NRK-profil Helene Sandvig ga studentane på Gimlekollen eit eksklusivt innblikk i produksjonen av programserien «Helene sjekker inn».
NRK-profil Helene Sandvig ga studentane på Gimlekollen eit eksklusivt innblikk i produksjonen av programserien «Helene sjekker inn».

- Det er nysgjerrigheita som driv meg

NRK-profil Helene Sandvig vitja NLA Gimlekollen i mars og inspirerte studentane med historier frå serien «Helene sjekker inn». Ho var ærlig på at ho sto overfor etiske dilemma i produksjonen av serien, men at den likevel er det finaste og viktigaste ho har jobba med som journalist.

NRK-profil Helene Sandvig vitja NLA Gimlekollen sist torsdag og inspirerte studentane med historier frå serien «Helene sjekker inn». Ho var ærlig på at ho sto overfor etiske dilemma i produksjonen av serien, men at den likevel er det finaste og viktigaste ho har jobba med som journalist.

- Eg skulle eigentleg bli lege, men hadde ikkje karakterane til det. Difor vart eg journalist, slik som både far min og bror min. Likevel har eg fått ei uniform som journalist, og det rare er at den ser litt ut som ei legefrakk, opnar ei smilande Helene Sandvig.

Ho startar foredraget iført den lyse ullkåpa og med den grøne bagen over skuldra, som er blitt eit varemekre for henne i serien «Helene sjekker inn». I serien flyttar Sandvig inn på ulike institusjonar i fem dagar for å oppleve og formidle korleis dei som bur der har det. Sandvig fortel at det er tre ting ho må ha med på opptak på institusjonane; soveputa hennar heimanifrå, ein forstørrande sminkespegel og masse sjokolade. Publikum ler med ho, før Sandvig begynner på dei alvorlige forteljingane om narkomane, psykiske sjuke og eldre som ho har møtt. Ho er tydeleg på at det viktigaste for henne som journalist er å gi dei stemmelause ei stemme.

Etiske problemstillingar

Sandvig var på Gimlekollen for å fortelle om etiske problemstillingar ho hadde møtt i arbeidet med serien. Sandvig sa innleiingsvis at ho ikkje måtte ta etiske val åleine, men at teamet bak programmet tok seg av det. Eit av dei største dilemmaene dei har stått i har vore om personane dei har møtt er samtykkekompetente - altså om dei forstår kva dei er med på. Dette skal ha vore spesielt vanskelig i møte med narkomane.

- På kva tidspunkt er ein narkoman mest samtykkekompetent? Regi visste ikkje, men advokatane i NRK meinte at det var når dei er nyter. Fagfolka på hospitset lo litt av det, og sa at det tryggaste er å få samtykke etter at rusmisbrukarane har fått «justeringa» si.

Dette kunne også vere utfordrande i møte med eldre, men programleiaren fortalte at ho hadde ein «regel» på dette.

- I dei tilfella der pasientane ikkje har kunne ta eit sjølvstendig val om dei skal på TV, har regien fått løyve frå dei pårørande. Det eg tenkjer som ein hovudregel er «kven var denne personen før han eller ho vart sjuk?».

Programmet har skapt reaksjonar

Ikkje alle har vore like positive til programmet. Programleiaren og kollegaene hennar har, i følgje Sandvig sjølv, fått ei mengde meldingar frå sjåarar som meinar at NRK har gått for langt i å vise private og intime situasjonar. Sandvig er ikkje samd i kritikken.

- Eg er ueinig med dei som seier at vi ikkje kan vise gamle nakne kroppar, fordi dei har ei historie å fortelle, og dei er med sine fulle fem og kan bestemme sjølv.

I tillegg har NRK måtte ta omsyn til tredjepartar, som til dømes offera av handlingane til dei innsette i fengsel som er med i serien.

- Arbeidet vårt råkar tredjepartar som vi ikkje ser. Når vi er i fengsel omtalar vi saker som også har offer. Eg må tenkje på at offera ser på TV, og at dei ser at eg ler og har det hyggelig med gjerningsmannen. Vi er opptatt av å varsle offeret, og ta omsyn til tredjeparten. Offeret kan ikkje stoppe innslaget, men dei skal vite at det skjer og at dei kan ta valet om å sjå på eller skru av.

Ho fortalte også eit døme på dette.

- Ein innsett i fengsel sa at han hadde klipt av tærne til ein fyr. Det kom så bardust på meg at eg klarte ikkje anna enn å flire. Sjølv om det er heilt jævlig. Hadde eg ikkje tatt meg saman hadde vi ikkje kunne sendt det, fortel Sandvig.

- Eg føler meg som Jansrud og Kjus

Regien til programmet gjer eit grundig forarbeid i forkant av innspelingane, og vel ut kven som skal på TV. Programleiaren veit derimot lite som kva ho kjem til å møte.
- Eg føler at eg er som Jansrud, og Kjus og «gutta». Eg visualiserar kva eg kjem til å møte, men det er ikkje sikkert at eg kjem til å møte det. Eg visualiserar i hovudet mitt, og det er mine førebuingar, fortel Sandvig.

Sandvig seier likevel at ho har fått nokon leietrådar frå regien før opptaka.

- Når eg til dømes går inn og skal treffe Lene som vegrar seg for mat, så får eg ein leietråd, «snakk om korleis det starta» eller «snakk om skam», men så er det erfaringa og eigenskapane som journalist som driv meg vidare. Det er det fine med å ikkje vite for mykje. Når du veit ein del på førehand kan du bli for flink, og ikkje stille dei «dumme» spørsmåla.

- Vi må by meir på oss sjølv!

Eline Storsæter studerer journalistikk, og syntest at det var stas å få besøk av Helene Sandvig.

- Eg har sett alt ho har vore med på frå Puls til «Helene sjekker inn», og eg har alltid sett på ho som eit førebilete. Måten ho jobbar på og møter menneske på synes eg er heilt eksepsjonelt bra. Det er noko med personen ho er, ikkje berre det journalistiske ho gjer, men at ho passar i den rolla som journalist.

Eline Storsæter er fyrsteårsstudent i journalistikk. Ho seier at ho elskar «Helene sjekker inn», og at ho syntest det var stor stas å få besøk av programleiaren.

Ho trur at det er viktig å finne førebileter som unge journalistar kan bli inspirert av. 

- Det er litt av drivkrafta mi til å ville drive med journalistikk, at eg klarer å finne nokon sånne personar som eg vert inspirert av og som får meg til å ville meir.

Storsæter seier at ho var inspirert til å bruke seg sjølv i større grad i journalistikken.
- Det eg sitter igjen med er at vi må by meir på oss sjølv. Vi er ikkje verdsmeistrar, vi er vanlige dødelige menneske som skal fortelle ei historie.

Har blitt meir open

Til slutt i foredraget til Sandvig sa ho at noko av det viktigaste ho lærte i arbeidet med serien var om seg sjølv.

- Eg har fått meg ein «kilevink» i det at eg har opplevd at eg ikkje er så open og fordomsfri som eg trudde at eg var. Alle dei fordommane, og kor skremt eg var, av asylbrannar og traumatiserte flyktningar, som eg ikkje hadde faktasjekka. Korleis vi let oss lure av slike som Sylvi Listhaug. I dag lev vi i eit ekkokammer i facebook-feeden vår. Eg føler meg mykje meir takknemleg for livet etter å ha arbeida med «Helene sjekker inn».