Foto: Erik Hagesæter/BA
Foto: Erik Hagesæter/BA

Å formidla forsking til folk flest – ut frå allitterasjonar

Kva ligg det i å skulle formidla forsking til ålmenta? Eg er ein allitterasjonselskar, og fann ut at eg kunne skriva om forskingsformidling til folk flest rundt ei heil rekkje allitterasjonar på p, nemleg: Plikt, publikum, popularisering, prestisje, peng og poeng, PR, presse og publikasjonskanalar

Det vart likevel ein liten rest, og eg avsluttar med ein liten svipptur innom det som ikkje allittererer.

Plikt

I følgje lova har universiteta og høgskulane tre hovudplikter: Undervisning, forsking og formidling. Institusjonane skal mellom anna «bidra til å spre og formidle resultatet fra forskning og faglig og kunstnerisk utviklingsarbeid», og «legge til rette for at institusjonens ansatte og studenter kan delta i samfunnsdebatten» (UH-lova §1-3). Undervisninga ligg i stillingane våre, forskinga vert telt, gjev forskarane prestisje og institusjonane pengar – og er avgjerande i eit meritteringsperspektiv. Kva så med formidlinga? Ein får ikkje opprykk på forskingsformidling. Det er altså ein skeivheit mellom kva Universitets- og Høyskoleloven skisserer som kjerneområde for verksemda og det institusjonar og forskarar vert belønna for å gjera.

Publikum

Nancy Eik-Nes, no pensjonert forskingsformidlingsentusiast frå NTNU, gjev tre råd for god forskingsformidling: «Tenk på mottakeren! Tenk på mottakeren! Tenk på mottakeren!» 

Eg ville illustrera dette med eit bilete av mottakaren, helst noko som viste Bergen, folkefest og aller mest; folk flest. Det eg fann var dette: 

 

Foto: Erik Hagesæter/BA

Biletet funkar overraskande godt. Folk flest, altså mottakaren, ålementa, skal helst villa høyra det du seier. Det krev eit medvit om du skriv for ei anna gruppe enn det du er van med. Då er det om å gjera å fanga lesaren! Bruk gjerne bilete eller ein case for å gjera det relevant, eller fortel det heile som ei historie. Ein prat med nokon som ikkje er ekspert på feltet før du skriv, gjev deg også høve til å orientera deg i kva andre kan om det du kan så veldig mykje om sjølv.

Å gjera forskinga relevant for lesaren, er også viktig. Det er ikkje alltid like lett, og somme tider har humaniora eit forklaringsproblem. Sjølv er eg norskdidaktikar og mellomalderforskar. Innanfor norskdidaktikken arbeider eg med språkhistorie, nynorskdidaktikk og grammatikk, tre delar av faget som ikkje vekkjer ålmenn glede. Spesialområdet mitt er kva som skjer når tekstar frå 1200-talet vert omsette frå eitt folkespråk, gammalfransk, til eitt anna, norrønt. Eg kjem til kort i forhold til kreftforskarar når det gjeld kvifor dette er viktig og relevant for den enkelte.

Men i det eg gjev samandrag av tekstane eg arbeider med, dreg liner til Game of Thrones og fantasysjangeren, snakkar om forsvunne handskrift, vågale tekstar og historisk kontekst – og om innvandring, kulturimport, senter og utkant, vert folk oftast svært interesserte.

Det vert dei ikkje dersom eg fortel at essensen i mellomalderforskinga mi er arbeid med tekstrørsler, altså med interlingval og intralingval tekstoverføring i eit synkront og diakront perspektiv. Den forklaringa er håplaus om du ikkje arbeider med liknande problemstillingar. Det går godt an til å gjera det enkelt – og om du treng å nytta faguttrykk, bør dei forklarast.

Som forskarar er me drilla i å nyansera, reservera oss, ta atterhald. Nyanseringar du opplever som livsviktige, har gjerne liten relevans for dei som ikkje er innanfor ditt fagfelt. Det er ikkje lett å vera nokså bastant utan å føla seg som ein svikar: ovanfor faget, stoffet og forskarfellesskapet. Men om du toler det, er resultatet at du spreier lærdom og kunnskap og gjer folk interesserte i det nettopp du brenn for.

Popularisering

Ein del av Forskningsrådet si satsing på forskingsformidling er Forsker Grand Prix. Der vert PhD-studentar kursa i å formidla prosjekta sine på fire minutt: Kva går prosjektet ut på, kva metode er nytta, kva materiale vert granska – og kva er forventa resultat og kvifor dette er interessant målgruppa, altså folk flest.

Ein må tørra å vera vera tabloid og å setja ting på spissen. Å skjera til beinet på noko som er veldig komplekst er vanskeleg, men det har desse på biletet under lært å gjera.

