4MGL5SA302 Flerkulturelle samfunn

Alle versjoner:
4MGL5SA302 (2022—2023)
4MGL5SA302 (2021—2022)

Emnekode: 4MGL5SA302

Emnenavn: Flerkulturelle samfunn

Undervisningssemester: Høst

Steder: Oslo

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 15 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Samfunnsfag 1 og Samfunnsfag 2

Relevans i studieprogrammet

Obligatorisk for studentar som skal ta master, samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga.

Innledning

Fleirkulturelle samfunn er ei fordjupingseining (15 sp) på masternivå og inngår som ein obligatorisk del av masterstudiet i samfunnsfag. Emnet skal gje djupnekunnskap om og forståing for det fleirkulturelle samfunnet, til bruk i skule og samfunnsliv. Studiet har ei fleirfagleg tilnærming med basis i fleire av samfunnsfaget sine underdisipliner, som sosial antropologi, sosiologi, kommunikasjonsteori, historie, geografi og samfunnskunnskap.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kulturomgrepet , etnisitet og verdsbilete
  • har kunnskap om ulike integrasjons- og inkluderingsstrategier
  • har kunnskap om sentrale debattar knytta til stereotypisering, diskriminering og rasisme
  • har innsikt i sentrale utfordringar og berikande samkvem i møtet mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
  • har avansert profesjonsretta kunnskap i samfunnsfag, herunder spesialisert innsikt i didaktiske utfordringar og problemstillingar knytt til det fleirkulturelle samfunnet
  • har inngåande kunnskap og innsikt som grunnlag for drøfting av grunnlagsproblem i kulturteori med særleg fokus på religion, etikk og sosiale skilnader
  • har innsikt i faglege perspektiv på interkulturell kommunikasjon og kultursensitivitet
  • har kunnskap om den vitskapelige diskusjonen om sentrale politiske og kulturelle utfordringar og menneskerettsbrot i ulike kulturelle kontekster
  • har brei kunnskap om tilhøvet mellom kultur, religion og røyndomsforståing

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfta korleis røyndomsforståing påverkar og vert påverka av kulturell og religiøs oppfatning
  • kan drøfta og formidle kunnskapen om den kulturelle bakgrunnen for FN si menneskerettserklæring, og spørsmålet om erklæringa si universelle gyldigheit
  • kan nytta metodar som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
  • kan ta eit særleg ansvar for å utvikla og leia inkluderande faglege læringsmiljø som fremjar nyskapande læringsprosessar (VaKe-metoden)
  • kan anvende fagleg kunnskap i vurdering av kulturelle og sosiale ulikskapar (kjønn, klasse, etnisitet, religion etc.) i eit inkluderande perspektiv
  • kan anvende fagleg kunnskap innan interkulturell kommunikasjon.
  • kan beskriva og analysera ulike kulturar med fokus på det fleirkulturelle Norge og det globale sør

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka avansert fagleg kunnskap og skjøn til å styrka internasjonale og fleirkulturelle perspektiv og skulen sitt demokratiske danningsoppdrag
  • kan analysera kulturelle og religiøse sider ved samfunnet på bakgrunn av ei tileigna forståing av korleis umedvitne eller sjølvsagte delar av våre veremåtar og oppfatningar kan verka styrande for kulturelle og religiøse utrykk og påverkar sosiale relasjonar
  • kan syna fagleg forståing og respekt for kulturelt og religiøst mangfald
  • har handlingskompetanse og handlingsberedskap i høve til menneskeverdet til den einskilde, og respekt for menneskerettane i Noreg og internasjonalt i ulike kulturelle kontekstar

Innhold

Presentasjon av emnet

Emnet er inndelt i fylgjande undertema:

  • Historiske kulturmøte
  • Verdsbilete
  • Menneskerettane i eit interkulturelt perspektiv
  • Interkulturell forståing og kommunikasjon
  • Med kritisk blikk på den fleirkulturelle skulen

Studentane skal i løpet av emnet tileigna seg ei grundig forståing av kultur og «verdsbilete», for å kunna identifisera og reflektera over korleis grunnleggjande oppfatningar av verkelegheita formar samfunna vi lever i. Den sosiale og kulturelle bakgrunnen for FNs internasjonale menneskerettserklæring vert diskutert opp mot spørsmålet om menneskerettane si universelle gyldigheit, samt kva for menneskerettsbrot og særlege rettigheitsutfordringar som pregar ulike regionar. Emnet legg vekt på den fleirkulturelle skulen, med rasismeproblematikk, antirasistiske strategiar og tilpassa opplæring som sentrale aspekt. Emnet dreg også ei historisk linje, med fokus på møtet og sameksistensen av ulike kulturar og religionar på den iberiske halvøya i mellomelalderen. Studentane får også innføring i VaKE-metoden (Values and Knowledge Education), som handlar om bevisstgjering og bruk av kunnskap i møte med moralske dilemma og verdikonfliktar i det fleirkulturelle samfunnet. Det blir også enkelte innslag av estetiske læringsformer.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar.Nokre førelesningar kan bli gitt digitalt.

Arbeidsomfang

Antatt arbeidsmengde for student: ca. 450 timar

Arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende for at eksamen kan gjennomførast.

  • To seminarinnlegg
  • Ein fagtekst: Formulere ei problemstilling som er relevant for undertemaet "Med kritisk blikk på den fleirkulturelle skulen" og utføre ei analyse på offentleg tilgjengeleg materiale. Analysen skal drøftast i lys av relevant faglitteratur. Omfang: 2500 ord +/- 10%.
  • Det er krav om deltaking i minst 80 % av den organiserte undervisninga

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / ikkje godkjend

Avsluttende vurdering

  • Munnleg eksamen

Tillatte hjelpemidler

Ingen.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Det vert gjeve gradert karakter fra A - F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan for MGLU5.

Evaluering av emnet

Det vil bli føreteke emneevaluering i høve til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen. Studenten kan også gje tilbakemelding på emnet i faggruppa/klassen.