”Englar frå smia”: Ei fotoutstilling av Sverre Stokke

22. november opnar Sverre Stokke, høgskulelektor i kunst og handverk ved NLA, adventsutstillinga "Englar frå smia" ved Galleri Rustica.

smiengel_nettbilde.jpg

For også i ei smie kan det finnast englar.

Utstillinga er blitt til med englar i tankane. Frå sot, kol og eld kjem bilete fram. Ulike gjenstandar har sett varige spor i glødande metallflater. Teknikken som er brukt i bileta blei oppdaga ein sommarkveld med lav sol gjennom sotete smieglas. Lyset møtte metallplate under arbeid. Fotomotivet var servert på sølvfat, og sidan har teknikken funne sine mange vegar.

I Juleevangeliet om Frelsaren som blei fødd er englar både å sjå og høyre. I adventstida har vi dei kring oss i fleire variantar. Mange av oss har førestillingar om korleis englar ser ut.

Stansar du opp ved eit bilete, kan det vere du finn ein engel, og du kan for ditt indre auge gøyme det du såg.

Dei fleste bileta er blitt til i nær fortid, og blir no vist for første gong. Nokre få har vore med på tidlegare utstillingar, men blir her presentert i nytt format. Felles for alle er skapingsprosessen. Dei er blitt til via metall, eld og kameralinse.

Bileta har ikkje namn. Eit ønskje for utstillinga er å legge til rette for at du skal få oppleve det vakre i former, flater, fargar, mønster, linjer. Kanskje kan det nøre draumar, og du kan sette dine namn på fleire av bileta. Det du ser, kan ingen andre oppleve på same vis.

Eit eventuelt overskot frå sal av bilete går til Tamboskulen i Ecuador.

Utstillinga opnar søndag 22. november kl. 16.00. Galleriet har ope laurdagar og søndagar kl. 12 – 18, og torsdagar kl. 18 – 21. Den siste dagen for utstillinga blir 13. desember. Galleri Rustica har adresse på Holmeknappen, 5918 Frekhaug.

Av Monica Linn Fürstenberg - Publisert 17.11.2015. Oppdatert 18.11.2015

4 siste nyheter:
Pest på Madagaskar
Det er pestepidemi på Madagaskar, men alle NLA-studentene som...
Siri (22) tar et semester i England
Siri Stensland er utvekslingsstudent i England og ser fram til...
- Jeg føler meg som en underdog
Malin Joneid Ellefsen har ikke seilet lett gjennom rundene i T...
- Å synge på TV er en ære
Mirjam Johanne Omdal (26) hadde egentlig ikke noe ønske om de...