GL17NO1DES Norsk 1, desentralisert 1.-7.trinn
Alle versjoner:
GL17NO1DES (2017—2018)
Emnekode: GL17NO1DES
Emnenavn: Norsk 1, desentralisert 1.-7.trinn
Undervisningssemester: Oppstart høst, undervisning over to semestre
Steder: Bergen
Studieår: 2017–2018
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 30 poeng
Enkeltemne: Nei
Forkunnskapskrav
Generell studiekompetanse.
Relevans i studieprogrammet
Norsk 1 er eit obligatorisk fag i grunnskulelærarutdanninga 1.-7.trinn.
Læringsutbytte
Ved NLA Høgskolen går Norsk 1 1. – 7. trinn deltid (30 stp) over to semester à 15 studiepoeng. Det tyder at følgjande læringsutbytte, frå Nasjonale retningslinjer fra grunnskolelærerutdanningen 1.-7. trinn, gjeld etter fullført studium. Nokre av punkta vert lagt vekt på i begge semester medan andre har hovedfokus i første eller andre semester.
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg
- har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har kunnskap om lese- og skrivestrategiar
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk og innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har gode kunnskapar om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot ungdom og vaksne lesarar
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag
FERDIGHEITER
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1. til 7. trinn og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1. til 7. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
- kan kartleggje lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan leggje til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over tekstars kvalitet og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- kan leggje til rette for møte med tekstar på dansk og svensk, både munnlege og skriftlege, og samiske og utanlandske tekstar i omsetjing
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- kan bidra til å utvikle lokale læreplanar
- kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbytte til elevane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere digitale, samansette tekstar
- kan stimulere den estetiske sansen til elevane
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Innhold
Faget vil ha særleg fokus på lese- og skriveopplæringa, både begynneropplæringa og den andre lese- og skriveopplæringa, og forholdet mellom litteratur, verdiar og etikk i eit danningsperspektiv. Studentane skal utvikle både sin eigen språkbruk og kunnskap om språk og tekst, samt reflektere over og bruke denne kunnskapen i møte med praksis og andre fag. Norskfaget kan samarbeide med andre fag om emne det er naturlig å samarbeide om.
Faget er modulbasert i to emne/modular à 15 studiepoeng. Modul 1 vil ha fokus på litteratur og litteraturdidaktikk, modul 2 på språk, språkdidaktikk og begynnaropplæring.
Modul 1: Litteratur i skulen
- Litteraturteori
- Litteraturdidaktikk
- Læraren som lesar
- Eleven som lesar
- Barnelitteratur
- Ungdomslitteratur
Modul 2: Språk i skulen og begynnaropplæring
- Språket som system
- Språket i bruk
- Fleirspråklegheit
- Språkutvikling
- Lese- og skriveteoriar
- Lese- og skriveopplæring
- Kartlegging og vurdering
- Tilpassa opplæring
Arbeids- og undervisningsformer
Faget vil ha førelesingar knytt til kvart emne. Utover desse vil studentaktive læringsformer verte vektlagt. Studentane vert delte inn i faste grupper som arbeider saman i seminar, i læringsgrupper og på nett.
Gjennom læringsaktivitetane skal studenten utvikle forståing for samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. Eiga språkutvikling vil også stå i fokus, og studenten vil få rettleiing på både munnleg formidlingsevne og skriftleg formuleringsevne i bokmål og nynorsk. Skriftspråka er sidestilte. Alle undervisnings- og læringsaktivitetar er obligatoriske.
Arbeidsomfang
Om lag 850 timar.
Arbeidskrav
Arbeidskrav knytt til kvar modul:
- Obligatoriske førelesingar, seminar og læringsgrupper
- Eit seminarinnlegg
- To læringsgruppeinnlegg
- Ei praksisoppgåve/didaktisk oppgåve
- Ein breiddetest
- Utkast til to fagtekstar. Faglærar responderer på ein av desse og medstudent(ar) responderer på den andre.
- Respons på minst ein medstudents fagtekstutkast
Nærare opplysningar om innhald i arbeidskrav og tidspunkt for gjennomføring vert gjeve i semesterplanen for faget ved studiestart. Obligatoriske arbeidskrav vert vurderte som godkjende eller ikkje godkjende og tel ikkje ved fastsetjing av endeleg karakter for studiet. Alle obligatoriske oppgåver må være godkjende før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå elles «Forskrift om studier ved NLA Høgskolen»
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent / Ikke godkjent
Avsluttende vurdering
- Mappeeksamen på oppgjeve skriftspråk i modul 1. Mappa skal innehalde utvida og gjennomarbeidde arbeidskrav gjennomført i semesteret. Delar av innhaldet vert bestemt ved trekking og gjort kjent fjorten dagar før innlevering.
