Brunvoll om Bonhoeffer som diktar

Professor Arve Brunvoll vil halde førelesing om Dietrich Bonhoeffer 15. oktober. Same dag vert det konsert i Sandvikskirken.

Arve_B.jpg

Professor Arve Brunvoll. Foto: Bergen kirkelige fellesråd


Som ei oppfølging av førelesinga om teologen og motstandsmannen Dietrich Bonhoeffer, halden på Bonhoeffers dødsdag 9. april i år, vil professor Arve Brunvoll halde ei førelesing om Bonhoeffer som diktar.

Torsdag 15. oktober 2013, kl. 15.00- 16.00 Auditorium 2, NLA Sandviken.

Dikta Bonhoeffer skapte i fengslet, er ei umissande kjelde til forståinga av heile personen Dietrich Bonhoeffer, hans tankar og hans liv. Førelesinga vil særleg knyte til dei to «dødsdikta» åt Bonhoeffer, dikta «Mose død» og «Jona».


Same dagen kl. 19.30 vert det halde ein konsert i Sandvikskirken, der ei musikalsk framføring av dei nemnde dikta vil vere sentral. Komponisten Eilert Tøsse har skapt musikken til dikta. I tillegg vil vi få høyre Knut Nystedts komposisjon til eit anna av dikta åt Bonhoeffer. Musikken vert framførd av vokalgruppa YR (Wolfgang Schmid, Felicity Burbridge Rinde, Rolf J. Stewart og Eva M. Stewart), Eli Johanne Rønnekleiv, Jostein Aarvik og Sandviken kontori. Velkomen også dit!

Av Monica Linn Fürstenberg - Publisert 08.10.2015. Oppdatert 22.10.2015

4 siste nyheter:
Pest på Madagaskar
Det er pestepidemi på Madagaskar, men alle NLA-studentene som...
Siri (22) tar et semester i England
Siri Stensland er utvekslingsstudent i England og ser fram til...
- Jeg føler meg som en underdog
Malin Joneid Ellefsen har ikke seilet lett gjennom rundene i T...
- Å synge på TV er en ære
Mirjam Johanne Omdal (26) hadde egentlig ikke noe ønske om de...