Nynorsk for de minste

Eli Bjørhusdal (Høgskulen på Vestlandet) og Ingvil Brügger Budal (NLA Høgskolen) har skrevet boken "Nynorsk med dei minste".

Tidleg og systematisk innsats med språk gir barn ein fordel i møte med skulen. Barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, treng å møte skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen. 

Boka er den første større publikasjonen som tek føre seg arbeid med nynorsk språkstimulering med dei minste. Her er vitskaplege artiklar om grunnar for å drive systematisk språkstimulering på nynorsk, om korleis språk og nynorsk blir omtala i årsplanane til barnehagane, om barneskriftkultur, om dialektar og stadnamn som pedagogisk ressurs, om litteratur og kvalitet, og sjølvsagt om lesing og skriving på nynorsk i barnehagen. I boka finst ei rad framlegg til didaktiske opplegg i spennet frå nynorske songar til nynorske appar, og dessutan kunstnariske bidrag frå kjende barnebokforfattarar. 

Målgruppa er studentar, faglærarar og forskarar i høgare utdanning, tilsette i barnehagar og skular og alle som arbeider med nynorsk språkstimulering i praksis og administrativt. 

Eli Bjørhusdal (Høgskulen på Vestlandet) og Ingvil Brügger Budal (NLA Høgskolen) er begge førsteamanuensisar i norsk og har lang røynsle frå arbeid i lærar- og barnehagelærarutdanningane.

Brügger Budal held føredrag om dette på Klart vi les! i Bergen på onsdag, eit innlegg om det på Kronstad 7.11, deretter om kvelden same dag i Losjen. Lanseringsseminar er anten 21.11 eller 11.12.

Nynorsk.1.jpg

Eli Bjørhusdal og Ingvil Brügger Budal

Av Solfrid Øvrebø Ebbesen - Publisert 25.10.2017. Oppdatert 26.10.2017

4 siste nyheter:
Trenger du noen å snakke med?
Den nye studentpresten ved NLA Høgskolen i Bergen er opptatt ...
En livsnær kirke - hvordan våge å være nær livet
Meld deg på seminaret som NLA Høgskolen og Sjømannskirken a...
Humans not for sale! Listening to, learning from and living in solidarity with the people on the margins of society
Åpent seminar med Chandran Paul Martin i Sandviken mandag 13....
Beslutningsvegring - et ledelsesproblem
Professor Paul Otto Brunstad har gitt ut boken "Beslutningsveg...