Studenten får rettleiing på delar av arbeidet undervegs i prosessen. Studenten vert vurdert etter fagleg kunnskap, fagdidaktisk kunnskap og refleksjon og etter skriftleg formuleringsevne.
- Sekstimars skuleeksamen på oppgjeve skriftspråk i modul 2.
Tillatte hjelpemidler
Mappeeksamen: Alle
Skuleeksamen: Ingen
Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering
Ved begge eksamenane vert det gjeve karakter etter ein gradert skala med seks trinn fra A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Dei to karakterane tel likt.
Eksamensspråk
Norsk.
Praksis
Sjå eige praksisplan for grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn, deltid.
Evaluering av emnet
Emnet vert evaluert etter kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.
Tilbys som enkeltemne
Nei.
Pensum
Modul 1: Litteratur i skulen
Teori
Andersen, P. T., Mose, G. & Norheim, T. (Red.) (2012). Litterær analyse. En innføring. Oslo: Pax forlag. (Kap. 1, 2, 6, 8 og 9).
Birkeland, T. og Mjør, I. (2012). Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar (kap.1-4 og 6-10). Oslo: LNU/Cappelen Damm Akademisk Forlag.
Birkeland, T., Risa, G. og Vold, K.B. (2005). Norsk barnelitteraturhistorie (s. 375-428). Oslo: Det Norske Samlaget. (Resten av boka er referanselitteratur)
Bjorvand, A. M. (2002). Når barn leser bildebøker. I A. M. Bjorvand og E. S. Tønnessen (red.) Den andre leseopplæringa. Utvikling av lesekompetanse hos barn og unge (s. 69-81). Oslo: Universitetsforlaget.
Ellingsen, E. (2008). Samtaler om litteratur i klasserommet. I E. Selj og E. Ryen, Med språklige minoriteter i klassen. Språklige og faglige utfordringer (s. 67-86). Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.
Helgevold, L. (Red.). (2006). Bok i bruk på femte til sjuende trinn. Stavanger: Lesesenteret.
Hennig, Å. (2010). Litterær forståelse. Innføring i litteraturdidaktikk (kap. 1-15 og s. 263-272). Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag.
Hoel, T. (red.). (2008). Gutter og lesing – lesevaner, lesetips, nye medier. Stavanger: Lesesenteret.
Håland, A. (red.). (2006). Bok i bruk på første til fjerde trinn. Stavanger: Lesesenteret.
Larsen, L. J. (2005). Identitet, dannelse og kommunikasjon. I B. K. Nicolaysen & L. Aase (red.), Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv Oslo: Det Norske Samlaget. (s. 88-105). (Kompendium)
Lillevangstu M., Tønnessen, E.S. og Dahll-Larssøn, H. (red.). (2007). Inn i teksten - ut i livet. Nøkler til leseglede og litterær kompetanse (kap. 2-12). Bergen: Fagbokforlaget / LNU.
Liset, M. S., Eskild, H., Brøyn, T., Grimnes, L., Sundal, M. Dahlsveen, H. Å kunne uttrykke seg muntlig. Ressurshefte. [Oslo]: Landslaget Drama i skolen.
Maagerø, E. og Tønnessen, E.S. (2002). På vandring i fortellingens og kulturens skoger. I A. M. Bjorvand og E. S. Tønnessen, Den andre leseopplæringa. Utvikling av lesekompetanse hos barn og unge (s.11-34). Oslo: Universitetsforlaget.
Maagerø, E. (2002). Utvikling av sjangerkompetanse. I A. M. Bjorvand & E. S. Tønnessen (Red.), Den andre leseopplæringa. Utvikling av lesekompetanse hos barn og unge. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 35-52). (Kompendium).
Maagerø, E. (2002). Heltefortellinger og andre fortellinger med lykkelig slutt. I A. M. Bjorvand & E. S. Tønnessen (Red.), Den andre leseopplæringa. Utvikling av lesekompetanse hos barn og unge Oslo: Universitetsforlaget. (s.174-195). (Kompendium).
Penne, S. (2001). Norsk som identitetsfag. Oslo: Universitetsforlaget. (Del 2 og 5). (Kompendium).
Slettan, S. (2004). Barnelitteraturens dialoger. Tre perspektiver på norsk barnelitteratur. I A. M. Bjorvand og S. Slettan (red.), Barneboklesninger. Norsk samtidslitteratur for barn og unge (s.7-22). Bergen: Fagbokforlaget / LNU.
