Noko å strekke seg etter

NLA sitt verdidokument har vore gjennom nokre revisjonar, og no, til sist, endeleg vedteke av styret i mars i år.
 

Verdidokumentet til NLA Høgskolen blei vedteke i 2008 og forsiktig revidert i 2016. Dokumentet var prega av at det har vorte til gjennom fleire revisjonar, og etter fusjonane i 2010 og 2016 var det behov for ein heilskapleg revisjon, både av språklege og aktuelle grunnar. Det reviderte dokumentet – Grunnlag og føremål – skal lesast og forståast som ei utdjuping av vedtektene for NLA Høgskolen. 

Visjon og oppdrag

Rektor Egil Morland synest det er viktig for NLA å ha eit verdidokument. Han fortel at det er mange år sidan det trigga han å lese utanlandske universitet og college sine dokument om deira «vision and mission» - som ein kan kalla visjon og oppdrag. Truleg låg dei ofte nærare draumen enn realiteten. Men likevel signaliserte dei noko viktig: — Dette er visjonen vår! Dette strekkjer vi oss etter! 

«Samfunnet kan
ikkje byggja på betre verdiar enn kristen tru og tradisjon»

— Vi kan illustrera det med den gamle forteljinga om arbeidarane som restaurerer ei kyrkje: Den eine svarar berre at hen er steinhoggar, den andre at han byggjer ein katedral! Dei gjer det same arbeidet, men berre den eine hugsar visjonen, fortel Morland. Dette må me minna oss sjølv på, ikkje minst i dei litt tunge dagane, meiner han.

Eit dokument til inspirasjon 

Når rektor snakkar om korleis han vonar at dokumentet skal inspirere dei tilsette for høgskulen sitt føremål, tar han ein liten omveg. Han fortel at i arbeidet med den nye strategiplanen for NLA såg ein ganske grundig på kva «risikoar» ein lever med som verdibasert, kristen høgskule. Nokon kan koma til å tenkja at ein kristen profil gjer ein sårbar, både i høve til studentsøknad og omtale i media. 

— Då slo det meg at det er nett dette vi må snu på, slik at minus vert eit pluss, eller - om vi brukar marknadsspråket – at det vert eit konkurransefortrinn, seier han.

Morland fortel at hans største ønske er at tilsette, og alle som kjem til NLA heretter, skal lesa «Grunnlag og føremål» og vera stolte av det: —Yes, dette vil eg vera med og realisera. Fordi vi har ein visjon, har vi også eit oppdrag! Oppdraget spring fram av ei djup overtyding om at samfunnet ikkje kan byggja på betre verdiar enn kristen tru og tradisjon, seier Morland fast.

Utfordrar vår tenking og tru

— Kva konsekvensar kunne det hatt, trur du, om NLA hadde valt ikkje å ha eit slikt dokument?
— Vel, vi har jo vedtektene våre, og grunnlagsdokumentet byggjer på dei, seier Morland. Han fortel vidare at i debatten som NLA har opplevd dette studieåret, var det eigentleg berre eitt punkt som blei ein slags støytestein: Ekteskapssynet. Her har rektor lært av ein som stod på barrikadane, redaktør Arthur Berg i Dagen, at «kampen står der han står». Det er ikkje ofte vi kan unna oss den luksus det er å velja kva som er «viktig». Det er det som til ei kvar tid utfordrar vår tenking og tru, som er viktig, meiner Morland.

Han held fram: — Eg trur vi alle veit korleis det hadde blitt tolka og lese om vi nett i denne situasjonen ikkje hadde vilja sagt at «ekteskapet mellom mann og kvinne er i den tradisjonen NLA Høgskolen står i forstått som berande norm i samlivsetikken». Både som tilsett, og no som rektor, har det vore svært viktig for meg å sjå på verbet her: NLA står framleis i denne tradisjonen, presiserer Morland.

Danning som det vesentlege

Morland fortel at han er veldig glad i ordet «alternativ» og mislikar ordet «supplement» når NLA sin plass i høgare utdanning vert omtala. I det såkalla mangfaldsamfunnet ser det ut til at vi vert meir og meir like kvarandre, og det synest ofte å vera liten toleranse for motstraumsidear. 

— Kva kan NLA, som kristen høgskule, bidra med inn i universitet- og høgskulelandskapet?

— Det er å halda fram klassiske ideal for læring i ein akademisk akademi-tradisjon: Karakteren vi utviklar er viktigare enn karakterane vi får til eksamen. Danning er det vesentlegaste elementet i utdanning, seier han 

— Dette er ideal der vi står saman med gode krefter i resten av akademia. Difor er eg også stolt over det slagordet vi presenterer oss med overfor omverda og framtidige studentar:  — fordi nokon treng deg! avsluttar rektor.