TEOL360 Avsluttende praktikum

Alle versjoner:
TEOL360 (2022—2023)

Emnekode: TEOL360

Emnenavn: Avsluttende praktikum

Undervisningssemester: Vår

Steder: Bergen (Sandviken)

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Studenten skal normalt ha gjennomført alle dei andre emna i cand.theol.-graden før han/ho tar til med dette emnet. Dette inkluderer:

  • Avlagt eksamen i
  • TEOL130 Innføring i praktisk teologi
  • TEOL210 Forkynnelse og gudstjenesteledelse med praksis
  • TEOL220 Sjelesorg med praksis
  • Avlagt eksamen i emna som inngår i bachelor i teologi og master i teologi etter NLA Høgskolen sine studieplaner eller tilsvarande.

Studentar som har gjennomført Sommersemester i Israel og Palestina eller av andre grunnar har vanskeleg for å få den individuelle utdanningsplana til å gå opp, kan etter søknad retta til studieadministrasjonen få løyve til å ta emnet før masteroppgåva er levert.

Anbefalte forkunnskaper

Erfaring frå forkynning eller anna kristen formidlingsverksemd, leiing av gudstenester og sjelesorg, aktiv deltaking i kyrkjelydsliv over tid.

Relevans i studieprogrammet

Emnet fullfører studieprogrammet Profesjonsstudium i teologi (cand.theol.), og er såleis eit kjerneemne i denne utdanninga.

Innledning

Prestetenesta, saman med kyrkjebygga, representerer den kristne trua sitt mest synlege nærvær i samfunnet. Slik har det vore gjennom heile den globale kyrkjehistoria, og gjennom kristendommen si 1000-årige historie i Noreg. Gjennom omfattande kulturelle og politiske endringar har dei grunnleggjande oppgåvene i prestens teneste i og leiing av lokalkyrkja likevel vore dei same: Forkynning av Guds ord, forvalting av sakramenta, undervising og sjelesorg. Samtidig har vilkåra for prestetenesta, og med det forventningane som er retta mot denne tenesta, vore i stadig endring.

Det er i dette møtet mellom det stabile og bestandige på den eine sida og det skiftande og foranderlege på den andre, at avsluttande praktikum vil førebu studentar på teneste som prestar og praktiske teologar. Undervisinga er relevant for presteteneste og forsamlingsleiing i heile feltet av kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar, med hovudvekt på teneste i Den norske kyrkja.

Emnet vil teikna biletet av ein pastoralteologisk identitet, i ein tydeleg, men variert fagleg og praktisk kompetanse, der element frå NLA Høgskolen sine profilemne gjennom eit langt studieløp spelar med. Arbeid med tekstar, kommunikasjon og leiing søkjer å førebu til ei teneste der også blikket frå utsida, representert med religionsmøtet på vår tids livssynstorg, vil påverka kyrkja sin praksis og presten si sjølvforståing.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgende læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om teologiske perspektiv på presteteneste, kall og vigsel
  • har inngåande kunnskap om leiing, og om prestetenesta som symbolberar
  • har inngåande kunnskap om profesjonskunnskap og yrkesetikk for prestar
  • har kunnskap om lov, regelverk og gudstenestebok for Den norske kyrkja, mellom anna om teieplikt for prestar
  • har avansert kunnskap om ordninga for hovudgudstenesta i Den norske kyrkja, og om preikearbeid, med særleg vekt på forkynning og den sjelesorga som skjer i hovudgudstenesta og ved kasualia
  • har kunnskap om den norske salmeskatten og forståing av hymnologi som fagfelt
  • har inngåande kunnskap om sjelesorg som ein profesjonell relasjon, om relasjonsmakt og grenseoverskridande åtferd
  • har kjennskap til åndelig vegleiing som ei fordjuping av sjelesorga, og om eksistensiell uro og mangel på meining
  • har kunnskap om brå død og sjølvmordsproblematikk, kriser, traumer og sorg
  • har kjennskap til korleis ein kan bearbeide destruktive gudsbilete, særleg i sjelesorgsituasjonar
  • har inngåande kunnskap om kyrkja som eit lærande fellesskap, herunder kunnskap om «Gud gir - vi deler» (Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja)
  • har kunnskap om pedagogisk arbeid retta mot ulike aldersgrupper og kontekstar med vekt på arbeid med konfirmantar og leiarutvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere eigen praksis i pastorale oppgåver kritisk og konstruktivt i lys av oppdaterte praktisk-teologiske teoriar og forskingsfelt
  • kan leia ei gudsteneste, vera liturg og forkynnar, og opptre trygt ved kasualia, som skriftemål, dåp, vigsel og gravferd
  • kan gjennomføre kasualsamtalar og gi personleg sjelesorg
  • kan bruka relevante kyrkjelege og offentlege lover og regelverktil problemløysing i konkrete situasjonar
  • kan reflektera over si eiga rolle i møte med menneske i ulike livssituasjonar, og overfor medarbeidarar, og kunna ta imot arbeidsvegleiing knytt til slike situasjonar og relasjonar
  • kan undervisa ulike aldersgrupper i kyrkjelyden

