VUMU1G5 Musikk 1 5.-10.trinn

Alle versjoner:
VUMU1G5 (2021—2022)
VUMU1G5 (2020—2021)
VUMU1G5 (2019—2020)
VUMU1G5 (2018—2019)
VUMU1G5 (2017—2018)

Emnekode: VUMU1G5

Emnenavn: Musikk 1 5.-10.trinn

Undervisningssemester: Høst

Steder: Bergen

Studieår: 2017–2018

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan.

Relevans i studieprogrammet

Valfritt relevant emne i grunnskulelærarutdanninga 5-10

Emnet kan tas som enkeltemne.

Innledning

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikk­studiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske utvikling, og deira fagdidaktisk kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.

Faget skal gi grunnleggande innsikt i musikk som eit utøvande, skapande og lyttande fag, estetiske læringsprosessar og kreativitet, den norske og internasjonale musikk­arven, i musikk som fleirkulturelt samfunnsfenomen og i musikk som identitetsskapande uttrykksform. Det skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og faglege vekst og gi dei opplæring i å kunne ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med faget skal på alle nivå omfatte forskingsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksis­feltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå.

Faget skal gjere studentane fortrulege med progresjon i musikkfagleg læring, musikalsk ungdomskultur, media og teknologi, og med vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter og kompetansar, slik desse er utforma i gjeldande læreplan for musikk i grunnskulen. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgende læringsutbytte:

KUNNSKAP

Studenten

  • har kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie
  • har forskningsbasert kunnskap om læring, estetiske og kreative læringsprosessar og ulike tilnærmingar til progresjon i musikkundervisning
  • har kunnskap om musikalsk ungdomskultur, media og teknologi
  • har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggar for musikkopplæring
  • har kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell for musikkfaget og kan vurdere desse kritisk
  • har kunnskap om et breitt utval musikk frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar og om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike samfunnskontekstar og medier
  • har kunnskap om ulike omgrep og ulik fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere, og kan uttrykke seg musikalsk på ulike instrument
  • kan danse til og med musikk og meistrar eit utval av tradisjonelle og moderne dansar frå ulike kulturar til bruk i musikkundervisning
  • kan lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar og vise kunnskap om denne musikken gjennom munnlege, skriftlege og andre uttrykksformer
  • kan improvisere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og musikkteknologiske verktøy
  • meistrar ulike innfallsvinklar til progresjon i musikkfaget og til vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter og kompetansar i skulefaget musikk
  • kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer og metodar for skulefaget musikk
  • kan leie prosessar i musisering, komponering og lytting for elevar
  • kan planlegge og gjennomføre tilpassa musikkopplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhengar mellom mål, innhald og vurderingsformer i musikkfaget
  • kan initiere fagleg samarbeid og legge til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege prosjektarbeid
  • har innsikt i musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i eit samfunn prega av mangfald
  • kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere

Innhold

Valfaget Musikk 1 gir studenten grunnleggande erfaringsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd og grunnleggande pedagogisk forståing knytt til bruk av musikk og musikkrelaterte aktivitetar i skulen på trinna 5-10.

Undervisninga er organisert i hovudområda musisering, komponering, lytting og didaktikk.

Musisering: Her legger vi vekt på at studenten skal få utvikle ferdigheiter innanfor song, spill, leik og rørsle. Studenten skal innanfor desse områda også tileigne seg eit repertoar som kan brukast i skulen på trinn 5-10. Hovudområdet involverer øving på eige instrument og på akkompagnementsinstrument (gitar eller piano) og samspel på ulike instrument, som til dømes bandinstrument, stavspel og rytmeinstrument.

Komponering: Studenten skal her få erfaring med å ta i bruk eigne skapande evner gjennom improvisering og komponering. Det vil bli lagt til rette for at studenten skal tileigne seg grunnleggande ferdigheiter i improvisasjon og komponering blant anna gjennom leik med og utforsking av musikalske grunnelement, få innsikt i grunnleggande musikkteori og musikalsk analyse, og få erfaring med å lage ulike typar komposisjonar og arrangement. I hovudområdet inngår bruk av IKT i form av opptaksutstyr og musikkprogram.

