Inspirasjon til ei berekraftig jul
Bilettekst: Studentane Nelson Miancho, Ragnhild Marie Ruud og Andreas Solberg fortel at dei har tileigna seg mange gode erfaringar om berekraftig utvikling i prosjektperioden til barnehagelerarutdanninga i haust.
Jula er rett rundt hjørnet, og det er hyggjeleg med både julemusikk og andre koselege juleaktivitetar – til dømes juleverkstad, meiner barnehagelærarstudentane ved NLA Høgskolen i Bergen. Dei har samla seg for å lage julepynt som anten er heimelaga eller er laga av gjenbruksmateriale. Studentane peikar på at berekraft også er viktig i jula. Noko av årsaka til engasjementet er at dei i haust har arbeidd saman i eit prosjekt med problemstillinga «Korleis formidlar ein berekraftig utvikling til barn i barnehagen?».
Studentane har nytta ulike verkemiddel for å øve seg på formidling til barna dei skal møte i barnehagen når dei kjem i jobb om nokre år, men også i praksisperiodar som dei har i løpet av utdanninga si.
Verdifulle erfaringar
Andreårsstudentane fortel at dei tileigna seg mange verdifulle erfaringar i løpet av prosjektperioden. Student Ragnhild Marie Ruud trekkjer spesielt fram verdien av å vise barna kva søppel i naturen kan føre til, og kor viktig det er å auke medvitet til barna.
– I tillegg vart mathagane eit praktisk verktøy der vi har planta gulrøter og poteter slik at barna faktisk kunne sjå kvar maten kjem frå, legg ho til.
– Alt heng saman
Oda Lehren fortel at ho ikkje har arbeidd i barnehage før, og at ho derfor tileigna seg gode erfaringar om formidlinga av eit viktig tema i prosjektperioden. Også barnehagelærarstudenten Andreas Solberg fortel at han fekk god innsikt i korleis det er mogleg å ta med seg berekraftig læring og undervisning inn i barnehagen.
– Prosjektet hjelpte oss til å formidle kvifor naturen er viktig å ta vare på. Mathagen hjelpte oss òg til å vise barna korleis vi kan lage vår eiga kompostjord, legg han til.
Nelson Miancho fortel at det greip han korleis alt heng saman.
– Alt frå verdsøkonomien til korleis FN er blanda inn i dette, og kvifor vi må prøve å ha med oss berekraftsperspektivet i alt vi gjer. Derfor er det viktig å samarbeide, og det startar faktisk med den eine personen som kan bidra til å utgjere ein forskjell, presiserer han.
Sentral berekraftstematikk
Undervisninga i «Natur, helse og rørsle»-emna ved NLA og dei nasjonale retningslinjene for barnehagelærarutdanninga set søkjelys på berekraftig utvikling, fortel førstelektor Sigve Ladstein ved NLAs lærarutdanning på Breistein i Bergen.
YNSKJER AUKA FORSTÅING AV BEREKRAFTSTEMATIKK: Førstelektor Sigve Ladstein.
— Vi gjennomfører eit årleg tverrfagleg berekraftsseminar i barnehagelærarutdanninga, og grunnskulelærarutdanninga har òg berekraftstematikk på profesjonsdagar der alle studentane deltek, opplyser Ladstein.
— Det blir òg undervist om berekraftig utvikling i naturfaglege emne, men også i andre fag, som økonomiutdanninga til NLA, som bidreg til å auke forståinga
av berekraftstematikken, avsluttar førstelektoren.