Generell kompetanse

Studenten

  • har avansert innsikt i problemstillingar knytte til møte med menneske som gjennomlever kriser eller er i vanskelege livssituasjonar
  • kan reflektera rundt prestetenesta som ei offentleg teneste, og slik delta i debatten om religionen sin plass i samfunnet

Innhold

Det er fem delemne i dette semesteremnet:

1. Pastoralteologi (om lag 8 stp),

2. Kyrkjerett (om lag 3 stp),

3. Gudstenesteleiing og forkynning (om lag 8 stp),

4. Sjelesorg (om lag 6 stp) og

5. Kyrkjelydspedagogikk (om lag 5 stp).

1. Pastoralteologi:
Dette delemnet drøftar prestetenesta i eit klassisk pastoralteologisk perspektiv, ut frå evangelisk-luthersk ekklesiologi, i ein samtidig kontekst. Sentralt i dette står spørsmålet om pastoral identitet og tenesta sin symbolberande funksjon. Emnet kan sjåast som eit nav som står i relasjon så vel til dei andre delemna, som til ei rekkje emne som gjev studieløpet elles profil (t.d. arbeidet med tekstar, og med praksisnær leiing).

Pastoral leiing vil ha eit utgangspunkt i det som ovanfor er omtala som det «stabile og bestandige», nemleg tenesta med ord og sakrament – i gudstenesta og i kyrkjelege handlingar (kasualia), i ei misjonal og diakonal forståing av kyrkja sin identitet og hennar oppdrag. Eit slikt utgangspunkt vil vera oppteken av kyrkjelydsutvikling, og utfordrar evna til samarbeid og deling av leiarskap, mellom profesjonar og mellom tilsette og friviljuge medarbeidarar, både i situasjonar med opplevd einskap og utfordringar knytt til teologisk usemje. I dette perspektivet vil yrkesetikk, i vid forstand, ha ein sentral plass. Då må det også reflekterast over kva det tyder at prestens teneste er offentleg.

2. Kyrkjerett:
Lovgjevinga og kyrkjeordninga for Den norske kyrkja er – etterdet formelle skiljet mellom stat og kyrkje (2012) – i endring. Prestar skal kjenna til kyrkja sine rettslege ordningar, og deira bakgrunn, historisk og aktuelt. Det same gjeld for andre lover med verknad for prestetenesta, som ekteskapslovgjeving og særreglar for teieplikt. Kunnskap om kyrkja si organisering, forvalting og tenestelinjer (mellom anna tilhøvet mellom ulike embete og råd i kyrkja og presten si rolle overfor desse) er vesentleg for det daglege arbeidet i den lokale kyrkja.

3. Gudstenesteleiing og forkynning:
Delemnet utviklar vidare sentrale tema frå TEOL210. Gudstenesta er sentrum i livet i kyrkjelyden, for ved forkynninga og forvaltinga av sakramenta vert trua skapt. Gjennom dette emnet siktar ein på å øva opp viktige praktisk-teologiske ferdigheiter innan homiletikk og liturgikk, knytt til oppgåva som forkynnar og leiar av gudstenesta. Liturgikkfaget gir kjennskap til gudstenestelivet si historie og teologi. I homiletikken kjem den samla teologiske kompetansen frå studiet til eit særleg uttrykk. Emnet har som mål å utvikla eit personleg og autentisk preikespråk, der evangeliet trer fram på ein truverdig og overtydande måte, både personleg og fagleg. Forutan undervising vil studentane få kompetanse gjennom praktiske øvingar som gudstenesteleiar og forkynnar. I øvingssituasjonen vert det lagt vekt på praktiske ferdigheiter. Studenten skal kjenna sin eigen kropp, pust og røyst.

