Emnebeskrivelse

VUPPT301 Organisasjonsutvikling og innovasjonsarbeid i barnehage og skole. Videreutdanning for PPT - modul 1 (Høst 2017)

Navn VUPPT301 Organisasjonsutvikling og innovasjon i barnehage og skule. SEVU-PPT modul 1
Studiepoeng 15
Undervisningssemester Høst
Studiested

Sandviken, Bergen

Forkunnskapskrav

Relevant utdanning på bachelornivå.
Tilsetting i PPT.

Nivå

Master

Innledning

Første del av eit 30 stp vidareutdanningstilbod - Organisasjonsutvikling og endringsarbeid, som er del av den nasjonale 5-årige satsinga SEVU-PPT (Strategi for etter- og vidareutdanning for PP-tenesta)

Overordna mål er å styrke deltakarane sin kompetanse i organisasjonsutvikling og endrings­arbeid i barnehage og skule.

  1. Deltakarane skal bli betre i stand til å analysere behovet for organisasjonsutvikling og tileigne seg kompetanse til å planlegge og gjennomføre endringsarbeid i samhandling med barne­hage og skule.
  2. Deltakarane skal tileigne seg kunnskap om ulike teoretiske, metodiske og pedagogiske tilnærmingar som til saman bidreg til å forstå korleis, barnehage, skule og PP-teneste fungerer som organisasjonar, og korleis utviklingsprosessar kan gjennomførast.

Det vil vere søkelys på kva rolle PPT har, og kva dei kan bidra med inn i barnehage og skule. Med det som utgangspunkt vil studiet fokusere på utfordringar knytt til endringskraft og motstand mot endring, poten­sialet i tverrprofesjonelt / tverretatleg samarbeid, samt ved­taks­­prosessar på organisasjon, gruppe og individnivå. Vidare utvikle dugleik i å analysere og handtere struktur og kultur i organisa­sjonar.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten har Inngåande kunnskap om

  • PP-tenestas rolle og funksjon, samt forsking knytt til PPT
  • Relevante lover og forskrifter for PPT, barnehage, skule
  • Prinsipp for god pedagogisk praksis i ordinær undervisning og spesialundervisning, og pedagogisk praksis i barnehagen
  • PPT, barnehage og skule som organisasjonar
  • Lærings- og endringsprosessar i organisasjonar
  • PPT og systemretta arbeid / samarbeid

Dugleik:

Studenten

  • Kan anvende kunnskap om organisasjonar og systemisk arbeid i endrings- og utviklingsarbeid i barnehage og skule
  • Kan analysere og tolke relevante lover og forskrifter for barnehage og skule
  • Kan identifisere, analysere og reflektere over faktorar som hemmar og fremjar læring og utvikling i organisasjonar
  • Kan analysere og anvende prinsipp for god pedagogisk praksis i planlegginga av endrings- og utviklingsarbeid
  • Kan vurdere og planlegge endrings- og utviklingsarbeid i eigen og andre organisasjonar

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan anvende kunnskap og ferdigheiter til utforming av eigen rolle og funksjon som tilsett i PPT
  • Kan analysere etiske problemstillingar knytt til utviklings- og endringsarbeid i barnehage og skule
  • Kan kommunisere faglege og etiske utfordringar når det gjeld endring av pedagogisk praksis med barn / elevar, føresette og andre samarbeidspartnerar på ein respektfull måte
  • Kan bidra til innovasjon i PPT, barnehage og skule med sikte på eit godt tilbod for heile mangfaldet av barn og unge
  • Har utvikla eigen refleksjon knytt til dei dilemma som barnehage og skule må handtere når det gjeld utforming av tilbod for heile mangfaldet av barn og unge

Innhold

  • Klargjering av personleg profesjonell ståstad  eigen organisasjon
  • Fagleg handlingsrom innanfor relevante lover og forskrifter
  • Systemretta arbeid i PP-tenesta
  • Kjenneteikn ved lærande organisasjonar
  • Lærings- og endringsprosessar i organisasjonar og utvikling av positive organisasjonskulturar
  • PPT, skular og barnehage som organisasjonar, og kva som skil dei frå kvarandre og frå andre type organisasjonar
  • Prinsipp for god praksis i ein inkluderande barnehage og skule
  • Tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid
  • Konfliktar og konflikthandtering

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet er samlingsbasert med tre samlingar (3- 2- 2 dagar).

