MGL5NO202 Norsk 2, modul 2 5-10, Litteratur og litteraturdidaktikk 2

Alle versjoner:
MGL5NO202 (2021—2022)
MGL5NO202 (2020—2021)
MGL5NO202 (2019—2020)

Emnekode: MGL5NO202

Emnenavn: Norsk 2, modul 2 5-10, Litteratur og litteraturdidaktikk 2

Undervisningssemester: Høst

Steder: Bergen

Studieår: 2021–2022

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Norsk 1 GLU 5-10

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Litteratur og litteraturdidaktikk 2 vil fokusere særleg på historiske perspektiv i litteraturstudiet og på litteraturdidaktikk. Litteraturundervisning og litteraturarbeid på ungdomstrinnet vil stå særleg i fokus.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Litteratur og litteraturdidaktikk 2» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert tekstutval: munnlege, skriftlege og multimodale tekstar; skjønnlitterære tekstar og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå fortid og notid
  • har brei kunnskap om litteraturhistorie og litteratur frå ulike tider - for barn, unge og vaksne
  • har brei kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere relevant kunnskap om språk, tekstar og litteratur i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og som grunnlag for tilpassa, læringsfremmande respons
  • kan lese og analysere litterære tekstar i frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan leggje til rette for at elevar vert kjende med eit breitt tekstutval frå ulike kulturar og ulike tider med hovudvekt på norsk litteratur (norsk og samisk i omsetjing)
  • kan vurdere og velje litterære tekstar i undervisningssamanheng og grunngje vala norskfagleg
  • kan formidle litteratur og leggje til rette for at elevane kan utøve og utvikle litterær kompetanse
  • kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læring for alle elevar
  • kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i grunnskolefagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskfagleg forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
  • kan reflektere over val av metode og aktuell vitskapsteori i norskfagleg forsking- og utviklingsarbeid

Innhold

Modulen Litteratur og litteraturdidaktikk 2 vil fokusere særleg på litterær utvikling gjennom historia. Studentane skal arbeide med eit breitt utval litterære tekstar og utvide eigen kunnskap om språk, tekst og form, og bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med praksis, særleg på ungdomstrinnet, og andre fag.

Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • problemstilling og disposisjon til eksamensføredrag m/rettleiing
  • eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
  • levere liste over sjølvvalt pensum
  • praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / ikkje godkjent

Avsluttende vurdering

Individuell munnleg eksamen.

Munnleg eksamen er todelt. Den første delen held studenten førebudd føredrag (vekta 40%) med høve for oppfølgingsspørsmål og -samtale frå sensorane. Den andre delen er munnleg utspørring i heile emnet (vekta 60%).  

Tillatte hjelpemidler

Læreplan for Kunnskapsløftet

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Individuell, munnleg eksamen vert gjeve gradert karakter frå A - F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan foe MGLU 5-10.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Litteratur og faglige ressurser

Andersen, P. T. (2012). Norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget. Relevante sider oppgis i forkant av hver undervisningsøkt (ca. 220 sider) 

 

Blikstad-Balas, M. og Tønnesson, J. L. (2020). Inn i sakens prosa (s. 11-31). Universitetsforlaget (21 sider) 

 

Claudi, M. B. (2019). I blindsonen? Om litteraturhistoriens hva, hvordan og hvorfor (ikke). Norsklæreren, 43(2). Fagbokforlaget (LNU) (13 sider)  

 

Hagen, E. B. (2015). Hvordan lese Ibsen? Samtalen om hans dramatikk 1879-2015 (s. 78-101). Universitetsforlaget (24 sider) 

 

Kjældgaard, L. H. (2013). Litteratur: introduktion til teori og analyse (2. udg.) (s. 431-446). Aarhus Universitetsforlag (16 sider) 

 

Kverndokken, K. (red.) (2020). 101 litteraturdidaktiske grep: om å arbeide med skjønnlitteratur og sakprosa, kap. 1-4 (s. 17-88). Fagbokforlaget (71 sider) 

 

Larsen, A. S. (2018). Om å lese på kryss og tvers: komparativ litteraturdidaktikk. I I. Sørensen, B. Wicklund og A. S. Larsen (Red.), Norsk 5-10. Litteraturboka (s. 71-83). Universitetsforlaget (13 sider) 

 

Madssen, K.-A. (1998). Skolen og skriftkulturen. I E. B. Johnsen og T. B. Eriksen, Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995. Bind II: 1920-1995 (s. 160-167). Universitetsforlaget (7 sider) 

  

Meldal, P. (1998). Den tapte tradisjon. I E. B. Johnsen og T. B. Eriksen, Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995. Bind I: 1750-1920 (s. 94-107). Universitetsforlaget (13 sider) 

 

Mjør, I. (2012). Barnelitterære ryggmargsrefleksar. Innspel til forskingshistorie - perspektiv på forsking og kritikk. I Barnelitterært forskningstidsskrift3(2012), 1-12 (12 sider) 

 

Oxfeldt, E. (2008). Pædagogiske heterotopier: Vidensepistemer frå 1800-tallets læsebog til dagens læremidler. I D. Skjelbred og B. Aamotsbakken (Red.), Norsk lærebokhistorie - en kultur- og danningshistorie (s. 104-122). Novus (18 sider) 

 

Skaftun, A., Karlsen, O. og Syversen, E. M. (2015). Litteratur og læring - om faglighet for framtiden. I Norsklæraren, 39(4), 15-20 (6 sider) 

  

Skjelbred, D. (2010). Sakprosa i lærebøkene - et historisk perspektiv. I Kalleberg, K. og Kleiveland, A. E. (Red.), Sakprosa i skolen (s. 55-63). Fagbokforlaget (LNU) (9 sider) 

  

Stybe, V. (1974). Børnebogen i verdenslitteraturen. I S. M. Kristensen og P. Ramløv (Red.), Børne- og ungdomsbøgerProblemer og analyser (s. 209-242). Gyldendal (24 sider) 

 

Sæter, V. og Melvold, A. (2020). Temainnganger til norskfaget – ei verktøykasse for klasserommet (s. 15-62). Fagbokforlaget (48 sider) 

 

Aamotsbakken, B. og Knudsen, S. (2008). Sjangrer i gjenbruk (s. 105-136). Gyldendal Akademisk (32 sider) 

 

 

Referanselitteratur: 

 

Claudi, M. B. (2013). Litteraturteori. Fagbokforlaget (LNU) 

 

Kverndokken, K. (Red.) (2020). 101 litteraturdidaktiske grep: om å arbeide med skjønnlitteratur og sakprosa (s. 105-386). Fagbokforlaget

  

Birkeland, T., Risa, G. og Vold, K. B. (2018). Norsk barnelitteraturhistorie. Samlaget 

 

Studentane vel om lag 150 sider fordjuping etter avtale med emneansvarleg.

 

 

Primærtekstar:

Eit utval av før-reformasjonslitteratur, inkludert norrøn litteratur (inntil 100 sider)

Om lag 40 sider nordisk lyrikk med hovudtyngd på norsk lyrikk

2 drama

5 romanar (for vaksne og barne- og ungdomsromanar)

9 kortprosatekstar (inkluderer eventyr)

6 sakprosatekstar