Kyrkjevalet: Du kan røysta på førehand

Viss du vil røysta ved kyrkjevalet, men ikkje er heime på valdagen den 14. september, kan du røysta på førehand i Bergen. Fristen er 1. september dersom du ikkje er folkeregistrert her i byen.

glasmaleri.jpg

Ved Kyrkjevalet 2015 skal det veljast sokneråd og leke medlemer til bispedømerådet. Valet er same dag som kommune- og fylkestingsvalet, 14. september 2015.
Alle døypte medlemer av Den norske kyrkja som er over 15 år, eller som fyller 15 år i 2015, kan røysta.

Førehandsrøysting
Dersom du vil røyste ved kyrkjevalet og ikkje er på heimstaden din på valdagen, kan du røyste på førehand ved dei fleste kyrkjekontor fram til 1. september. Fristen er sett for at ein skal få tid til å senda røystene til det soknet der veljaren høyrer heime i god tid før oppteljinga. Dersom du røystar der du høyrer heime, er fristen 10. september.

Her finn du adressene til kyrkjene i Bergen.
Det er også mogeleg å førehandsrøyste på kontoret til Bergen kirkelige fellesråd, Vestre Strømkai 7, tredje etg. (tvers over gata frå ByGarasjen/Bystasjonen).

Av Monica Linn Fürstenberg - Publisert 24.08.2015. Oppdatert 24.08.2015

4 siste nyheter:
Pest på Madagaskar
Det er pestepidemi på Madagaskar, men alle NLA-studentene som...
Siri (22) tar et semester i England
Siri Stensland er utvekslingsstudent i England og ser fram til...
- Jeg føler meg som en underdog
Malin Joneid Ellefsen har ikke seilet lett gjennom rundene i T...
- Å synge på TV er en ære
Mirjam Johanne Omdal (26) hadde egentlig ikke noe ønske om de...