Delemnet vil utvikla ei sunn forståing av presten si rolle både i samarbeidet i førebuing av kyrkjelyden sine gudstenester, og samtidig ha vekt på personleg førebuing og teologisk mogning. Stiftspraksis i regi av bispedøma i Den norske kyrkja eller tilsvarande praksis i ein annan samanheng er ein viktig øvingsarena.

4. Sjelesorg:
Delemnet utviklar vidare sentrale tema frå TEOL220. Studentane får teoretisk kunnskap om tema dei naturleg vil møta gjennom kasualia, særlig knytt til sorgsamtale og gravferd. Det vert også lagt vekt på kunnskap om eksistensiell uro og åndeleg leiting, og korleis sjelesørgjaren kan hjelpa menneske som søkjer fordjuping i trua, mellom anna gjennom kunnskap om åndeleg vegleiing.

Sjelesørgjaren går inn i ein profesjonell relasjon og må vera trygg på rammer,rolle og etikk. Då må det også arbeidast med sjelesørgjaren si sjølvinnsikt og avklaring av eiga trushistorie, og med motiv, seksualitet, makt og grenser. Her spelar retreat og gruppevegleiing ei viktig rolle. Det vert reflektert over trong for eigenomsorg i møte med liding i ulike former, og kor nødvendig det er å næra eiga tru når ein arbeider med andre si tru. Det vert reflektert over sjelesorgas eigenart i høve til nærliggjande samtaleformer som terapi, vegleiing og rådgjeving.

5. Kyrkjelydspedagogikk:
Den norske kyrkja har sjølv, etter endringane i skulen si religionsundervising (1969 og 1997 og seinare), ansvaret for trusopplæringa for alle sine døypte medlemer. Dåp, tru og opplæring høyrer tett saman. Dette har alltid høyrt til presten sine primæroppgåver og ansvar, og det skjer no i eitpraksisfellesskap med andre tenester i kyrkja – som til dømes kateket,kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og trusopplærar, der konfirmanttida er eit sentralt element. Fellesskapet i gudstenesta, livslang læring og leiarutvikling i ein medviten tanke om kyrkjelydsbygging, viser ut over trusopplæringsprogrammet (0-18 år). Emnet introduserer Godly Play/Gudsrikeleiken for studentane, og legg vekt på forteljinga som pedagogisk metode, i eit fellesskap som inkluderer på tvers av alder og intellektuelt prestasjonsnivå.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet inkluderer ei rekke ulike læringsformer, som klasseromsundervising, seminar, vegleiingsgrupper, øvingssituasjonar og sjølvstudium.

Arbeidsomfang

ca. 900 timer.

Arbeidskrav

For å gå opp til avsluttende vurdering skal studenten:

  • ha deltatt i minimum 80 % av undervising og felles seminar/øvingar
  • ha deltatt i gruppevegleiing og retreat - ha leia ei gudsteneste og held ei preike i øvingssituasjonar
  • fått godkjent refleksjonsnotat med teologisk sjølvpresentasjon og eigne læringsmål (1200-1500 ord)
  • fått godkjent refleksjonsnotat om presten si rolle og samarbeid med andre i trusopplæringa (1500-2000 ord)
  • fått godkjent refleksjonsnotat om kasualsamtalen (800-1200 ord)
  • ha deltatt minst ein gong som predikant, liturg eller på annan måte i førebuing eller gjennomføring av andakt/gudsteneste i kapellet ved NLA Høgskolen (eller tilsvarande)
  • ha deltatt i produksjon av preike/formidling gjennom digitale medium  

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / ikke godkjent.

Avsluttende vurdering

  • Stiftspraksis eller tilsvarande. Vert vurdert til stått/ikkje stått etter innstilling frå praksisvegleiar.
  • Munnleg eksamen, ca. 30 minutt.

Tillatte hjelpemidler

Ingen

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Stiftspraksis eller tilsvarande: Stått/ikkje stått

Munnleg eksamen: Stått/ikkje stått

Eksamensspråk

Norsk.

Progresjonskrav

Sjå opptakskrav

Praksis

  • 5 veker stiftspraksis i Den norske kyrkja eller tilsvarande
  • Deltaking i øvingssituasjonar som omtala under «arbeidskrav»

Studiepoengreduksjon

Studentar som har teke emnet TAM323 Kirkelig undervisning som valemne på masternivå, får fritak for delemne 5. Kyrkjelydspedagogikk. Emnet Avsluttande praktikum gir da 25 stp.

Evaluering av emnet

Emnet evalueres i henhold til kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.