GL17MUS1 Musikk 1 1.-7. trinn

Alle versjoner:
GL17MUS1 (2023—2024)
GL17MUS1 (2022—2023)
GL17MUS1 (2021—2022)
GL17MUS1 (2020—2021)
GL17MUS1 (2019—2020)
GL17MUS1 (2018—2019)
GL17MUS1 (2017—2018)

Emnekode: GL17MUS1

Emnenavn: Musikk 1 1.-7. trinn

Undervisningssemester: Høst

Steder: Bergen

Studieår: 2019–2020

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan.

Relevans i studieprogrammet

Valfritt relevant emne i grunnskulelærarutdanninga 1-7.

Emnet kan tas som enkeltemne.

Innledning

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikk-studiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudentane si eiga musikalske utvikling og deira fagdidaktiske kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere musikkundervisning. Faget skal gi grunnleggande innsikt i musikk som eit utøvande, skapande og lyttande fag, estetiske læringsprosessar og kreativitet, den norske og internasjonale musikkarven, i musikk som fleirkulturelt samfunnsfenomen og i musikk som identitetsskapande uttrykksform. Det skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og deira faglege vekst. Faget skal gi studentane opplæring slik at dei kan ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med faget skal på alle nivå omfatte forskningsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fag og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå.

Faget skal gjere studentane fortrulege med begynnaropplæring i musikk, musikalsk barnekultur, og i grunnleggande ferdigheiter og kompetansar, slik desse er utforma i gjeldande læreplan for musikk i grunnskulen. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgande læringsutbytte:

KUNNSKAP

Studenten

  • har kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie
  • har forskningsbasert kunnskap om læring og estetiske og kreative læringsprosesser knytt til begynnaropplæring i musikk
  • har kunnskap om musikalsk barnekultur og barns musikalske utvikling, uttrykksformer, kreativitet, identitet og faktorar som verkar inn på slik utvikling
  • har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggar for musikkopplæring
  • har kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell for musikkfaget og kan vurdere desse kritisk
  • har grunnleggande kunnskap om et breitt utval musikk frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar, og om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike samfunnskontekstar og medier
  • har kunnskap om ulike omgrep og ulik fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere, og kan uttrykke seg musikalsk på ulike instrument
  • kan leike til og med musikk og meistrar eit variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar til bruk i musikkundervisning
  • kan lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar og vise kunnskap om denne musikken gjennom munnlege, skriftlege og andre uttrykksformer
  • kan improvisere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy
  • meistrar ulike innfallsvinklar til begynnaropplæring og progresjon i musikkfaget og er fortruleg med grunnleggande ferdigheiter og kompetansar i skulefaget musikk
  • kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og vurderingsformer for skulefaget musikk
  • kan leie prosessar i musisering, komponering og lytting for elevar
  • kan planlegge og gjennomføre tilpassa musikkopplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhengar mellom mål, innhald og vurderingsformer i musikkfaget
  • kan initiere fagleg samarbeid og legge til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
  • har innsikt i musikken si rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i samfunn prega av mangfald
  • kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere

Innhold

Valfaget Musikk 1 gir studenten grunnleggande erfaringsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd og grunnleggande pedagogisk forståing knytt til bruk av musikk og musikkrelaterte aktivitetar i skulen på trinna 1-7.

Undervisninga er organisert i hovudområda musisering, komponering, lytting og didaktikk.

Musisering: Her legg vi vekt på at studenten skal få utvikle ferdigheiter innanfor song, spel, leik og rørsle. Studenten skal innanfor desse områda også tileigne seg eit repertoar som kan brukast i skulen på trinn 1-7. Hovudområdet involverer øving på eige instrument og på akkompagnementsinstrument (gitar eller piano) og samspel på ulike instrument, som til dømes bandinstrument, stavspel og rytmeinstrument.

Komponering: Studenten skal her få erfaring med å ta i bruk eigne skapande evner gjennom improvisering og komponering. Det vil bli lagt til rette for at studenten skal tileigne seg grunnleggande ferdigheiter i improvisasjon og

komponering blant anna gjennom leik med og utforsking av musikalske grunnelement, få innsikt i grunnleggande musikkteori og musikalsk analyse, og få erfaring med å lage ulike typar komposisjonar og arrangement. I hovudområdet inngår bruk av IKT i form av opptaksutstyr og musikkprogram.

