MGL5NO101 Norsk 1, modul 1 5-10, Litteratur og litteraturdidaktikk 1

Alle versjoner:
MGL5NO101 (2020—2021)
MGL5NO101 (2019—2020)
MGL5NO101 (2018—2019)
MGL5NO101 (2017—2018)

Emnekode: MGL5NO101

Emnenavn: Norsk 1, modul 1 5-10, Litteratur og litteraturdidaktikk 1

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen

Studieår: 2020–2021

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt emne i Grunnskolelærarutdanning 5-10

Innledning

Grunnet Covid-19 situasjoen kan deler av (evt. hele) undervisningen bli gjennomført digitalt. Dette vil bli spesifisert i undervisningsplanen for emnet.

Emnet Litteratur og litteraturdidaktikk 1 vil ha særleg fokus på grunnleggjande litterær analyse, litteraturteori og litteraturdidaktikk, og utgjer ein del av Norsk 1. I Litteratur og litteraturdidaktikk 1 vil vi ha særleg fokus på mellomtrinnet.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 1, 5-10 (30 sp) over to år i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 1 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Litteratur og litteraturdidaktikk 1» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk
  • har kunnskap om litteratur for barn, unge og vaksne i ulike sjangrar og medium frå nordisk inkludert samisk område
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5.-10.-trinn i litterære emne

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere skjønnlitterære og sakprega tekstar i ulike medium
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere arbeid med litterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan bruke kunnskap om språk, tekst og litteratur i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar og gi tilpassa, læringsfremmande respons
  • kan vurdere og velje litterære tekstar i undervisningssamanheng og grunngje vala norskfagleg
  • kan formidle litteratur og leggje til rette for at elevane kan utvikle og utøve litterær kompetanse
  • kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læringsutbytte for alle elevar
  • meistrar bokmål og nynorsk og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan skrive akademiske fagtekstar og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskolelærarpraksis

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for at alle elevar på mellom- og ungdomstrinnet vidareutviklar grunnleggjande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplaner og faglege kunnskapar og innsikter
  • kjenner til eigenarten til norskfaget som språk-, kultur- og litteraturfag
  • kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
  • kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i norskfagleg forsking- og utviklingsarbeid

Innhold

Emnet Litteratur og litteraturdidaktikk 1 vil ha særleg fokus på grunnleggjande litterær analyse, litteraturteori og litteraturdidaktikk med hovudvekt på å kvalifisere studentane for arbeid på mellomtrinnet. Studentane skal arbeide med eit breitt utval litterære tekstar og utvide eigen kunnskap om språk, tekst og form, og bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med praksis og andre fag. Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • fagtekst med rettleiing
  • fire korttekstar om avgrensa emne
  • levere liste over sjølvvalt pensum
  • tverrfagleg praksisoppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

 Godkjent / Ikkje godkjent

Avsluttende vurdering

Fagtekst og refleksjonsnotat, begge individuelle.

Studenten leverer ein tekst basert på vidareutvikling av utkastet til fagtekst og eit refleksjonsnotat. Begge må vere bestått for å få godkjent eksamen. Fagteksten skal ha eit omfang på 2500 ord og refleksjonsnotatet eit omfang på 300 ord. Begge tekstane skal vere på den målforma som vert oppgjeve ved semesterstart.

Tillatte hjelpemidler

Alle.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.

Eksamensspråk

Norsk.

Progresjonskrav

Emnet må vere bestått for å kunne fortsetje på Litteratur og litteraturdidaktikk 2 og Praktisk språk- og tekstarbeid 2.

Praksis

Sjå eigen praksisplan.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Tilbys som enkeltemne

Nei.

