BLKO4 KO4 Natur, helse og rørsle

Alle versjoner:
BLKO4 (2022—2023)
BLKO4 (2021—2022)
BLKO4 (2020—2021)
BLKO4 (2019—2020)
BLKO4 (2018—2019)
BLKO4 (2017—2018)

Emnekode: BLKO4

Emnenavn: KO4 Natur, helse og rørsle

Undervisningssemester: Oppstart høst, undervisning over to semestre

Steder: Bergen (Breistein)

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 20 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

For å kunne begynne i BLKO 4, må studenten ha greidd praksis og avsluttande eksamen frå BLKO1 Barns utvikling, lek og læring. Studenten må i tillegg ha greidd praksis frå BLKO2 Kunst, kultur og kreativitet. Avsluttande eksamen frå BLKO2 må vere greidd før eksamen frå BLKO4 kan avleggjast.

Relevans i studieprogrammet

Obligatorisk emne i bachelor i barnehagelærarutdanning.

Innledning

Kunnskapsområdet omfattar natur, berekraft, mat, rørsle og helse i vid forstand. Faga som inngår er naturfag, fysisk fostring og pedagogikk. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning. Naturen er ramme for rike opplevingar, læring og varierte fysiske aktivitetar som kan vere ei sterk drivkraft til å vekkja interesse og glede for naturfag, rørsle og bruk av naturen i vid forstand.

Læringsutbytte

Studenten skal etter å ha fullført kunnskapsområdet natur, helse og rørsle ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Læringsutbyttet er fundament for arbeid i barnehagen og vidare kompetanseutvikling.

KUNNSKAP

Studenten

  • har kunnskap om korleis born lærer i samspel med varierte læringsmiljø, korleis dei brukar kropp og sansar i leik og læring og korleis ein kan skape rom for detta
  • har kunnskap om tydinga av friluftsliv og naturopplevingar
  • har kunnskap om fysiske fenomen, biologisk mangfald og organismar i barn sitt nærmiljø
  • har kunnskap om berekraftig utvikling og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
  • har kunnskap om menneskekroppen, motorikk, helsefremjande arbeid og barn si helse og livsmeistring
  • har kunnskap om mat, maten sitt opphav, matlaging og måltid som pedagogisk ressurs
  • har kunnskap om nasjonale føringar for helsefremmande og førebyggande tiltak.

FERDIGHETER

Studenten

  • kan utforske naturen og eksperimentere saman med born og bruke nærmiljøets mogelegheiter  
  • kan velje og bruke materialar, råvarer, teknikkar og reiskapar i praktisk arbeid med barn og gjere nytte av lokale naturressursar
  • kan legge til rette for god hygiene, fysisk aktivitet, kvile og varierte måltid i samsvar med nasjonale føringar
  • kan skape og bruke ulike rom saman med barn, vurdere risiko av leikemiljø og handtere ulykker på ein hensiktsmessig måte
  •  kan leggje til rette for barns risikovurdering og meistring

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan reflektere over bruk av natur, barnehagens rutinar, ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv, mellom anna samiske, i arbeidet med mat, helse, natur og rørsle
  • kan drøfte etiske problemstillingar knytt til kunnskapsområdet
  • er medverkande og inspirerande saman med born i deira rørsleleik, naturopplevingar og måltid.

Innhold

Opplevingar og erfaringar i naturen er viktige. Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, måltidssituasjonar og rørslemessige erfaringar.

Dei tre faga i kunnskapsområdet vil belyse disse emna både med eit tverrfagleg og eit èinfagleg blikk med ønske om å skape ei  heilskapleg forståing hjå studentane, og gjennom det -ein inkluderande, spanande og variert barnehage. Ein ynskjer også at studentane skal reflektera over korleis naturen kan gje borna estetiske og sterke opplevingar som kan prega dei for framtida. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunne observere, analysere og forstå utviklinga og kroppslege leikekulturar hjå barn og å bruke dette til å inspirere og motivere barn. Tilrettelegging av barnehagekvardagen gjennom planlegging og organisering er viktige moment.