Lytting: Innanfor lytting som hovudområde skal studenten få moglegheit til å beherske grunnleggande musikkteori og høyrelære og skal kjenne til sentrale trekk i norsk folkemusikk og i Vestens musikkhistorie. Gjennom aktiv lytting og refleksjon skal studenten få kunnskap om musikk både som estetisk og kulturelt objekt. IKT vil bli brukt i form av høyrelæreprogram.

Didaktikk: Hovudområdet inneheld både teoretiske og metodiske komponentar. Studenten skal her få moglegheit til å tileigne seg kunnskap om musikk som fag i skulen og bli kjent med ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk på trinn 1-7. Nokre av dei emna som blir tatt fram er: Barns musikalitet, ulike former for kunnskap i musikk, tilpassa opplæring, grunnleggande ferdigheiter i musikk, begynneropplæring i musikk og læreplan i musikk. I dette hovudområdet vil det også bli arbeidd med fagdidaktisk teori og metode knytt til begynnaropplæring i hovudområda musisering, komponering og lytting. Det arbeidast mot at studenten skal utrustast til å kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 1-7 og utvikle evne til didaktisk refleksjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Musikkfaget krev ein stor bredde i arbeidsformer. Undervisninga vil skje i førelesningar, seminar, mindre grupper og individuelt arbeid og aktivitet.

Arbeidsomfang

900 timar.

Arbeidskrav

Følgande arbeidskrav inngår i studiet:

  • Deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)
  • Didaktikk: eit gitt tal oppgåver, i dette skriftleg didaktisk oppgåve og praksisoppgåve
  • Lytting:
    • Prøve i musikkhistoriske emne og musikkdidaktikk (Varighet: 3t) og deltaking på ekstern konsert (med refleksjon)
    • Arbeidskravsprøve i musikkteori og høyrelære
    • Eit gitt tal teori- og lytteoppgåver
  • Komponering: Eit gitt tal oppgåver
  • Musisering: Aktiv deltaking på førebuing og gjennomføring av ymse aktivitetar (konsertar, instruksjon eller liknande)
  • Deltaking på kurs i tradisjonsmusikk

Alle arbeidskrav er obligatoriske. Nærmare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i semesterplanen. Arbeidskrav vurderast som godkjent eller ikkje godkjent  og tel ikkje ved fastsetting av  endeleg karakter for studiet.

Alle arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikke godkjent

Avsluttende vurdering

Eksamen er praktisk/munnleg med desse elementa:

  • Metodisk instruksjon av medstudentar. Oppgåva kan omfatte song, samspel, rørsle, arrangering og komponering. Det gis 48 timar til førebuing.
  • Akkompagnementsinstrument og song.
  • Høyring i studentens metodiske ferdigheitsmappe.

Det gis éin individuell karakter på  praktisk/munnleg eksamen. For å få ståkarakter, må studenten stå på alle delane. Ved eventuell gjentatt eksamen må alle delane tas opp.Nærmare opplysningar om eksamensavviklinga vil bli gitt på læringsplattforma Canvas.

Tillatte hjelpemidler

Blir spesifisert nærmare for den enkelte del

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Praktisk/munnleg eksamen: Vurderast individuelt med gradert karakter  A til F, der F er ikkje stått..

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan

Evaluering av emnet

Det vil bli emneevaluering etter kvalitetssystemet for NLA Høgskulen.

Tilbys som enkeltemne

Nei.

Pensum

Ophus, Tone (2011). Nyt notene. Oslo: Norsk Musikkforlag A/S

Hanken, Ingrid M. og Johansen, Geir (2013). Musikkundervisningens didaktikk. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag (kapittel 1-5, 11-14)

Sætre, Jon Helge & Salvesen, Geir (red.) (2010).  Allmenn musikkundervisning. Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag (kapittel 1, 4, 8, 11-14)

Brunsvik, Geir m.fl. (2000): Ekko 1. Musikkorientering VK1. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Hentet fra https://www.nb.no/items/8a13660111be0390ec62a96849306005?page=1&searchText=Ekko%201 (kapittel 3-9)

Molde, Audun og Geir Salvesen (2000): Ekko 2. Musikkorientering VK2. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Hentet fra https://www.nb.no/items/9dbb60f92e5bc45ee635a695c5036967?page=1&searchText=Ekko%202 (kapittel 17-21)

Kompendium Musikk 1 2019

Web-ressurser (se Canvas)

Lyttepensum i musikkhistorie

Metodisk ferdighetsmappe