Alfred Hauge jubileum

I haust arrangerer Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Volda og NLA Høgskolen konferanse ved Ulstein kloster om Alfred Hauges forfattarskap.

alfred_hauge.jpg

Forfattarskapen til Alfred Hauge femnar vidt og har engasjert mange lesara,
og er tema for konferansen som vert arrangert på Ulstein kloster i Haust.

Historiske romanar, samtidsdiagnosar, framtidsvyer – tradisjonelle romanar, eksperimentelle romanar – realisme, visjonar – lyrikk, salmedikting – sjølvbiografiar,  biografiar, reiseskildringar, essay.

Forfattarskapen til Alfred Hauge femnar vidt og har engasjert mange lesarar.  Hauge arbeidde som lærar, forlagsmann og journalist i tillegg til å vere folkekjær og kritikarrost forfattar, kanskje best hugsa for trilogien om Cleng Peerson.

Hauges litteratur utviklar seg frå det tradisjonelle til det eksperimentelle og rommar eit spenn mellom historisk tematikk, barsk realisme og fabulering. Utover i forfattarskapen utforskar han i stadig større grad potensialet i fiksjonslitteratur. Utgivinga av Mysterium i 1967, den første og eksperimentelle boka i Utstein-kloster syklusen, markerer eit viktig skilje i forfattarskapen.

Siste helga i oktober møtest vi ved Utstein kloster til konferanse med søkelys på Alfred Hauges forfattarskap.

Litteraturforskarar og historikarar vil sjå nærare på fleire sider av den rikhaldige litterære produksjonen til Hauge.

Det vert føredrag av mellom andre Jan Inge Sørbø, Benedikt Jager, Ingeborg Kongslien, Irene Engelstad og Magne Drangeid. Konferansen er open for alle interesserte, og diskusjonane er også opne for alle. Ein kan melde seg på heile konferansen, ein av dagane eller berre til kulturkvelden, der Hauge-tekstar vert framførte i kyrkja ved Ustein kloster. Det er også høve til å melde seg på festmiddag.

Påmelding til www.deltager.no

Konferanse:
To dagar:         1000,- (stud.: 500,-)
Ein dag:             625,- (stud.: 315,)

Konferanseavgifta inkluderer lunch og kaffipauser. Deltakarar ordnar overnatting og påmelding til festmiddagen sjølv (mot tilleggsavgift, kontakt Utstein kloster).  

 

Av Steinar M. Heggen - Publisert 20.08.2015. Oppdatert 26.08.2015

4 siste nyheter:
- Jeg føler meg som en underdog
Malin Joneid Ellefsen har ikke seilet lett gjennom rundene i T...
- Å synge på TV er en ære
Mirjam Johanne Omdal (26) hadde egentlig ikke noe ønske om de...
Konkurrerer om tittelen ”Norges beste stemme”
Tidligere NLA-student Olaves Fiskum har gjennom det populære ...
Slik åpnet Gimlekollen verden for Håvard
Studieturen med Gimlekollen for snart ni år siden ble starten...