Tau som fortel: Ei utstilling av Sverre Stokke

Høgskulelektor Sverre Stokke har samla tau, tau som er vakkert og tau med soge, og stiller ut i Galleri Rustica under Kystsogehelga.

sverre_stokke_utstilling.jpg

Av ein fiskar i Grisslihamn fekk Sverre Stokke dette svaret ved forsøk på å kjøpe brukt tau: «Nej tyvär, jäg kan inte sälja. Jäg behøver det til mitt fiskeri!». I fiskeværet Bleik på Andøya gjekk det ikkje betre. Fiskaren sa knapt og kontant: «Nei, eg kan ikkje selle deg nokke brukt tau. Det høre jo tell sjøbruket vårt!».

Likevel er det blitt samla rikeleg med tau. Og i Kystsogehelga opnar Sverre Stokke, høgskulelektor i kunst og handverk ved NLA Høgskolen, utstillinga «Tau som fortel», med undertittel «Sterkt og vakkert for syn og minne. Ei interaktiv utstilling».
I denne utstillinga møter publikum mengder av tau i ulike variantar. Brukt tau ber med seg minne. Gjennom korte tekstar, bilete og utstilling får publikum små glimt inn i tauet si mangfaldige verd.

- Dette er vakkert tau. Tau med sterke soger, og tau brukt til fest, seier Stokke.

Publikum kan prøve seg på knutar, spleising, takling, løfte seg sjølv ved hjelp av talje, prøve ei segldukshengekøye eller ei brudedisse.

- Temaet tau er utruleg variert og stort. Eg ønskjer at publikum skal få oppleve det vakre i ulike slag tau: Fargar, materiale, mønster, det vakre handverket. Publikum får også høyre somme soger der tau er sentralt, nokre av dei dramatiske, seier Stokke.

Utstillinga opnar laurdag 29. august kl. 12. Galleriet har ope i helger fra kl. 12 til kl. 18, og har adresse på Holmeknappen, 5918 Frekhaug. Den siste dagen for utstillinga blir 20. september.

Av Monica Linn Fürstenberg - Publisert 26.08.2015. Oppdatert 27.08.2015

4 siste nyheter:
Pest på Madagaskar
Det er pestepidemi på Madagaskar, men alle NLA-studentene som...
Siri (22) tar et semester i England
Siri Stensland er utvekslingsstudent i England og ser fram til...
- Jeg føler meg som en underdog
Malin Joneid Ellefsen har ikke seilet lett gjennom rundene i T...
- Å synge på TV er en ære
Mirjam Johanne Omdal (26) hadde egentlig ikke noe ønske om de...