Utstilling «Frå hammar, eld og ambolt»

Høgskulelektor Sverre Stokke opnar i helga ei fotoutstilling i Geilo kulturkyrkje.

DSC_0957.JPG

Sverre Stokke er lektor i Kunst og handverk ved NLA Høgskulen i Bergen. Han arbeider i fleire materialar, men helst med jarn og metall. Tidlegare har han hatt tre utstillingar med same type bilete, og ei fjerde utstilling om tauverk: «Tau som fortel». Han har også skrive boka «Å kome til, og fare frå». Denne har forteljingar frå ein bygde- og seterkultur som gav inspirasjon til mange av bileta på utstillinga her.

Utstillinga kom i stand etter invitasjon frå Geilo kulturkyrkje for vel eit år sidan. Nemnda for kunstgalleriet kom med invitasjonen etter å ha sett boka «Å kome til, og fare frå».

Det blir stilt ut kring 40 kunstfoto. Desse er blitt til ved at metallplater har blitt oppvarma i smia, fått spor av ulike gjenstandar, og sidan fotograferte. Frå Geilo kjem ein hestesko, og ein langorv som har sett merke og blitt til bilete.

- Bileta har ikkje namn. Eit ønskje for utstillinga er at kvar einskild skal få oppleve former, flater, fargar, mønster og linjer på sin eigen måte. Kanskje det kan vekke minne, og gje deg draumar. Om du ønskjer, kan du sjølv sette namn på bileta. Det du ser, kan ingen andre oppleve på same vis, seier Stokke.

Utstillinga opnar laurdag 5. mars kl. 1300, og står til slutten av mai. Eit eventuelt overskot av salet går til Tamboskulen i Ecuador.

Av Monica Linn Fürstenberg - Publisert 02.03.2016. Oppdatert 07.03.2016

4 siste nyheter:
Pest på Madagaskar
Det er pestepidemi på Madagaskar, men alle NLA-studentene som...
Siri (22) tar et semester i England
Siri Stensland er utvekslingsstudent i England og ser fram til...
- Jeg føler meg som en underdog
Malin Joneid Ellefsen har ikke seilet lett gjennom rundene i T...
- Å synge på TV er en ære
Mirjam Johanne Omdal (26) hadde egentlig ikke noe ønske om de...