Emnebeskrivelse

VUPPT302 Utviklingsarbeid, endringsprosesser og implementering. Videreutdanning for PPT - modul 2 (Vår 2018)

Navn VUPPT302 Utviklingsarbeid, endringsprosessar og implementering
Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Studiested

Sandviken, Bergen

Forkunnskapskrav

Relevant utdanning på bachelornivå

og

Organisasjonsutvikling og innovasjon i barnehage og skule. Vidareutdanning for PPT - modul 1.

Nivå

Master

Innledning

Emnet er andre del av eit 30 stp vidareutdanningstilbod - Organisasjonsutvikling og endringsarbeid, som er del av den nasjonale 5-årige satsinga SEVU-PPT (Strategi
for etter- og vidareutdanning for PP-tenesta).

Overordna mål er å styrke deltakarane sin kompetanse i organisasjonsutvikling og endrings­arbeid i barnehage og skule.

  1. Deltakarane skal bli betre i stand til å analysere behovet for organisasjonsutvikling og tileigne seg kompetanse til å planlegge og gjennomføre endringsarbeid i samhandling med barne­hage og skule.
  2. Deltakarane skal tileigne seg kunnskap om ulike teoretiske, metodiske og pedagogiske tilnærmingar som til saman bidreg til å forstå korleis, barnehage, skule og PP-teneste fungerer som organisasjonar, og korleis utviklingsprosessar kan gjennomførast.

Det vil vere søkelys på kva rolle PPT har, og kva dei kan bidra med inn i barnehage og skule. Med det som utgangspunkt vil studiet fokusere på utfordringar knytt til endringskraft og motstand mot endring, poten­sialet i tverrprofesjonelt / tverretatleg samarbeid, samt ved­taks­­prosessar på organisasjon, gruppe og individnivå. Vidare utvikle dugleik i å analysere og handtere struktur og kultur i organisa­sjonar.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten har utvikla kunnskap om

  • skule og barnehage som lærande organisasjonar
  • førebygging og tidleg innsats i samband med tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid
  • samarbeid mellom barnehage / skule og barnevern
  • psykisk helse og utfordringar i barnehage og skule
  • modellar og strategiar for endring, utvikling og innovasjon i organisasjonar
  • reformarbeid - tolking, implementering og varig endring
  • motstand og friksjon i endringsarbeid
  • etiske utfordringar i endringsprosessar
  • rettleiingsprosessar

Dugleik:

Studenten kan

  • etablere og oppretthalde tolkingsfellesskap
  • planlegge og leie endringsarbeid
  • møte barrierar og motstand mot endring, og skape aksept og deltaking i utviklings- og endringsprosessar
  • utvikle evne og vilje til læring og endring i organisasjonar
  • etablere og bidra i tverretatleg samarbeid med sikte på førebygging og tidleg innsats
  • nytte prinsipp for god kommunikasjon og samhandling i endrings- og utviklingsarbeid
  • meistre rolla som rettleiar i endringsprosessar i barnehage og skule for å skape eit godt læringsmiljø

Generell kompetanse:

Studenten har utvikla

  • refleksjon over endringsbehov i eigen organisasjon
  • ei reflektert og analytisk haldning til implementering og varig praksisendring i barnehage og skule
  • evne til å vise etisk ansvar i etableringa av gode strukturar for utviklings- og endringsprosessar i eigen organisasjon og i barnehage og skule
  • respekt for andre profesjonar og etatar og deira ansvarsområde
  • vilje til etablering av og bidrag i konstruktivt tverretatleg samarbeid
  • etisk og fagleg refleksjon knytt til tidleg innsats og førebygging av vanskar
  • respekt for etiske utfordringar knytt til endringsarbeid og organisasjonslæring

Innhold

  • Tilpassa opplæring i skolen som lærande organisasjon
  • Likeverdige, inkluderande og tilpassa tilbod i barnehage og skule
  • Systemutfordringar knytt til psykisk helse og problemåtferd, førebygging og tidleg innsats
  • Potensialet i tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid
  • Planlegging og leiing av utviklings- og endringsprosessar
  • Rettleiars rolle i endringsprosessar
  • Reformteori, tolking av reformer og konsekvensar for realisering
  • Utvikling av innovasjonsprosjekt

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet er samlingsbasert med tre samlingar (3-2-2 dagar).

Skriftleg og praktisk førebuing / etterarbeid som knyter forsking / teori og konkrete utfordringar i eigen praksis saman. Tilgang til felles læringsplattform med læringsressursar, rettleiing mellom samlingane og rom for gruppedrøfting / erfaringsutveksling.

rettleiing mellom samlingane og rom for gruppedrøfting / erfaringsutveksling.

