Ein høgskule ser seg i spegelen

NLA Høgskolen (NLA) har blitt gamal. Norsk Lærerakademi, som namnet lenge var, blei etablert oppunder jul i 1966, og to år seinare kom studentane. Dermed blei 1968 det andre store året i NLA-historia, og det som no ligg til grunn for markeringa. Starten var etter alle målestokkar smålåten. Og i mange år var NLA ein liten vestlandsinstitusjon.

Men det skulle endra seg. I dag har NLA studiestader både i Oslo, Kristiansand og her i Bergen. Studentalet ligg på vel 2500 og personalet tel rundt 250. At det skulle gå slik, var på ingen måte opplagt. Det reiser spørsmål om bakgrunn og «filosofi», kven NLA-byggaren var og kvadei ville, og korleis det seinare har gått.Noko av svaret på opphavet til NLA ligg langt tilbake i tid.

Frå å ha vore eit kristent samfunn tok utviklinga på 1800-talet etter kvart ei litt anna retning. Samfunnet blei meir samansett og pluralistisk. Det toppa seg med det moderne gjennombrotet i 1870-åra,omtala av Luthersk Ugeskriftsom «Realismens, Positivismens, til dels Materialismens Tid».

Denne nyorienteringa opna «en vid dør for Vantroen», og skræmde mange. Dei åndelege etterkomarane til Hans Nielsen Hauge hadde funne saman i organisasjonar for ytre og indre misjon. I desse samanhengane rådde ei djup uro over dei nye og ukristelege tankane som breidde seg.

Å arbeida for at kristendomen heldt stillinga i skulen blei maktpåliggande. Like viktig blei reising av eigne skular med tydeleg kristen profil. I ramma av ein liberal friskulepolitikk blei det satsa på ungdomsskular, fagskular, lærarskular og jamvelein presteskule (MF), på eit vis forløparane til NLA. «I splittelsens tegn»For å hevda seg i konkurransen med staten sine lærarskular måtte det faglege grunnlaget vera i orden. Med det for auga kom tanken om ein kristen lærarhøgskuleopp.

Ole Hallesby, indremisjonsleiar og professor ved MF, tala sterkt for saka tidleg på 1900-talet. Men lite skjedde før andre verdskrig. I okkupasjonsåra blei planar lagt for eit Oslo lærerakademi for kristendomsstudium og pedagogikk. Slik det hadde blitt etablert eit tilbod på universitetsnivå for prestestanden, skulle lærarstanden nofå sitt, vegg i vegg med MF i Oslo. Men det kom ikkje. Det skuldast fleire tilhøve: Oslo kommune ville ikkje godkjenna MF sine utbyggingsplanar og minst like viktig: utdannings-politikken til Arbeidarpartiet.

Den la til grunn at lærarutdanning var ei offentleg sak, og dermed var døra i prinsippet stengd for private initiativ. Utviklinga generelt og svekkinga av kristendomsfaget spesielt gjekk sin gong ogbekymra kristenfolket stadig meir utover på 1950- og 1960-talet. Så kom omslaget.

Den borgarlege sigeren ved stortingsvalet i 1965 skapte ein ny situasjon. Då fekk Kristeleg Folkeparti kyrkje- ogundervisingsministeren. Kjell Bondevik var friskulemann og handlingsideolog, og han skjønakristenfolket og leiarane deira. Dei gamle NLA-planane blei henta fram og tilpassa 1960-talet. At framstøyten denne gongen førte fram, skuldast først og fremst ein ny friskulepolitikk.

I tillegg må den iherdige innsatsen til Hans Bovim, rektor ved Kristelig Gymnas Oslo, nemnast, mannen som på ein særleg måte bar fram NLA-prosjektet. Det fekk likevel ei blanda mottaking. Mange frykta at kristendomslærararmed NLA-bakgrunn ville skapa strid og splid i skulen. Bergens Tidendesåg for seg ein skule «i splittelsens tegn».

Den lange og harde debatten i Stortinget hausten 1968 slo på liknande strenger. Høgskulen startar oppTrass mykje uvilje og motstand starta undervisinga opp same året i Johanneskirkens Menighetshjem, like ved Universitetet i Bergen. At over 50 studentar stilte, var langt over forventningane. Opplegget var at NLA skulle ha to fag, kristendom og pedagogikk.

Men det var først i 1976, i samband med flyttinga til eige bygg i AmalieSkramsvei i Sandviken, at pedagogikk blei ein del av porteføljen. Med dette var grunnstrukturen i NLA på plass. Dei neste åra opplevde høgskulen ein stille vekst. Den skjedde dels innafor etablerte og dels i regi av nye fag, som Interkulturell forståelse. Med etableringa av lærarhøgskule på Breistein i Åsane i 1996 tok NLA eit nytt sprang. Satsinga inkluderte også førskulelærarutdanning.

Etter dette bestod NLA av to høgskular på kvar sin kant av byen. NLA sin eigenart Då utviklinga i universitets- oghøgskulesektoren på 2000-talet gjekk mot størreeiningar, blei det vanskeleg å halda på denne todelte strukturen. At det tradisjonelle skiljet mellom universitet/vitskaplege høgskular ogmeir profesjonsretta høgskular blei bygd ned, drog i same retning.

Det gjekk mot fusjon, og i 2010 var NLA Høgskolen eitfaktum. Tre år seinare blei to andre private høgskular, Høgskolen i Staffeldtsgate i Oslo og Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand, ein del av NLA.

NLA forstår seg framleis som ein verdiorientert høgskule med tydeleg forankring i det kristne livssynet

Grunnskulelærarutdanning i Oslo med oppstart i 2018 er det siste skotet på NLA-treet. I løpet av dei 50 åra som har gått,er kanskje veksten det mest iaugnefallande trekket. NLA har blitt stor, i alle fall om ein samanliknar med dei andre private høgskuane. Fagekspansjonen er eit anna drag. NLA tok til berre med eitt fag, og var fleire år eit reint kristendomsakademi.

I dag er så godt som heile det humanistiske fagfeltet representert. I tillegg er økonomi blitt ein del av fagtilbodet. Utan statstilskot måtte NLA basera drifta på private gåver dei første åra.Første statstilskot kom i 1977. I dag står staten for brorparten av finansieringa. Det betyr også at kontakten med og avhengigheten av kristenfolket er mindre enn før.Undervisingsopplegg ogundervisingsformer har skifta i takt med endringar i utdanningspolitikken.

Samstundes har NLA kjempa for å ta vare å ta vare påogvidareutvikla eigenarten sin. Den raude tråde Korgodt institusjonen har lukkast ereit vanskeleg spørsmål å svara på. Held meoss til undervisingstilbodet, tør det vera grunnlag for å seia dette.Kristendomsfaget, som lenge var hovudfaget ved NLA, var på mange vis tradisjonelt. Dei fleste læraranehadde bakgrunn frå MF. Det nye var innslag av religionspedagogiske perspektiv. I pedagogikkfaget fekk det kristne menneskesynet og grunnlagsspørsmålaein framskoten plass.

På ein del område staka også lærarutdanningane utein ny kurs. Nærleik til studentane og tett på praksisfeltet (barnehage- ogskulekvardagen) var sentrale element i utforminga. I nyare tid, med endå fleire fag, er biletet meir samansett. Men NLA forstår seg framleis som ein verdiorientert høgskule med tydeleg forankring i det kristne livssynet. Og det har i grunnen vore den raude tråden i alle år.