Seminar – Vedkjenningsskriftene i ny bok

Seminar på NLA Høgskulen, Sandviken, 9. mai - Kl 10.00-14.30 i samband med ny utgåve av Den norske kyrkja sine vedkjenningsskrifter.

Arve_Brunvoll.jpgEi storhending finn stad i Luther-året 2017: Professorane Arve Brunvoll og Kjell Olav Sannes har dei siste åra arbeidd saman om ei heilt ny utgåve av Den norske kyrkja sine vedkjenningsskrifter, som både er ei ny omsetjing og ein revisjon. 

For snart 50 år sidan gav Brunvoll ut «Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja», ei «omsetjing med innleiingar og notar», som det heitte. Sidan har boka kome i stadig nye opplag, både på nynorsk og bokmål, og har hatt status som eit «must» for fleire generasjonars studentar. 

Kjell Olav Sannes har arbeidd med den augsburgske vedkjenninga (CA) det meste av sitt yrkesaktive liv. No presenterer Brunvoll og Sannes saman resultatet av samarbeidet sitt. 

Fleire teologar og forskarar på Luther og vedkjenningsskriftene vil bidra til programmet denne dagen. Det vert høve til å kjøpa boka – og lunsj i kantina.

Seminar på NLA Høgskulen, Sandviken, 9. mai - Kl 10.00-14.30 

Program

Kva er det å vera luthersk i 2017?

10.00: Introduksjon av tema og talarar         

10.15: Oswald Bayer: Luther ahead (of us)

11.00: Oddvar J. Jensen: Luther og luthersk - historisk og økumenisk

11.30: Samtale etter føredraga

12.00: Lunsj

12.30: Torleiv Austad: Hvilken betydning har våre bekjennelsesskrifter i dag?

13.00: Arve Brunvoll/Kjell Olav Sannes: Prosjektet, prosessen og
prinsippa – om arbeidet med vedkjenningsskriftene

13.45: Samtale

14.30: Slutt

Av Steinar M. Heggen - Publisert 27.04.2017. Oppdatert 09.05.2017

4 siste nyheter:
Pest på Madagaskar
Det er pestepidemi på Madagaskar, men alle NLA-studentene som...
Siri (22) tar et semester i England
Siri Stensland er utvekslingsstudent i England og ser fram til...
- Jeg føler meg som en underdog
Malin Joneid Ellefsen har ikke seilet lett gjennom rundene i T...
- Å synge på TV er en ære
Mirjam Johanne Omdal (26) hadde egentlig ikke noe ønske om de...