

– For komande skuleår har både totalt tal på søkjarar og talet på dei som har ført opp NLA som fyrsteval, ein svært gledeleg auke, forklarar rektor Erik Waaler.

981 har NLA Høgskolen som fyrsteval. Det er ein auke på 16 prosent frå i fjor.

– Studiebarometeret har vist at våre studentar set pris på den tette oppfylginga vi kan gje og eg trur NLA vinn stadig nye studentar på vårt gode studiemiljø, seier Erik Waaler.

Journalistikk som betyr noko

På års- og bachelorutdanningane i journalistikk er målet å utdanne journalister som kan gjere ein forskjell både for enkeltpersoner og i samfunnet generelt. Søkjartala, med ein auke på nesten 20 prosent, syner at tilbodet er ettertrakta.

– Journalistutdanninga vår i Kristiansand er anerkjent og har eit godt rykte i både andre studiemiljø og arbeidsmarknaden, og vi ser at mange er interessert i å rette fokus på ein journalistikk som betyr noko, forklarar Waaler.

Fleire vil verte lærarar

Lærarutdanningane til NLA har totalt fått plass 1.847 gongar på søknader i Samordna Opptak – ein auke på tolv prosent. Særleg har søknaden til barnehagelærarutdanninga vore god med 660 søkjarar. Det er ein god auke i fyrstevalssøkjarar til grunnskolelærarutdanninga for 1.-7. trinn, noko som kan sjåast i samanheng med regjeringa sitt vedtak om tilbakebetaling av studielån.

– Her har det vorte litt flytting av søkjarmasse på grunn av denne tilbakebetalinga, men uansett er det svært gledelig at stadig fleire vil ta desse utdanningane og gå inn i eit slikt meiningsfullt yrke, seier rektor Erik Waaler.

Hauge inspirerer

NLA Høgskolen tilbyr to bachelorgrader innan økonomifeltet under namnet Hauge School of Management som har vorte svært ettertrakta. I år er desse studiane ført opp over 2.000 gongar på søknadar til Samordna Opptak og over 200 søkarar har eit av dei på fyrsteplass.

– Våre økonomistudiar har eit spesielt fokus på entreprenørskap og etikk, noko som det er trong for innan økonomiutdanning. I tillegg har vi ei god mentorordning for studentane. Dette er med på å gjøre studiet attraktivt, og ikkje minst med på å gjøre studentane godt kvalifisert for arbeidslivet, meiner Waaler.

God vekst i samla søkartal

Søkjartala varierer noko mellom alle studiane, men nesten alle studieretningane har ein vekst i total søknadsmasse og i tal på fyrstevalssøkjarar.

– Det er gledeleg at vi og får sjå ein auke i dei kristendomsfaglege utdanningane våre. Vi meiner vi har ein viktig rolle å fylle for å utdanne nye generasjonar til dei mange viktige oppgåvene dei kristne organisasjonen og kyrkja har framover.

– Alle utdanningane vi har, er tufta på at vi skal få vere med å utdanne studentane til å utgjere ei forskjell for dei som dei møter i sitt framtidige yrkesliv, forklarar rektor Waaler.

Av Steinar M. Heggen - Publisert 20.04.2017. Oppdatert 20.04.2017

4 siste nyheter:
Trenger du noen å snakke med?
Den nye studentpresten ved NLA Høgskolen i Bergen er opptatt ...
En livsnær kirke - hvordan våge å være nær livet
Meld deg på seminaret som NLA Høgskolen og Sjømannskirken a...
Humans not for sale! Listening to, learning from and living in solidarity with the people on the margins of society
Åpent seminar med Chandran Paul Martin i Sandviken mandag 13....
Beslutningsvegring - et ledelsesproblem
Professor Paul Otto Brunstad har gitt ut boken "Beslutningsveg...