4MGL5NO202 Norsk 2, modul 2 5-10, Litteratur og litteraturdidaktikk 2

Alle versjoner:
4MGL5NO202 (2022—2023)
4MGL5NO202 (2021—2022)
4MGL5NO202 (2020—2021)

Emnekode: 4MGL5NO202

Emnenavn: Norsk 2, modul 2 5-10, Litteratur og litteraturdidaktikk 2

Undervisningssemester: Høst

Steder: Oslo

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Norsk 1 GLU 5-10

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Litteratur og litteraturdidaktikk 2 vil fokusere særleg på historiske perspektiv i litteraturstudiet og på litteraturdidaktikk. Litteraturundervisning og litteraturarbeid på ungdomstrinnet vil stå særleg i fokus.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 2, 5-10 (30 sp) over to semester i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 2 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Litteratur og litteraturdidaktikk 2» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert tekstutval: munnlege, skriftlege og multimodale tekstar; skjønnlitterære tekstar og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå fortid og notid
  • har brei kunnskap om litteraturhistorie og litteratur frå ulike tider - for barn, unge og vaksne
  • har brei kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke relevant kunnskap om tekst og kontekst i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan lese og analysere litterære tekstar i frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan leggje til rette for at elevar vert kjende med eit breitt tekstutval frå ulike kulturar og ulike tider med hovudvekt på norsk litteratur (norsk og samisk i omsetjing)
  • kan vurdere og velje litterære tekstar i undervisningssamanheng og grunngje vala norskfagleg
  • kan formidle litteratur og leggje til rette for at elevane kan utøve og utvikle litterær kompetanse
  • kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læring for alle elevar
  • kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skolefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 5-10 i samarbeid med andre

Innhold

Modulen Litteratur og litteraturdidaktikk 2 vil fokusere særleg på litterær utvikling gjennom historia. Studentane skal arbeide med eit breitt utval litterære tekstar og utvide eigen kunnskap om språk, tekst og form, og bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med praksis, særleg på ungdomstrinnet, og andre fag.

Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • problemstilling og disposisjon til eksamensføredrag m/rettleiing
  • eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
  • levere liste over sjølvvalt pensum
  • praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

Obligatorisk undervisning framgår av undervisningsplan.

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / ikkje godkjent

Avsluttende vurdering

Individuell munnleg eksamen.

Munnleg eksamen er todelt. Den første delen held studenten førebudd føredrag (vekta 40%) med høve for oppfølgingsspørsmål og -samtale frå sensorane. Den andre delen er munnleg utspørring i heile emnet (vekta 60%).  

Tillatte hjelpemidler

Læreplan for Kunnskapsløftet

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Individuell, munnleg eksamen vert gjeve gradert karakter frå A - F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan for MGLU 5-10.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.