Skriftleg og praktisk førebuing / etterarbeid som knyter forsking / teori og konkrete utfordringar i eigen praksis saman. Tilgang til felles læringsplattform med læringsressursar, rettleiing mellom samlingane og rom for gruppedrøfting / erfaringsutveksling.

 

Samlingar

1.samling (3 dagar): Systemkunnskap

  • Forventningar, informasjon, gruppe-etablering
  • Pedagogisk credo
  • PPT og kommunen, forsking om PPT
  • PPT, barnehagar og skular som organisasjonar
  • Endringsarbeid i eigen kommune / region
  • Å vere barn og ungdom i dag, haldningar  og verdiar som grunnlag for god praksis
  • Førebuing av heimeoppgåve
  • Skriving; skriving for å lære, akademisk skriving

2.samling (2 dagar): Endring for god praksis

  • Tilpassa opplæring i profesjonsfellesskapet i eit endringsperspektiv
  • Etiske, faglege og praktiske dilemma i barnehage og skule, konsekvensar for PPT
  • God praksis i ein inkluderande   barnehage og skule
  • Konflikt og konflikt-handtering i   samarbeid med føresette, barnehage / skule og andre
  • Utfordringar i eigen kommune / region,  prioritering av utviklingsarbeid

3.samling (2 dagar): Individet i systemet

  • Førebygging og tidleg innsats: samarbeid og rettleiing på individ- og systemnivå
  • Tverretatleg samarbeid i kommunen og med andre
  • Individ og system – ein spesialpedagogisk arbeidsmodell
  • Revidert klargjering av eigen og organisasjonen sin ståstad
  • Planar for endrings-arbeid i eigen kommune / region
  • Oppsummering, evaluering, eksamen og vegen vidare

Evaluering

NTNU gjennomfører evaluering av tilbodet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

NLA gjennomfører i tillegg eigen deltakarevaluering i form av spørjeskjema. Dialogbasert eigenevaluering vert gjennomført i fellesskap  av involverte fagpersonar. Emneansvarleg tek og del i felles evaluering koordinert av NTNU saman med dei andre institusjonane som tilbyr same emne.

Eksamens- og vurderingsordninger

Arbeidskrav:

  • Deltaking på samlingane (minimum 80%).
  • Presentasjon av utvald utfordring / endringsarbeid i eige praksisfelt, munnleg og skriftleg, med støtte i teori og nettbasert rettleiing.

Arbeid utanom samlingane (It's learning vert nytta som kommunikasjonsplattform):

  • Før første samling; eit kortfatta notat om forventningar til studiet.
  • Etter første samling startar utforminga av ein tekst der ein med basis i teori og ved hjelp av rettleiing på nett vurderer utfordringar på eigen arbeidsplass / kommune, prioritering av problemstilling(ar) for endringsarbeid og ei første skisse til eige utviklingsprosjekt. Problemstillingane må drøftast på eige PP-kontor.
  • Førebu munnleg presentasjon av dette på siste samling.
  • Gi respons på nettet til ein medstudent i eigen gruppe på tekst / problemstilling.

Vurderingsuttrykk: Godkjent/ikkje godkjent


Avsluttande vurdering:

Føreset at arbeidskrava er godkjende.

  • Skriftleg individuell semesteroppgåve på om lag 4500 ord om endringsarbeid knytt til eigen arbeidsplass. Basert på teori og med utgangspunkt i skisse / tekst suksessivt utforma i løpet av studiet.

Vurderingsutrykk: Greidd/ikkje greidd.

Tilatt hjelpemiddel: Alle

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Andre bestemmelser

Deltakarar må vere tilsett i PP-tenesta.

Studiet utgjer 15 sp på masternivå og er ein føresetnad for opptak på modul 2 Utviklingsarbeid, endringsprosessar og implementering.

Søknad om opptak sendast Utdanningsdirektoratet.

Pensum

Totalt ca. 800 sider felles litteratur. I tillegg ca. 200 sider sjølvvald litteratur, til dømes ulik litteratur knytt til barnehage eller vidaregåande opplæring. Kan veljast ut frå liste over relevant tilleggslitteratur som vert lagt fram ved studiestart. Vi vil i tillegg fortløpande informere om ny aktuell litteratur som vil kome i løpet av studiet.