Tekstar
Utvalet vert kunngjort ved semesterstart
Eit læreverk for begynnaropplæringa
Eit læreverk for mellomtrinnet
Ein norsk roman for vaksne frå 2010 eller seinare
Ein vaksenroman
Fem biletbøker
Fem forteljingsbøker for barn
To fagbøker for barn
Ei samling dikt og korttekstar
Modul 2: Språk i skulen. Begynnaropplæring
Bråten, I. (2007). Leseforståelse - komponenter, vansker og tiltak. I I. Bråten (red.), Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet - teori og praksis (s. 45-81). Oslo: Cappelen Damm. (Kompendium)
Budal. I. B. (red.) (2015). Språk i skolen. Grammatikk, retorikk, didaktikk. Bergen: Fagbokforlaget/ NLU (kap. 3-5 og kap.7 - 8)
Engen, L. og Andreassen, A. B. (2007). Ny start for skriftspråklig utvikling. Stavanger: Lesesenteret. (Kan lastes ned fra: http://lesesenteret.uis.no/boeker-hefter-og-materiell/boeker-og-hefter/ny-start-for-skriftspraaklig-utvikling-article80039-12686.html)
Flatøy, I. (2010). Den digitale abc-boka. I Tønnessen, E. S. (red.), Sammensatte tekster. Barns tekstpraksis (s. 79-97). Oslo: Universitetsforlaget.
Færevaag, M. & Gabrielsen, N.N. (2014). Kartlegging av lese- og skriveferdighet. I K. Lundetræ & F. E. Tønnessen (red.), Å lykkes med lesing. Tidlig innsats og tilpasset leseopplæring (s. 196-222). Oslo: Gyldendal Akademisk. (Kompendium)
Håland, A. (red.). (2005). Leik og læring. Grunnleggjande lese- og skriveopplæring på 1. trinn. Stavanger: Lesesenteret. (Kan lestes ned fra: http://lesesenteret.uis.no/boeker-hefter-og-materiell/boeker-og-hefter/leik-og-laering-article80042-12686.html)
Klæboe, G. & Sjøhelle, D. K. (2013). Veiledet lesing og skriving i begynneropplæringen (s. 55-95). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (Kompendium)
Håland, A. & Lorentzen, R. T. (2007). Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget. Oslo: Universitetsforlaget. (s.14-105).
Knivsberg, A. & Heber, E. (2009). Lese- og skrivevansker. Fra teori til IKT-baserte tiltak. Stavanger: Lesesenteret. (Utdrag). (Kompendium).
Kulbrandstad, L., Kulbrandstad, L. I. & Kvifte, B. (2005). Inn iSpråkets mønstre. Oppgavesamling. Oslo: Universitetsforlaget. (Utvalg.) (Kompendium).
Lundberg, I. & Herrlin, K. (2008). God leseutvikling. Kartlegging og øvelser. Oslo: Cappelen Damm.
Lundberg, I. (2009). God skriveutvikling. Kartlegging og undervisning. Oslo: Cappelen Damm.
Lyster, S. A. H. (2009). Ordforråd og leseutvikling. I J. Frost (red.), Språk- og leseveiledning. - i teori og praksis (s. 231-253). Oslo: Cappelen Damm. (Kompendium)
Matre, Synnøve. (2005). Dei yngste barna og nynorsken. Om språkutvikling, språkstimulering og tidleg skriving. I A. S. Nordal (red.), Didaktiske perspektiv på nynorskopplæring (s. 43-64). Høgskulen i Volda: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. (Kompendium)
Matre, S. (2009). Om språk og språkutvikling. I J. Smidt (red.), Norskdidaktikk - ei grunnbok (s. 46-77). Oslo: Universitetsforlaget. (Kompendium)
Penne, S. & Hertzberg, F. (2015). Muntlige tekster i klasserommet (kap. 1 og 3-8). Oslo: Universitetsforlaget.
Skjelbred, D. (2014). Elevens tekst. Et utgangspunkt for skriveopplæring. Oslo: Cappelen Damm Akademisk Forlag.
Stangeland, E. B. & Færevaag, M. K. (2014). Barn vi skal være spesielt oppmerksomme på i begynneropplæringen. I K. Lundetræ & F. E. Tønnessen (red.), Å lykkes med lesing. Tidlig innsats og tilpasset leseopplæring (s. 68-97). Oslo: Gyldendal Akademisk. (Kompendium)
Traavik, H. & Jansson, B. K. (Red.). (2013). Norskboka 1. Norsk for grunnskolelærerutdanning1-7. Oslo: Universitetsforlaget. (Kap. 1-6, 9 og 11-13).
New Zealand Ministry of Education (2003). Å lese for livet. Barn lærer å lese (s. 68-95). Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. (Kompendium).
Tekstar
Utvalet vert kunngjort ved semesterstart
Eit læreverk for begynnaropplæringa
Ei samling korttekstar
Tre biletbøker