Lytting: Innanfor lytting som hovudområde skal studenten få moglegheit til å beherske grunnleggande musikkteori og høyrelære og skal kjenne til sentrale trekk i norsk folkemusikk og i Vestens musikkhistorie. Gjennom aktiv lytting og refleksjon skal studenten få kunnskap om musikk både som estetisk og kulturelt objekt. IKT vil bli brukt i form av høyrelæreprogram.

Didaktikk: Hovudområdet inneheld både teoretiske og metodiske komponentar. Studenten skal her få moglegheit til å tileigne seg kunnskap om musikk som fag i skulen og bli kjent med ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk på trinn 5-10. Nokre av dei emna som blir tatt fram er:  Musikalsk ungdomskultur, media og teknologi, ulike former for kunnskap i musikk, tilpassa opplæring,  grunnleggande ferdigheiter i musikk og læreplan i musikk.

I dette hovudområdet vil det også bli arbeidd med fagdidaktisk teori og metode innan hovudområda musisering, komponering og lytting. Det arbeidast mot at studenten skal utrustast til å kunne planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 5-10 og utvikle evne til didaktisk refleksjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Musikkfaget krev ein stor bredde i arbeidsformer. Undervisninga vil skje i førelesningar, seminar, mindre grupper og individuelt.

Arbeidsomfang

900 timar.

Arbeidskrav

Følgande arbeidskrav inngår i studiet:

  • Didaktikk: eit gitt tal oppgåver, i dette skriftleg didaktisk oppgåve og praksisrapport
  • Lytting: Forprøve i grunnleggande musikkteori og høyrelære, eit gitt tal teori- og lytteoppgåver og deltaking på ekstern konsert (med refleksjon)
  • Komponering: Eit gitt tal oppgåver
  • Musisering: Aktiv deltaking på førebuing og gjennomføring av ulike ensemble (konsertar, prøve-eksamen o.l.)
  • Deltaking på kurs i tradisjonsmusikk
  • Deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte).

Alle arbeidskrav er obligatoriske. Nærmare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i semesterplanen. Arbeidskrav vurderast som godkjent eller ikkje godkjent tel ikkje ved fastsetting av endeleg karakter for studiet.

Alle arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikke godkjent

Avsluttende vurdering

  • 6 timars individuell, skriftleg skuleeksamen med spørsmål frå hovudområda lytting og didaktikk. Denne eksamen tel 49 % av endeleg karakter i Musikk 1  
  • I tillegg skal studentane ha ein praktisk/munnleg eksamen med desse elementa:
  • Gruppeoppgåve i musisering og komponering, med tilhøyrande samtale
  • Akkompagnementsinstrument og song

Førebuingstid er tre dagar. Det gis ein samla karakter på praktisk/munnleg eksamen. For å få ståkarakter på praktisk/munnleg eksamen, må studenten stå på begge delane. Denne eksamenen tel 51 % av endeleg karakter på Musikk 1.

          Ved eventuell gjentatt eksamen må begge delane tas opp att.

Tillatte hjelpemidler

Skriftleg eksamen: LK-06

Praktisk/munnleg eksamen: Alle

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan

Evaluering av emnet

Det vil bli emneevaluering etter kvalitetssystemet for NLA Høgskulen.

Tilbys som enkeltemne

Ja. gjelder ikke studenter med opptak til grunnskolelærerutdanningen.

Pensum

Ophus, Tone (2011). Nyt notene. Oslo: Norsk Musikkforlag A/S

Hanken, Ingrid M. og Johansen, Geir (2013). Musikkundervisningens didaktikk. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.

Sætre, Jon Helge & Salvesen, Geir (red.) (2010). Allmenn musikkundervisning. Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag.

Tronshaug, Hans Jacob Høyem og Svein Tørnquist (2010). Musikk i perspektiv1. Fagbokforlaget (Bøkene finnes både på bokmål og nynorsk).

Tronshaug, Hans Jacob Høyem og Svein Tørnquist (2011). Musikk i perspektiv2. Fagbokforlaget (Bøkene finnes både på bokmål og nynorsk).

Kompendium

Lyttepensum i musikkhistorie