Foto: Øyvind Ganesh Eknes

 Viser ein forskar entusiasme og glede over fagstoffet sitt, vert det vanlegvis godt teke i mot. Då gjer ein seg også til ein tydeleg avsendar – noko som også kan styrka formidlinga. Det hjelper ikkje å vera sjarmerande entusiastisk om ikkje stoffet er tilgjengeleg. Då er det naudsynt å gjera ting enkelt, til dømes ved å halda seg til ei historie, og gjera som journalistane: få fram poenget tidleg.

Eit anna journalistisk formidlingsgrep er å vekka identifikasjon og fascinasjon. Kvifor skal mottakaren bry seg? Er forskinga knytt til det daglege livet? Lina Lernevall, i grønt på biletet over, forskar på kva støtte foreldre til brannskadde barn treng. Hennar presentasjon tok til med ein kaffikopp på eit bord, ein case. I det koppen trefte golvet, kjente alle foreldre i salen på kor lett det kunne ha skjedd dei.

Bruk gjerne samanlikningar og metaforar for å gjera det lettare å forstå det du meiner. Ove Heradstveit, til høgre på biletet over, forskar på ungdom og rus, og såg på tydinga av psykiske vanskar i utviklinga av rusproblem blant unge. Hans metaforar og samanlikningar var for det meste knytte til Donald Trump – og publikum var fanga og småhumra seg gjennom det heile.

Prestisje, peng og poeng

Foto: Snl.no

Og no nyttar eg min eigen metafor, og går over til det svarte holet, formidlinga. Forskingsformidling er ikkje meritterande, gjev ikkje publikasjonspoeng, pengar eller prestisje. Kvifor skal me så gjera dette? Det er ei lovpålagd plikt. Forskinga vår, kunnskapen vår, er finansiert og dermed eigd av ålmenta. Då er det også forskaren si plikt å dela kunnskapen. For forskaren er det både lærerikt, krevjande og ganske morosamt med nye sjangrar, spissformulering - og å bevega seg utanfor komfortsona. Me har dessutan ansvar for «vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk» (jf. UH-lova, §1-7), og den aller beste måten å gjera det på, er å nytta det i det offentlege rommet.

PR, presse og publikasjonskanalar

Svært mykje forskingsformidling er variantar av sjangrar forskaren allereie meistrar. Det er ikkje så veldig langt frå ei universitetsførelesing til ein podkast, frå ein vitskapleg artikkel til ein populærvitskapleg ein. Å delta i ein offentleg debatt, minner om eit ordskifte på ein konferanse. Slik skriftleg og munnleg forskingsformidling er ei synleggjering av kunnskap, institusjonen og forskaren. Nokre nokså modige tek steget vidare, og utforskar skuleretta formidling, museumsformidling eller slikt som statistikaren Kathrine Frey Frøslie gjer: bloggar. Frøslie driv strikkebloggen Statistrikk, der ho koplar strikking og statistikk i prosjekt som eit normalfordelingsskjerf, ein meslingevaksineklut og ei omskjeringshue. 

Dei aller modigaste vågar seg på tverrfagleg utøvande formidling, slik som det internasjonale prosjektet Fish to Mars, der havforsking vert formidla som ein metal science opera, eit samarbeid mellom forskarar, kunstnarar, musikarar og filmfolk. 

Det som ikkje allittererer

Eg har henta ein del inspirasjon i dei ti gode tipsa om forskingsformidling som Unni Eikeseth publiserte i NFF-bulletin (nr. 2 2017, s. 15). Dei to første råda hennar fekk eg ikkje til å passa inn i dei allittererande kategoriane mine. Det første er kjønnsperspektivet: «Si ja til å formidle, og særlig hvis du er kvinne». Kvinner vert sjeldnare spurde om å stilla opp som ekspertar, og seier dessutan sjeldnare ja når det skjer. Berre ei av fem ekspertkjelder i media, og 14 av dei mest siterte professorane erkvinner. Ja, det er eit problem med få kvinner i toppstillingar i Noreg. Men her ligg sannsynlegvis meir under. Ein kan heller ikkje ignorera at kvinner som faktisk stiller opp også vert utsette for ein annan type motstand enn menn fordi både dei stiller seg lageleg til hogg når det gjeld kjønn, utsjånad og klede. Ta ein kikk på kommentarfelta under kronikkar skrivne av kvinner, gjerne knytt til innvandring – så er det ikkje så vanskeleg å skjøna at kvinner kan kvi seg for å stikka hovudet fram.

Og nettopp det er det siste tipset frå Eikeseth som eg ikkje fekk plassert i allitterasjonane mine. «Ta grep selv!». Det er ingen som finn deg dersom du ikkje stikk hovudet fram.