4MGL5NO201 Norsk 2, modul 1 5-10, Språk og språkdidaktikk 2

Alle versjoner:
4MGL5NO201 (2019—2020)

Emnekode: 4MGL5NO201

Emnenavn: Norsk 2, modul 1 5-10, Språk og språkdidaktikk 2

Undervisningssemester: Vår

Steder: Oslo

Studieår: 2019–2020

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Språk og språkdidaktikk 2 vil særleg fokusere på språklege endringsprosessar, på fleirspråklegheit og på språkdidaktikk. Ungdomstrinnet vil stå sterkt i fokus.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Språk og språkdidaktikk 2» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om språket som system, språket i bruk
  • har brei kunnskap om norsk som første- og andrespråk og om fleirspråkleg praksis
  • har brei kunnskap om språkhistorie og språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid
  • har brei kunnskap om språkleg variasjon og gjeldande normering av begge målformer

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere relevant kunnskap om grammatikk og språk og tekstar i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og som grunnlag for tilpassa, læringsfremjande respons
  • kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe
  • kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læring for alle elevar
  • kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i grunnskolefagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskfagleg forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
  • kan reflektere over val av metode og aktuell vitskapsteori i norskfaglig forsking- og utviklingsarbeid

Innhold

Modulen Språk og språkdidaktikk 2 vil særleg fokusere på språklege endringsprosessar og på fleirspråklegheit. Studentane skal utvikle både sin eigen språkbruk og kunnskapen sin om språk og tekst, og dei skal utvikle kompetanse knytt til ungdomstrinnet. Dei skal bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med andre fag og i praksisfeltet.

Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • breiddetest
  • eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
  • nettsamtale
  • praksisoppgåve

Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikkje godkjent.

Avsluttende vurdering

Skuleeksamen, individuell, 5 timar. Skuleeksamenen skal skrivast på den målforma som vert oppgjeve ved semesterstart.

Tillatte hjelpemidler

Læreplan for Kunnskapsløftet og bokmåls- eller nynorskordliste (avhengig av eksamensmålform)

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Skriftleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.

Eksamensspråk

Norsk.

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Tilbys som enkeltemne

Nei.

Pensum

Det kan bli endringar i litteraturlista.

  • Akselberg, G., Mæhlum, B., Røyneland, U. og Sandøy, H. (2008). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Kapittel 3-6 og 10-11. Oslo: Cappelen (s. 47-125, 195-239) (128 + 44)
  • Bjørhusdal, E. (2015). Nøytralitet eller nynorsk? Språkpolitiske hovudprinsipp i norsk opplæring. I Eiksund, H. og Fretland, J. O. Nye røyster i nynorskforskinga. Oslo: Samlaget (s. 104-119) (13 s.)
  • Hertzberg, F. (2008). Grammatikk? I: Nergård, M. E. og Tonne, I. Språkdidaktikk for norsklærere. Oslo: Universitetsforlaget (s. 17-26) (9 s)
  • Hårstad, S. (2016). « -en enkel og saklig innføring norsk språkhistorie.» Språkhistorie som norskdidaktisk emne - et faghistorisk utsyn. I: Acta Didactica Norge, vol. 10, nr. 3, art. 9 (17 s.)
  • Iversen, H. M., Otnes, H. og Solem, M. S. (2012). Grammatikken i bruk. Oslo: Cappelen Damm Akademisk (s. 9-26) (17 s.)
  • Kibsgaard, S. og Husby, O. (2014). Norsk som andrespråk. Barnehage og barnetrinn. Oslo: Universitetsforlaget (s. 161-198) (37 s.) («Metodiske forhold»)
  • Kjøll, G. (2013). Språkfilosofi. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 23-72) 45 s.)
  • Mæhlum, B. og Røyneland, U. (2012). Det norske dialektlandskapet. Oslo: Cappelen (s. 11-145) (134 s.)
  • Maagerø, E. (2008). Om grammatikk og fagspråk. I: Nergård, M. E. og Tonne, I. Språkdidaktikk for norsklærere. Oslo: Universitetsforlaget (s. 83-94) (11 s.)
  • Neteland, R. (2013). Industristedtalemål og dialektendring. I: Norsk Lingvistisk Tidsskrift, vol. 31 (s. 76-97) (18 s.)
  • Thorvaldsen, B. Ø. og Budal, I. (2017). Norsk språkhistorie for lærere. Bergen: Fagbokforlaget (under utgjeving) (ca. 230 s.
  • Wagner, Å. K. H., Strömqvist, S. og Uppstad, P. H. (2008). Det flerspråklige mennesket. En grunnbok om skriftspråklæring. Bergen: Fagbokforlaget (s. 199-229) (30 s.)