Nye lærebøker i kristendomskunnskap

NLA Høgskolen er ein viktig bidragsyter til utviklinga av lærebøker i kristendomskunnskap for kristne grunnskuler og vidaregåande skuler. I haust kom første lærebok for vidaregåande og andre bind i serien for mellomtrinnet.

Professor Njål Skrunes har vore redaktør saman med Ole Johnny Møyholm frå Tryggheim vidaregåande skule for den nye læreboka for VG1 og VG2. Læreboka er retta mot elever både i studieforberedande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Boka er etterspurt og var allereie då den vart utgjeve seld til mange vidaregåande skoler.

Andre bind i serien «Troens vei» kom og ut til skulestart. Høgskulelektor i KRLE, Berit Nøst Dale er redaktør for denne boka, som er ei lærebok for 5.-7. trinn i grunnskulen. Boka har undertittel «Kristendommen før og nå» og boka gir skuleelevene kunnskap om kyrkja si historie, dei kristne høgtidene, troslære, etikk og misjon, samt konfesjonskunnskap.

Begge dei to bøkene er vorte til i tett samarbeid med kristne skular og deira eigarar, gjennom bidrag på forfattarsida, konsulenthjelp og økonomisk støtte.

Frå før har NLA vore med i utviklinga av fire lærebøker for ungdomstrinnet under tittelen «Tro som bærer»

Alle bøkene kan bestillast hos NLA på telefon 55 54 07 00 eller post@nla.no. Du kan og lese om dei på våre nettsider www.nla.no/lærebok

 

Av Sissel Myklebust Mæland - Publisert 14.09.2016. Oppdatert 15.09.2016

4 siste nyheter:
Pest på Madagaskar
Det er pestepidemi på Madagaskar, men alle NLA-studentene som...
Siri (22) tar et semester i England
Siri Stensland er utvekslingsstudent i England og ser fram til...
- Jeg føler meg som en underdog
Malin Joneid Ellefsen har ikke seilet lett gjennom rundene i T...
- Å synge på TV er en ære
Mirjam Johanne Omdal (26) hadde egentlig ikke noe ønske om de...