Vil stimulere til teologisk samtale

Professor Oddvar Johan Jensen er medredaktør for boka «Reformasjon nå» som ble utgitt hausten 2016. Boka har som mål å stimulere til ein fornyande teologisk samtale fram mot reformasjonsmarkeringa i år.

Åtte sentrale tema

Boka tek for seg åtte ulike teologiske tema innan kyrkja si praksis kor det kan ligge spenningar mellom den reformatoriske teologien og vår tid.  Redaktørane har vald tekster frå Martin Luther og stilt dei opp mot nyare teologiske tekstar innan emna Gud, Dåp og Antropologi, Evangeliets levende stemme, Døden og dei døde, Spiritualitet og mystikk, Luther og «dei andre», Familie, kjønn og samliv og Reformasjon og sosial endring. «Temaene belyser menneskets forhold til Gud og dets plass i verden, samfunnet og familien, kirkens rolle i dette samfunnet og forholdet mellom det kirkelige, lutherske «vi» og «de andre»», skriv redaktørane i forordet.

Vidareutdanning for prestar.

Også førsteamanuensis Bård Eirik Hallesby Norheim har bidrege i boka med artikkelen «Det som skjer i dåpen og det som skjer etter dåpen». Jensen har bidrege som medredaktør innanfor Spiritualitet og mystikk og Reformasjon og sosial endring og har skrive innleiingane til desse tema. Luther og reformasjonen er tema for eit aktuelt vidareutdanningsopplegg prestar i Den norske kyrkja, og denne boka vert pensum i dette. NLA Høgskolen har ansvar for denne vidareutdanninga for Sør-Hålogoland og Møre bispedømer.

Samarbeid

Boka er blitt til i eit samarbeid mellom Det teologiske fakultet ved UiO, Det praktisk teologiske seminar, Det teologiske Menighetsfakultet, VID vitenskapelige høgskole, NLA Høgskolen og Presteforeininga.  Ho er gitt ut på Eide forlag. Per Kristian Aschim som er rådgjevar i Presteforeininga, og Tarald Rasmussen, som er professor i kyrkjehistorie ved UiO,  er redaktørar for boka.

Oddvar Johan Jensen deltek på konferansen «Reformasjonen: en forutsetning for demokrati og velferd» 7. mars kl. 10-16 i Universitetets Aula under Lutherfesttdagane 3.-7. mars i Bergen. Same dag vert det arrangert  folkemøte på Litteraturhuset kl. 19, kor professor Magne Supphellen deltek. Det har tema «Reformasjonen: en vellykket eksportvare?» Sjå program for jubileet i Bergen

Av Sissel Myklebust Mæland - Publisert 15.02.2017. Oppdatert 15.02.2017

4 siste nyheter:
Trenger du noen å snakke med?
Den nye studentpresten ved NLA Høgskolen i Bergen er opptatt ...
En livsnær kirke - hvordan våge å være nær livet
Meld deg på seminaret som NLA Høgskolen og Sjømannskirken a...
Humans not for sale! Listening to, learning from and living in solidarity with the people on the margins of society
Åpent seminar med Chandran Paul Martin i Sandviken mandag 13....
Beslutningsvegring - et ledelsesproblem
Professor Paul Otto Brunstad har gitt ut boken "Beslutningsveg...