Litteratur og faglige ressurser

  • Brink, Lars. 2008. «Lesing og boksamtaler på mellomtrinnet» i: Louise Bjar (red.) Det er språket som bestemmer. Læring og språkutvikling i grunnskolen. Bergen: Fagbokforlaget/LNU s. 175-201 (27 s)
  • Danielsen, Ruth. 2004. «Barn og kulturbærende fortellinger», i: Kulturbærende fortellinger, barn og skole. Oslo: Cappelen s. 137-160 (23s)
  • Echterling, C. (2016). «Postcolonial Ecocriticism. Classic children’s literature, and the imperial-environmental imagination in the Chronicles of Narnia», i The Journal of the Midwest Modern Language Association, Vol. 49, No. 1, s. 93-117 (25 s)
  • Fjørtoft, H. (2014). Norskdidaktikk. Kapittel 7. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 183-208) (25 s)
  • Gullestad, A. (red.) m.fl.. (2018). Dei litterære sjangrane. Oslo: Samlaget (s. 27-181, ca. 154 s)
  • Hirvonen, V. (2014). Samisk barnelitteratur - mellom lokal og global kultur. http://barnebokinstituttet.no/fagartikler/host-2014-grunnloven-og-barnelitteraturen-gar-i-samme-klasse/samisk-barnelitteratur-mellom-lokal-og-global-kultur/ (15.11.2018) (7 s)
  • Landgren, B. (2002). «Vad är en litterär text?», i: Bergsten, S. (red.), Litteraturvetenskap - en inledning. Lund: Studentlitteratur (s. 19-32) (13 s)
  • Larsen, L. J. (2005). «Identitet, dannelse og kommunikasjon», i: B. K. Nicolaysen og L. Aase (red.). Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv. Oslo: Samlaget (s. 88-105) (17 s)
  • Larsen, A. S., Wicklund, B. Og Sørensen, I. (2018). Norsk 5-10 Litteraturboka. Oslo: Universitetsforlaget (utdrag, ca. 180 s)
  • Liestøl, G. og Rasmussen, T. (2007). «Digitale dokumentformer og sjangre», i: Digitale medier. En innføring. Oslo: Universitetsforlaget (s. 49-61) (12 s)
  • Lindgren, A. (1983). «Pippi can lift a horse. The importance of children’s books», i: The Quarterly Journal of the Library of Congress, Vol. 40, no. 3, s. 188-214 (14 s)
  • Pollan, B. (1997). Samiske beretninger. Oslo: Aschehoug s. 25-41 (16 s)
  • Rustad, H. K. (2012). Digital litteratur. En innføring. Oslo: Cappelen Damm, s. 99-109 (11 s.)
  • Sejersted, J. og Vassenden, E. (2007). Lyrikkhåndboken. 101 dikt og tolkninger. Oslo: Spartacus. (Utdrag, ca. 8 s)
  • Skei, H. H. (2006). Å lese litteratur. Kapittel 10. Oslo: Gyldendal (21 s)
  • Stokke, R. S. (2018). «Eventyr», i: Stokke, R. S. og Tønnesen, E. S. (red.). Møter med barnelitteratur. Introduksjon for lærere. Oslo: Universitetsforlaget, s. 83-104 (22 s)
  • Tønneson, J. L. (2008). Hva er sakprosa? Kapittel 1, 3 og 4. Oslo: Universitetsforlaget (77 s)

 

Referanselitteratur:

Eit oppdatert litteraturvitskapleg oppslagsverk, til dømes Lothe, J., Refsum, C. og Solberg, U. (2007). Litteraturvitenskapelig leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget

  • Drangeid, M. (2014). Litterær analyse og undervisning. Oslo: Gyldendal Akademisk
  • Helland, F. og Wærp, L. P. (2011). Å lese drama. Oslo: Universitetsforlaget
  • Hennig, Å. (2017). Litterær forståelse. Innføring i litteraturdidaktikk. Oslo: Gyldendal
  • Hennig, Å. (2019). Leselyst i klasserommet. Om trusler og redningsaksjoner. Oslo: Gyldendal
  • Kjældgaard, L. H. (red.). (2012). Litteratur. Introduktion til teori og analyse. Aarhus: Aarhus universitetsforlag
  • Nielsen, E. A. og Skriver, S. (2005). Dansk litterær analyse, København: DR
  • Skardhammar, A. K. (2011). Litteraturundervisning. Teori og praksis. Oslo: Universitetsforlaget (160 s.)
  • Solberg, O. (2007). Inn i eventyret. Norsk og europeisk forteljekunst. Kapittel 1og 2. Oslo: Cappelen (40 s.)
  • Vold, T. (2019). Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk. Oslo: Universitetsforlaget

 

Primærtekstar:

Om lag 40 s. nordisk lyrikk, med hovudtyngd på norsk lyrikk (ei normalside i lyrikk vert rekna til 25 liner)

1 drama

5 romanar (for vaksne og barne- og ungdomsromanar)

5 kortprosatekstar

5 sakprosatekstar

3 biletbøker

2 digitale tekstar