Hovudbøker:

Jenssen E. & K. Roald (2014). Tilpasset opplæring i skolens arbeidsfelleskap. Bergen: Fagbokforlaget. Kap 1, 2 og 3 (80 sider).

Roald, K. (2012).Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring. Når skole og skoleeigar utviklar kunnskap. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 3 og 4 Appendix (73 sider)

I tillegg:

Ertesvåg, S. K. (2012). Leiing av endringsarbeid i skulen. Oslo: Gyldendal Akademisk (180 s)

Eller:

Ertesvåg, S. K., & Roland, P. (2013). Ledelse av endringarbeid i barnehagen. Oslo: Gyldendal Akademisk (220 s)

I tillegg:

Reegård, K., & Rogstad, J. (Eds.). (2016). De frafalne. Om frafall i videregående opplæring - hvem er de, hva vil de og hva kan gjøres? Oslo: Gyldendal akademisk. Kap. 1, 2, 4 og 5. (102 sider)

Eller:

Børhaug, K. & K. H. Moen (red), Politisk-administrative rammer for barnehageledels). Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 1-6 (122 sider)

Litteratur som er tilgjengeleg i elektronisk kompendium (på Itslearning):

Arnesen, A., & Sørlie, M.-A. (2014). Forebyggende arbeid i skolen. I: E. Befring, I. Frønes, & M.-A. Sørlie (red.), Sårbare unge. Nye perspektiver og tilnærminger (s. 86-102). Oslo: Gyldendal Akademisk.

Brunstad, P.O. (2001) Læreren under kjedsomhetens tyranni. I: Trygve Bergem (red.) Slipp elevene løs! Artikler med søkelys på lærerrollen. (s. 118 – 131). Oslo: Gyldendal Akademisk.

Gilje, J. (2015). Kan pedagogisk credo-tenkning selvstendiggjøre personen og pedagogen? I: Brunstad, P.O. & S.M. Reindal (red.) Eksistens og pedagogikk.(s.23-39). Oslo: Universitetsforlaget.

Glosvik, Ø. (2007). Tekstar som starthjelp i organisasjonsrefleksjon – ein mogleg vegvisar til den lærande organisasjonen. I: Matre, S. (red.) Skrive for nåtid og framtid, bind 1. (s. 107-119). Trondheim: Tapir Akademiske.

Kreyberg, E. (2016). Samarbeid når eleven har psykiske plager. I: E. Bru, E. C. Idsøe, & K. Øverland (red.), Psykisk helse i skolen (s. 271-290). Oslo: Universitetsforlaget.

Mjøs, M. (2016). Spesialpedagogikkens rolle i en skole for alle. I: R. Hausstätter & S. M. Reindal (red.), Spesialpedagogikk: fagidentitet og samfunnsnytte (s. 84-98). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Pedersen, H. og Einarsen, S. (2011). Arbeidsmiljøloven som rettesnor for det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet. I: S. Einarsen og A. Skogstad (red.) Det gode arbeidsmiljø: krav og utfordringer. (s.392-419.). Bergen: Fagbokforlaget.

Roland, P., Øverland, K., & Byrkjedal-Sørby, L. J. (2016). Alvorlige atferdsvansker - forskning og tiltak relatert til skolekonteksten. I: E. Bru, E. C. Idsøe, & K. Øverland (red.), Psykisk helse i skolen (s. 156-175). Oslo: Universitetsforlaget.

Skårbrevik, K. J. (1999). Forsking om det spesialpedagogiske støttesystemet. I: P. Haug, J. Tøssebro & M. Dalen (red.), Den mangfaldige spesialundervisninga (s. 235-257). Oslo: Universitetsforlaget AS.

Westergård, E. (2015). Implementering av "Den utfordrende samtalen" mellom foreldre og lærere. I: P. Roland & E. Westergård (red.), Implementering. Å omsette teorier, aktiviteter og strukturer i praksis (s. 136-150). Oslo: Universitetsforlaget.

Willumsen, E. (2009a). Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og utdanning i helse- og sosialsektoren I: E. Willumsen (red.), Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og i utdanning- og helsesektoren (s. 16-32). Oslo: Universitetsforlaget.

