MGL5NO203 Norsk 2, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 2

Alle versjoner:
MGL5NO203 (2020—2021)
MGL5NO203 (2019—2020)

Emnekode: MGL5NO203

Emnenavn: Norsk 2, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 2

Undervisningssemester: Høst

Steder: Bergen

Studieår: 2020–2021

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Norsk 1 GLU 5-10

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Grunnet Covid-19 situasjoen kan deler av (evt. hele) undervisningen bli gjennomført digitalt. Dette vil bli spesifisert i undervisningsplanen for emnet.

Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 2 vil særleg fokusere på språket som system og på fleirspråklegheit. Ungdomstrinnet vil stå sterkt i fokus.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Praktisk språk- og tekstarbeid 2» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om elevars arbeid med lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter på mellom- og ungdomstrinnet
  • kjenner til forsking- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5-10.-trinn

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere relevant kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og som grunnlag for tilpassa, læringsfremjande respons
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den andre lese- og skriveopplæringa
  • kan kartleggje og vurdere grunnleggjande språkferdigheiter, sette i verk tiltak for tilpassa opplæring for ei samansett elevgruppe og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan vurdere norskfaglege læremiddel med tanke på læring for alle elevar
  • kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i norskfagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskfagleg forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
  • kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i norskfagleg forsking- og utviklingsarbeid

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Sjølvstudium

Praksis

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • fagtekst med rettleiing
  • seminarinnlegg med innlevering
  • praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 %) frammøte

Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent/ ikkje godkjent

Avsluttende vurdering

Heimeeksamen, fire dagar. Heimeeksamenen skal ha eit omfang på 3000 ord, og skrivast på den målforma som vert oppgjeve i oppgåvesettet.

Tillatte hjelpemidler

Alle.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Eksamen vert gjeve gradert karakter frå A - F

Begge eksamenar må vere bestått for å få godkjent emnet.

Eksamensspråk

Norsk

Skandinaviske språk kan godkjennast etter søknad

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan for MGLU 5-10

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Litteratur og faglige ressurser

Det kan bli endringar i litteraturen.

  • Andersson-Bakken, E. (2015). Når åpne spørsmål ikke er åpne: Hva karakteriserer lærerspørsmål i en litterær samtale? I Nordic Studies in Education vol. 35, 3-4, s. 280-298 (15 s.)
  • Evensen, L. S., Haugaløkken, O., Hertzberg, F. og Otnes, H. (red.). (2015). Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget (s. 15-72 og 117-126) (57 + 9 s.)
  • Fjørtoft, H. (2014). Norskdidaktikk. Kapittel 2-3, 10. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 43-99, 149-181 og 239-297) (56 +32 + 58)
  • Fjørtoft, H. (2016). Kompetanse og kompleksitet. I Fjørtoft, H. Effektiv planlegging og vurdering. Læring med mål og kriterier i skolen. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 23-40) (18 s.)
  • Hagtvedt, B. E., Frost, J. og Refsahl, V. (2014). Den intensive leseopplæringen. Dialog og mestring når lesingen har låst seg. Oslo: Cappelen Damm (s. 31-54 og 166-193) 23+27 =50
  • Hertzberg, F. (2008). Sjangerskriving i ungdomsskolen: fortelling er ikke nok. I Bjar, L. (red.). Det er språket som bestemmer! Læring og språkutvikling i grunnskolen. Bergen: Fagbokforlaget /LNU (s. 223-241) (16 s.)
  • Hoel, T., Håland, A. og Begnum, A. C. (2009). Kunsten å lage litteraturliste til gutter på ungdomstrinnet. I Kaldestad, P. O. og Vold, K. B. (red.), Årboka 2009. Litteratur for barn og unge. Oslo: Samlaget (s. 78-87) (9 s.)
  • Igland, M. A. (2007). Svinaktig vanskelig? Skriftlig argumentasjon på ungdomssteget. I Matre, S. og Løkensgård Hoel, T. (red.), Skrive for nåtid og framtid. Skriving i arbeidsliv og skole. Trondheim: Tapir (s. 277-291) (14 s.)
  • Iversen, H. M. og Otnes, H. (2016). Å lære å skrive. Oslo: Universitetsforlaget (ca. 220 s.)
  • Iversen, H. M. (2011). «La det svinge» - en analyse og vurdering av en tiendeklassetekst. I Smidt, J. Solheim, R. og Aasen, A. J. På sporet av god skriveopplæring - ei bok for lærere i alle fag. Trondheim: Tapir (s. 161-178) (16 s.)
  • Khateeb, A (2018) Kulturmøter i barnelitteraturen. I Stokke og Tønnesen (red.) Møter med barnelitteraturen. Introduksjon for lærere. Oslo: Universitetsforlaget. (s 285-301) (16 s)
  • Kjelen, H. (2018) Å være litteraturlærar. I Kverndokken (red.) 101 litteraturdidaktiske grep - om å lese skjønnlitteratur og sakprosa. Oslo: Fagbokforlaget (17-38, og 196-215) (21+19= (40s . )
  • Moskvil, M. E. (2006). Når den minoritetsspråklige møter fagteksten. I E. Maagerø og E. S. Tønnesen (red.), Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (s. 147-164) (16 s.)
  • Nicolaysen, B. (2005). Tilgangskompetanse: Arbeid med tekst som kulturdeltaking. I Nicolaysen, L. og Aase, L. Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv. Oslo: Samlaget (s. 9-31) (21 s.)
  • Røskeland, M. (2014). Litteratur i leseopplæringas teneste? Om litteraturen og litteraturfaget i skolen. I Gujord, H. og Michelsen, P. A. Norsk litterær årbok (s. 195-211) (13 s.)
  • Skaret, A. (2006). Flerkulturell barne- og ungdomslitteratur i Norge. I P.O. Kaldestad og K. B. Vold (red.), Årboka 2006. Litteratur for barn og unge. Oslo: Samlaget (s. 35-45) (9 s.)
  • Skarstein, D. (2005). Litteraturundervisning i det fleirkulturelle klasserommet - om litteratur som ein reiskap for å strukturere liv og røyndom. I B. Nicolaysen og L. Aase (red.), Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv. Oslo: Samlaget (s. 141-156) (14 s.)
  • Sæbø, A.B (2016) Drama som læringsform. Oslo: Universitetsforlaget (s 95-103, 124-136) (8+12 )(20 s.)
  • Aase, L. (2005). «Norskfaget - skolens fremste danningsfag?». I Børhaug, K., Fenner, A. & Aase, L. (Red.), Fagenes begrunnelser (s. 67-85) Bergen: Fagbokforlaget (18 s.)
  • Aase, L. (2005). Litterære samtalar. I Nicolaysen, L. og Aase, L. Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv. Oslo: Samlaget (s. 106-124) (17 s.)

Eit mindre utval primærtekstar som vert kunngjort ved semesterstart.