Trua som ikkje la ut på reise

Oppgåva frå Servusredaksjonen var å skriva om mi trusreise. Det slo meg at trua mi visst aldri har vore ute og reist. Eg har ei heimeverande tru.

Eg kan ikkje fortelja ei spennande historie om korleis det gjekk til at eg vart kristen.

Min merkedag er dåpsdagen min då eg fekk det heilage korsteiknet på panna og bringa, som det heitte den gongen. Ja, kanskje var det også ei stadfesting av noko som hadde skjedd langt tidlegare fordi foreldra mine hadde bore meg til Guds hjarte i bønene sine lenge før eg såg dagslys. «Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud» lyder det i Salme 22.

Då eg for ein del år sidan fekk ein alvorleg sjukdom, kom ein god ven som er prest, heim til oss; han bad for meg og salva meg ved å dyppa fingeren sin i olje og teikna eit kors i panna mi. Eg opplevde det som å vera attende ved døypefonten. Det gjorde godt! Eg vart ikkje frisk, men eg fekk ei påminning om at eg høyrde Gud til og var barnet hans. Det gir meg tryggleik.

Men treng eg ikkje tenkja over kva trua inneber, og tar eg ikkje viktige eksistensielle spørsmål på alvor? Har eg gjort døypefatet om til ein triveleg badebalje der eg som eit lite gudsbarn kan plaska uforstyrra rundt?

Nei, tankane er ikkje fråkopla. Eg forstår at mange er frustrerte både over kyrkja og dei kristne, og over ein Gud, om han no finst, som ikkje grip inn og ryddar opp i ei kaotisk og truga verd. Eg meiner heller ikkje at det er berre å la alt skura og gå. Vi skal arbeida for det gode med dei kreftene og midlane vi har.

Men erfaringar i livet, møte med andre menneske, med kunst av mange slag, litteratur og Bibel, har tilført trua mi næring. Om trua mi er blitt verande heime, har ho likevel vakse.

Stundom tenkjer eg at trua er sterkare enn tanken. Der tanken slåst med store spørsmål og vert utsliten av mangel på svar, lever trua berre. Det er nåde. Når livet har bydd meg utfordringar, sjukdom og tap, har Gud vore ein solvarm bergvegg å lena seg mot. Motet har svikta, gleda har kjempa, men trua har ikkje slokna. Den er ein tilstand i Guds nærleik. Jag lutar åt Gud heiter ei svensk bok som kom for nokre år sidan. Sjølv om eg har lita tru på meg sjølv og er full av sjølvforakt og mismot på eigne vegner, tviler eg ikkje på at Gud elskar meg. Det er nåde for meg!

Eg vonar trua mi slepp å leggja ut på reise. Eg vonar eg kan få vera barn hjå Gud all min dag og få lov til å døy heime.