«Også vi når det blir krevet» - om leiarskap i krisetider

Menneske reagerer ulikt når ei krise treff oss. Nokre av oss er mest freista til å hoppa til sengs, trekkja dyna godt over hovudet og venta til krisa (forhåpentlegvis) er over. Andre ser ut til å få masse energi når det stormar som verst.

Koronakrisa har kravt leiarskap av mange menneske både her til lands og i resten av verda. Men kva greip dei til, dei som måtte ta ansvar når krisa sette inn? Det sikraste med denne krisa er at ho er eit møte med ei verd som framstår både usikker og vilkårleg. Ordet «krise» kjem frå gresk – krisis. Det viser til ei skjebnesvanger hending eller endring som utfordrar oss på vår evne til å utøva godt skjønn, god dømmekraft.

Då koronakrisa begynte å utfalda seg i Noreg, fekk kollega Joar Haga og eg (Bård Norheim) ideen til å laga ein podcast som kunne tilby fagleg refleksjon i krisetider, Akademisk karantene. I ein av podcast-episodane (episode 15) våre fekk vi besøk av Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo. Sunde fortalde historia om kong Magnus Lagabøte (1238–1280) og korleis hans erfaringar i barne- og ungdomstida forma han til kongsgjerninga. Magnus var ikkje tiltenkt rolla som konge og fekk difor si utdanning hos fransiskanarane, som nettopp hadde etablert seg med eit kloster inst inne ved Vågen i Bergen. Her budde dei fattige, dei «elendige.» Magnus var difor eit kongsemne som vaks opp i det vi ville kalla for slummen.

«Det sikraste med denne krisa er at ho er eit møte med ei verd som framstår både usikker og vilkårleg»

I podcasten gjer Sunde eit poeng ut av at Magnus Lagabøte er den einaste kongen som har hatt inngåande kjennskap både til toppen og botnen i samfunnet. Denne «utdanninga» sette han truleg betre i stand til å stilla seg i andre menneske sin «stad». Erfaringa hos fransiskanarane vart avgjerande då Magnus seinare – som konge – skulle utforma ei lov som prøvde å adressera det akutte fattigdomsproblemet som hadde oppstått etter at trælsamfunnet var avvikla og ættesamfunnet kollapsa ved overgangen til 1200-talet. (Vil du høyra meir om Magnus Lagabøte, kan du sjekka ut denne episoden):

Kva kan så historia om Magnus Lagabøte fortelja oss om det å utvikla god dømmekraft – eit skjønn som vi kan henta fram når situasjonen krev at vi tek ansvar, t.d. i ei krise som koronakrisa? Det er sjølvsagt fleire element i dette, men eit avgjerande moment handlar om å stendig reflektera over våre eigne erfaringar og vår historie i lys av andre sine erfaringar og historie. Den danninga som skjer når vi øver oss på å setja oss i andre menneske sin «stad», viser også veg til det som er NLA Høgskolen sitt motto – fordi nokon treng deg.