nynorsk med dei minste square.jpg

Boklansering: Nynorsk med dei minste

Miniseminar med forfattaren Erna Osland, Eli Bjørhusdal frå HVL og Aasfrid Tysvær og Ingvil Brügger Budal frå NLA.
11. desember
Kronstad, Høgskulen på Vestlandet
Tid: 11. desember, 14.00 - 16.00
Sted: Kronstad, Høgskulen på Vestlandet

Boka Nynorsk med dei minste blir lansert og markert med miniseminar måndag 11. desember ved Høgskulen på Vestlandet, Fyrrommet på Kronstad.

I miniseminaret bidreg m.a. forfattaren Erna Osland, som skriv i boka, Aasfrid Tysvær og Ingvil Brügger Budal frå NLA og Eli Bjørhusdal frå HVL.  

Om boka Nynorsk med dei minste

Boka er ein antologi om nynorsk språkstimulering i barnehagen for ungar som skal ha nynorsk hovudmål, med både vitskaplege og didaktikkfaglege bidrag. Artikkelforfattarane er både frå NLA og andre institusjonar.

Tidleg og systematisk innsats med språk gir barn ein fordel i møte med skulen. Barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, treng å møte skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen.
Boka er den første større publikasjonen som tek føre seg arbeid med nynorsk språkstimulering med dei minste. Her er vitskaplege artiklar om grunnar for å drive systematisk språkstimulering på nynorsk, om korleis språk og nynorsk blir omtala i årsplanane til barnehagane, om barneskriftkultur, om dialektar og stadnamn som pedagogisk ressurs, om litteratur og kvalitet, og sjølvsagt om lesing og skriving på nynorsk i barnehagen. I boka finst ei rad framlegg til didaktiske opplegg i spennet frå nynorske songar til nynorske appar, og dessutan kunstnariske bidrag frå kjende barnebokforfattarar.
Målgruppa er studentar, faglærarar og forskarar i høgare utdanning, tilsette i barnehagar og skular og alle som arbeider med nynorsk språkstimulering i praksis og administrativt.

Boka er gjeven ut av Samlaget.