Opne førelesingar med Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø gjestar NLA Høgskolen i februar, og held førelesingar for både studentar og tilsette.
22. & 23. februar
Breistein, Bergen
Tid: 22. februar kl. 14.00, 23. februar kl. 12.15
Sted: Breistein, Bergen

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda.

Torsdag 22. februar kjem han for å halda ei open gjesteførelesing med tittelen «Mørkemenn, Morgonmenn og spottarar. Nynorsk litteratur som arena for religionsdebatt».

Sørbø gjev snart ut Nynorsk Litteraturhistorie, og eit av dei tema han har funne der, er ein livleg religionsdebatt. Om førelesinga 22. februar seier han sjølv:

«Etter Aasens trauste «ei tru må stydja uppunder» deler nynorsk-feltet seg i pietistar/ortodoks, frilynde grundvigianarar og fritenkjarar. Konfliktene mellom desse posisjonane er til tider skarpe. Garborg vart kasta som redaktør fordi han skreiv Ein Fritenkjar. Både pietistar og frilynde (Støylen og Hovden) vende seg mot Løland, då han omtala Garborgs Jesus-bok i Norsk Barneblad. Vekkingspredikantane er svarte skurkar frå Jens Tvedt via Duun til Lars Berg. Det er grunn til å sjå på desse posisjonane både idehistorisk og sosiologisk. Det handla både om hegemoni-kamp, om litterære normer og ulike litterære krinsløp.»

Til denne førelesinga er både tilsette ved NLA Høgskolen og andre velkomen, kl. 14-16 i aud D113 ved NLA Høgskolen på Breistein i Bergen.

Fredag 23. februar held han førelesing med tittelen «Maria Parr: Fornyar og tradisjonsformidlar» for grunnskolelærarstudentane. Denne førelesinga vil ifølgje Sørbø sjølv handle om Korleis Maria Parr gjer internasjonal suksess gjennom å laga nye forteljingar som heile tida speglar seg i tradisjonen. 

Tema vil også vere relevant for barnehagelærarstudentar.

 Førlesinga startar kl. 12.15 i auditorium A på Breistein i Bergen.