Arbeidet med kunnskapsområdet skal vere praktisk retta og bidra til at studentane får eit grunnlag for å bli medvetne rollemodellar. Barnehagelæraren skal kjenne til folkehelseutfordringar og skal kunne bidra til at barn si  psykiske og fysiske helse blir ivaretatt. Måltid og matlaging skal gi barna eit grunnlag for å utvikle matglede og bidra til forståing for maten sitt opphav. Mangfaldet i barnehagen i vid tyding vil vera utgangspunkt for refleksjon og det vert drøfta kva natur, helse og rørsle kan bety for barn med ulik kulturell bakgrunn.

Det vektleggjast at studentane er aktive og undersøkjande, og dei skal styrkja si evne til å leia varierte læringsprosessar innan natur, helse og rørsle både for dei yngste og dei eldste borna.

Norske tradisjonar innan bruk av natur, matkultur og fysisk aktivitet kan virke framande på mange. Difor må utdanninga leggje vekt på korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar. Samisk kultur er ein del av den nasjonale kulturen og skal vere synleg i utdanninga.

Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del.

Av gjennomgåande tema har NHR fokus på bærekraft og klimatematikk, etisk refleksjon, livsmeistring og helse til born, mangfald og likeverd, samisk kultur, pedagogisk leiing, barn med behov for særskilt omsut og oppfølging og profesjonsfagleg digital kompetanse. Bærekraft, klima og etikk vert belyst gjennom undervisning og gjennom tverrfaglege seminar mellom NHR og STM (KO3). Livsmeistring er ein raud tråd gjennom praktisk undervisning og teoretisk tilnærming. Mangfald og likeverd vert spesifikt behandla i eit arbeidskrav og samisk kultur er spanande utgangspunkt for refleksjon i NHR. Gjennom undervisning og arbeidskrav vert det gjeve eit NHR perspektiv på barn med særskilte behov. Profesjonsfagleg digital kompetanse er utgangspunkt for dialog og studentane bør lære å vurdere bruk i samband med natur, helse og rørsle i barnehagen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i natur, helse og rørsle (NHR) er vekta 20 studiepoeng og går parallelt med kunnskapsområde 3 (STM) over haust og første del av vårsemesteret. Undervisninga tek til i haustsemesteret og strekker seg fram til første del av vårsemesteret. Endeleg undervisningsplan vert presentert ved studiestart.

Arbeidsformene varierer mellom praktisk arbeid ute og i laboratoriet, førelesingar og seminar.  Det vert gjeve eit tverrfagleg seminar med fokus på bærekraft, klimatematikk og etikk saman med STM (KO3) Studentane vil gjennom gruppearbeid og problembasert læring (PBL) arbeida med problemstillingar som er relevant for kunnskapsområdet og praksisfeltet.

Arbeidsomfang

ca.600 timar.

Arbeidskrav

Følgande arbeidskrav skal vurderast til godkjend/ikkje godkjend og må vera godkjende før studenten kan framstilla seg for avsluttande vurdering:

  • Deltaking og rapport frå feltarbeid og uteaktivitetar med barn. Rapporten vil ha eit fagleg og didaktisk innhald
  • Basisgruppearbeid knytt til menneskekroppen, mat og matlaging
  • Munnleg presentasjon av gruppearbeid knytt til mat,  helse og mangfald i barnehagen
  • Artsprøve  
  • Alle læringsaktivitetar er obligatoriske

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjend / Ikkje godkjend

Avsluttende vurdering

Den avsluttande vurderinga består av to delar:

  • Ein praksisperiode. Vurderingskriteria tek utgangspunkt i kunnskapsområdets læringsutbyttebeskrivingar.
  • Individuell munnleg eksamen med førebuingstid på eksamensdagen. Eksamen omfattar emne knytt til læringsutbyttebeskrivingane for dette kunnskapsområdet.

Tillatte hjelpemidler

Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver .

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Ved vurdering av eksamen blir det gitt ein samla, gradert karakter frå  A til E for bestått, og F for ikkje bestått, 

Praksis vert vurdert til greidd / Ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk.

Praksis

Praksis inngår som ein integrert del av studiet, og vert vurdert som bestått/ikkje bestått, med vurderingskriterier utarbeida frå læringsutbyttebeskrivingane i kunnskapsområdet. Praksisperiode på 25 dagar er felles for dei to kunnskapsområda (STM og NHR).

(Sjå praksisplan BLU)

Evaluering av emnet

Emnet evaluerast etter kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.

Tilbys som enkeltemne

Nei

Digital litteraturliste

Litteratur og faglige ressurser finner du her.