Samlingar

1.samling (3 dagar): Utvikling og endringsprosessar

  • Tilpassa opplæring i skulen som lærande organisasjon. Ei utfordring for PPT.
  • Eit meistringsperspektiv i møte med barnehage og skule.
  • Førebygging og tidleg innsats.
  • Spesialpedagogisk hjelp i ein inkluderande barnehagefellesskap.

2.samling (2 dagar):
Leiing, medverknad og samarbeid

  • Når reformar skal implementerast i barnehage og skole. Korleis endre samhandlinga mellom PPT og barnehage / skole?
  • Rettleiars rolle i endringsprosessar.
  • Tverrprofesjonelt samarbeid i lys av medverknad: Korleis samarbeide for barns med-verknad, og kva kan PPT sitt bidrag vere i dette?

3.samling (2 dagar): Implementering og   institusjonalisering

  • Endrings- og utvikling-sarbeid i PPT,  barnehage og skule.
  • Frå implementering til varig endring / institusjonalisering.
  • Motstand og friksjon i endringsarbeid –   nokre etiske utfordringar.
  • Presentasjon av studentprosjekt.
  • Kvar sto eg, kvar står eg og kvar går eg   – saman med mitt PPT-kontor?

Evaluering

NTNU gjennomfører evaluering av tilbodet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

NLA gjennomfører i tillegg eigen deltakarevaluering i form av spørjeskjema. Dialogbasert eigenevaluering vert gjennomført i fellesskap  av involverte fagpersonar ved NLA og HiSF. Emneansvarleg tek og del i felles evaluering koordinert av NTNU saman med dei andre institusjonane som tilbyr same emne

Eksamens- og vurderingsordninger

Arbeidskrav

  • Deltaking på samlingane. Prosentvis deltaking minimum 80%.
  • Presentasjon av utvald utfordring / endringsarbeid i eige praksisfelt, munnleg og skriftleg, med støtte i teori og nettbasert rettleiing.

Arbeid utanom samlingane:

Its learning vert nytta som kommunikasjonsplattform.

  • Arbeide vidare med utforming av ein tekst som knyter saman teori og eige utviklingsprosjekt. Med basis i heimeoppgåva frå modul 1 og ved hjelp av nettbasert rettleiing.
  • Forankre planlagt utviklingsprosjekt på eigen arbeidsplass.
  • Førebu munnleg presentasjon av eige prosjekt på siste samling.
  • Gi respons på nettet til ein medstudent i eigen gruppe på tekst / utviklingsprosjekt.

Arbeidskrava vil føre fram mot avsluttande semesteroppgåve.

Vurderingsuttrykk på arbeidskrav: Godkjend/ikkje godkjend

Avsluttande vurdering

Føreset at arbeidskrava er godkjende.

  • Skriftleg individuell semesteroppgåve på 5000 ord ( +/- 10 %) om teoribasert case / endringsarbeid i eige praksisfelt. Sjølvvald problemstilling.

Vurderingsuttrykk: Gradert karakter frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.

Tilatte hjelpemiddel: Alle

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Andre bestemmelser

Deltakarar må vere tilsett i PP-tenesta.

Søknad om opptak sendast Utdanningsdirektoratet.

Pensum

Teori og forsking (til saman ca. 1500 sider) som i sum dekkjer innhaldskomponentane i modul 2. Noko av litteraturen er overlappande med litteratur for modul 1.

Det er ein føresetnad at studentane set seg inn i teori og forsking med relevans for innhaldet i studiet, men kan innanfor denne lista velje kva litteratur ein vil konsentrere seg om. I samband med eige utviklingsprosjekt kan det og vere aktuelt å nytte anna litteratur.

Dessutan kan anna litteratur verte nytta i forelesingar, og på samlingane vert nyare relevant litteratur fortløpande presentert.

Hovudbøker.

Arnesen, A.-L. (red). (2017). Inkludering. Perspektiver i barnehagefaglige praksiser. Oslo: Universitetsforlaget. (kap. 2-7, 10-12)

Elstad, E. & Helstad, K. (red.). (2014).  Profesjonsutvikling i skolen. Oslo: Universitetsforlaget (kap 1, 7, 11-18)

Jenssen E. & Roald, K. (2014). Tilpasset opplæring i skolens arbeidsfelleskap. Bergen: Fagbokforlaget (kap 4).

Roald, K. (2012). Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring. Når skole og skoleeigar utviklar kunnskap. Bergen: Fagbokforlaget. (kap 1, 2, 5-6)

Roland, P. & Westergård, E. (red.). (2015). Implementering. Å omsette teorier, aktiviteter og strukturer i praksis. Oslo: Universitetsforlaget. (ikkje kap. 8).