Willumsen, E. (2009b). Tverrprofesjonelt samarbeid og ledelse. : E. Willumsen (red.). Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og i utdanning- og helsesektoren (s. 129-140). Oslo: Universitetsforlaget.

Willumsen, E., & Ødegård, A. (2014). Tverrprofesjonelt samarbeid -en fortsettelse. I: E. Willumsen & A. Ødegård (red.), Tverrprofesjonelt samarbeid: et samfunnsoppdrag (s. 13-30). Oslo: Universitetsforlaget.

Ødegård, A. (2009). Konstruksjoner av samarbeid. I: E. Willumsen (red.), Tverrprofesjonelt samarbeid (s. 52-63). Oslo: Universitetsforlaget.

Litteratur som vert lagt ut på Itslearning:

Mjøs, M. (2016). PPT - en viktig samfunnsaktør, men hvorfor og hvordan? Spesialpedagogikk, 81(5).

Øen, K. (2017). En spesialpedagogisk arbeidsmodell. Spesialpedagogikk, 81(1), 4-13.

Fritt tilgjengeleg på internett:

Moen, T. (2013). Samarbeid mellom PP-rådgivere og lærere. Spesialpedagogikk (6), 15 – 23. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2013/spesialpedagogikk--6-2013.pdf

Sandve, T.G. (2013). PPT i spenningsfelt mellom intensjon og praksis. Spesialpedagogikk (7), 30-38. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2013/spesialpedagogikk-7-2013.pdf

Sandve, T. G. (2014). Systemarbeid i PPT - meir enn fine ord? Spesialpedagogikk, 79(3), 4-9. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2014/spesialpedagogikk-3-2014.pdf

Tveit, A. D., Kovac, V. B., & Cameron, D. L. (2012). "Ja takk, begge deler" PPT's individ- og systemrettede arbeid i barnehagen. Spesialpedagogikk, 77(04), 42-56. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2014/spesialpedagogikk-3-2014.pdf

Tøsse, M. H. (2014). Tidlig innsats for livslang læring - teori og praksis» (Fagfellevurdert). Spesialpedagogikk (5): 40-56. https://www.utdanningsnytt.no/globalassets/filer/pdf-av-spesialpedagogikk/2014/spesialpedagogikk-5-2014.pdf

Dessutan må følgjande vere kjend:

Kvalitetskriterium i PP-tenesta https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/samarbeid/pp-tjenesten/kvalitetskriterium-i-pp-tenesta/

Nyare NOU-ar og stortingsmeldingar om barnehage og skule.

https://www.regjeringen.no/no/dokument/nou-ar/id1767/?ownerid=586

https://www.regjeringen.no/no/dokument/meldst/id1754/?ownerid=586

Veileder spesialpedagogisk hjelp https://www.udir.no/laring-og-trivsel/sarskilte-behov/spesialpedagogisk-hjelp/Spesialpedagogisk-hjelp/

Veileder spesialundervisning https://www.udir.no/laring-og-trivsel/sarskilte-behov/spesialundervisning/Spesialundervisning/

Barneombudets fagrapport 2017. Uten mål og mening? Elever med spesialundervisning i grunnskolen. http://barneombudet.no/wp-content/uploads/2017/03/Bo_rapport_enkeltsider.pdf

Diverse ressursar SEVU-PPT Nett: https://www.sevuppt.no/

Diverse forskingsrapportar om PP-tenesta:

Cameron, D. L., Tveit, A. D., & kovac, V. B. (2013). En undersøkelse om PP-tjenestens arbeid med barnehagen. Kristiansand / Oslo.

Fylling, I., & Handegård, T. L. (2009). Kompetanse i krysspress. Kartlegging og evaluering av PP-tjenesten. NF-rapport 5/2009. Bodø: Nordlandsforskning.

Hustad, B.-C., & Fylling, I. (2012). Innovasjon gjennom samhandling. Sluttevaluering av Faglig løft for PPT. NF-rapport 16/2012. Bodø: Nordlandsforskning.

Hustad, B.-C., Strøm, T., & Strømsvik, C. L. (2013). Kompetanse i PP-tjenesten - til de nye forventningene? Kartlegging av kompetansen i PP-tjenesten. Bodø: Nordlandsforskning.

« Tilbake