Røvik, K. A., Eilertsen, T. V., & Furu, E. M. (red.). (2014). Reformideer i norsk skole. Spredning, oversettelse og implementering. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (Del I og III)

Stålsett, U. E. (2009). Veiledning i en lærende organisasjon. Bergen: Fagbokforlaget. (kap. 2, 11, 12 og 13)

Dessutan:

Ertesvåg, S. K. (2012). Leiing av endringsarbeid i skulen. Oslo: Gyldendal Akademisk (kap 2, 3, 7 og 8)

Eller

Ertesvåg, S. K., & Roland, P. (2013). Ledelse av endringarbeid i barnehagen. Oslo: Gyldendal akademisk. (Kap  2, 3, 7 og 9)

Artiklar / bokkapittel (med atterhald om endringar)

Referansar merka med * inngår i elektronisk kompendium som vert lagt ut på Itslearning..

Dei fleste tidsskriftartiklar kan lastast ned elektronisk.

* Arnesen, A. & Sørlie, M-A. (2010). Forebyggende arbeid i skolen. I: Befring, E., Frønes, I., & Sørlie, M.-A. (red.).  Sårbare unge. Nye perspektiver og tilnærminger. Kap. 6 (s. 86-100). Oslo: Gyldendal Akademisk.

*Bele, I. V. (2012). Hva er spesielt med spesialundervisninga - slik lærere ser det? I: P. Haug (red.), Kvalitet i opplæringa. Arbeid i grunnskulen observert og vurdert (s. 223-241). Oslo: Det Norske Samlaget.

*Brunstad, P. O. (2009). Klokt lederskap mellom dyder og dødssynder. Oslo: Gyldendal, s. 32-75. (2 kap: Ledelse som grenseaktivitet og Organisasjoners grenseområde).

*Brunstad, P. O. (2015). Nykommeren - fra teoretisk innøvelse til faglig utøvelse i lys av praktisk visdom. I: P. O. Brunstad, S. M. Reindal, & H. Sæverot (red.), Eksistens og pedagogikk, En samtale om pedagogikkens oppgave (s. 109-124). Oslo: Universitetsforlaget.

*Flaten, K. (2013): Barnehagebarn og angst. Gyldendal Akademisk. Kap 1, (s. 22- 36).

*Gilje, J. (2007). "Det har skjedd noe ved skolen vår." Verdibasert lederopplæring og mentorarbeid som bidrag til skoleutvikling. I: O. H. Kaldestad, E. Reigstad, J. Sæther & J. Sæthre (red.), Grunnverdier og pedagogikk (s. 237-257). Bergen: Fagbokforlaget.

*Haug, P. (2014). Er inkludering i skulen gjennomførleg? I: S. Germeten (red.), De utenfor. Forskning om spesialpedagogikk og spesialundervisning (s. 15-38). Bergen: Fagbokforlaget.

Hesjedal, E., Hetland, H., Iversen, A., & Manger, T. (2015). Interprofessional collaboration as a means of including children at risk: An analysis of Norwegian educational policy documents. International Journal of Inclusive Education. doi: 10.1080/13603116.2015.1057241.

Hesjedal, E., Iversen, A. C., Bye, H., & Hetland, H. (2015). The use of multidisciplinary teams to support child welfare clients. European Journal of Social Work. doi: 10.1080/13691457.2015.1084268

Holck, G., & Opdal, L. R. (2008). Som fibrene i et rep. (Fagfellevurdert.) Spesialpedagogikk (1), 45-59.

*Nevøy, A., Rasmussen, A., Ohna, S. E., & Barow, T. (2014). Nordic Upper Secondary School: Regular and Irregular Programmes - or Just One Irregular School for All? I: U. Blossing, G. Imsen & L. Moos (red.), The Nordic Education Model. "A School for All" Encounters Neo-Liberal Policy (Vol. 1, s. 191-210). Heidelberg / New York / London: Springer.

*Ogden T. (2015). Sosial kompetanse og problematferd blant barn og unge. Kap 4 (s. 92-124) Oslo: Gyldendal akademisk.

*Olsen, M. H., & Mikkelsen, R. (2015). Sammen - for elevers psykososiale miljø. Kap. 6 (s. 133-155) Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Sandal A.K og Smith, K. (2010) Frå ungdomskule til vidaregåande skule- elevane si stemme. Tidskrift FoU i praksis 4 (2) s. 25- 52.

Skivenes, M., & Strandbu, A. (2006). Child Perspective and Children's Participation. Children, Youth and Environments, 16(2) http://munin.uit.no/bitstream/handle/10037/1568/Artikkel3AS.pdf?sequence=2

Vik, S. (2014). Frå «early intervention» til tidlig innsats. Utfordringer ved adopsjon av amerikanske intervensjonsprogrammer til norsk pedagogikk. (Fagfellevurdert.) Spesialpedagogikk (6), s. 45-57.

 

« Tilbake