MGL1MU201B Musikk 2: Skapande prosess, musikkultur og musikkundervisning Modul 4 (GLU 1-7)
Alle versjoner:
MGL1MU201B (2025—2026)
MGL1MU201B (2024—2025)
Emnekode: MGL1MU201B
Emnenavn: Musikk 2: Skapande prosess, musikkultur og musikkundervisning Modul 4 (GLU 1-7)
Undervisningssemester: Vår
Steder: Bergen, Nettbasert
Studieår: 2024–2025
Undervisningsspråk: Norsk
Studiepoeng: 15 poeng
Enkeltemne: Ja
Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb
Forkunnskapskrav
Generell studiekompetanse.
Fullført Musikk 1, modul 2 i årsstudium for musikk.
Relevans i studieprogrammet
Valfritt emne i Grunnskulelærarutdanning 1-7.
Obligatorisk emne i årsstudium i Musikk.
Innleiing
Modul 4: Skapande prosess, musikkultur og musikkundervisning er den andre av to modular på 15 stp. som til saman utgjer faget Musikk 2. Det er mogleg å ta modul 3 og 4 parallelt i same semester (fulltidsstudium), eller å ta modul 3 eitt vårsemester og modul 4 neste vår (deltidsstudium). Studiet kan kombinerast med modul 1 og 2, som utgjer faget Musikk 1. Modul 3 byggjer på modul 1 og modul 4 byggjer på modul 2, så ein deltidsstudent kan gå direkte frå modul 1 til 3 og frå 2 til 4. Til saman utgjer desse fire modulane årsstudiet i musikk (60 stp.). Modul 1 og modul 2 går i haustsemesteret, mens modul 3 og 4 går vårsemesteret.
Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planleggje, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.
Modul 4 skal gi innsikt i skapande prosessar i musikk, musikkundervisning, den norske og internasjonale musikkarven og musikk som fleirkulturelt samfunnsfenomen.
Faget skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og faglege vekst og gi dei opplæring i å kunne ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med årsstudiet i musikk skal på alle nivå omfatte forskingsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og musikk som vitskaps- og kunstfag
- har omfattande kunnskap om musikalsk barnekultur, begynnaropplæring og progresjon i musisering, komponering og lytting
- har forskingsbasert kunnskap om musikkopplæring
- har kunnskap om ulike sjanger- og stilideal innanfor områda improvisasjon, komposisjon og arrangering
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over og drøfte musikkens rolle i eit mangfaldig samfunn
- kan skape eigne komposisjonar og leggje til rette musikalsk materiale for ulike framføringsføremål og for musikkundervisning og læringsprosessar
- kan vurdere og analysere musikk med utgangspunkt i estetikk og kulturteori
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring i tråd med gjeldande læreplan for grunnskulen og drøfte korleis samarbeid med ulike eksterne instansar kan styrke læringsløp i musikk
- kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å leggje vekt på innovasjon, endring og fleksibilitet i eiga lærarrolle
Innhald
Modul 4 gir studenten moglegheit til å vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar innanfor hovudområda komponering, lytting og didaktikk.
Komponering:
Studenten skal få erfaring med å ta i bruk eigne skapande evner, og tileigne seg betre ferdigheiter innan improvisasjon og komponering. Studenten skal få større innsikt i sjanger-, komposisjons- og formlære, få trening i arrangering og tilrettelegging av musikalsk materiale, og utvikle kunnskap om bruk av digitale verktøy i både skapande arbeid og undervisning.
Lytting:
Studenten skal få moglegheit til å vidareutvikle sine musikkhistoriske kunnskapar og få utvida innsikt i ulike sjangrar innanfor kunst-, rytmisk- og ikkje-vestleg musikk. Gjennom aktiv lytting og refleksjon skal studenten vurdere og analysere musikk, både som estetisk og kulturelt objekt.
Didaktikk:
Studenten skal få djupare kunnskap om musikk som fag i skulen, og få kunnskap om ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk. Gjennom å arbeide med fagdidaktisk teori og metode, skal studenten få utvida kunnskap til å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 1-7 og styrke evna til didaktisk refleksjon.
Arbeids- og undervisingsformer
Studiet er samlings- og nettbasert. Det vert planlagt for tre (3) fysiske samlingar per semester av to (2) dagars varigheit, på studiestad Bergen. I tillegg kjem noko undervisning på nett. På første dag av kvar samling må ein rekne med å bruke noko tid på kveldstid på musikalsk studentsamarbeid.
Nettundervisning og -kommunikasjon vil gå føre seg på læringsplattforma Canvas. Med bruk av den digitale plattforma får studentane moglegheit til meir fleksibilitet og tilgang til ulike læringsressursar som er til hjelp når studenten skal strukturere sjølvstendig arbeid. Det vil bli lagt til rette for at studentar skal samarbeide digitalt.
Studenten vil møte varierte, fleksible og studentaktive læringsmetodar, til dømes asynkrone nettleksjonar, sjølvstudium og øvingsoppgåver. Målet er meir aktive læringsformer og god arbeidsinnsats.
På studiesamlingane vil det i stor grad nyttast studentaktive læringsformer. Studentane får kroppslege erfaringar med musikk og skapande prosessar gjennom praktiske seminar. Det vert lagt vekt på at studiet skal være eit lærande fellesskap der studentane er viktige i kvarandre sine læringsprosessar.
Arbeidsomfang
Ca. 400 timar
Arbeidskrav
Alle arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Følgjande arbeidskrav inngår i studiet:
- Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som angitt i undervisningsplanen (min. 80% frammøte)
- Fem oppgåver i komponering
- To oppgåver i musikk og kultur, samt deltaking på ekstern konsert med refleksjonsnotat
- Skriftleg didaktisk oppgåve
- Praksisoppgåve/alternativ oppgåve
Utfyllande opplysingar om arbeidskrava sitt innhald, vurderingskriterier og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i undervisningsplanen for emnet ved studiestart. Obligatoriske arbeidskrav vil bli vurdert som godkjent eller ikkje godkjent og tel ikkje ved fastsetjing av endeleg karakter for studiet. Alle obligatoriske oppgåver må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Vi viser ellers til "Forskrift om studier ved NLA Høgskolen" og «Retningslinjer for obligatoriske arbeidskrav for grunnskole- og barnehagelærerutdanningen ved NLA Høgskolen».
Vurderingsuttrykk arbeidskrav
Godkjent/ikkje godkjent
Avsluttande vurdering
Eksamen inneheld desse elementa:
- Skriftleg skuleeksamen i didaktikk, seks timar. Denne vert vekta 60 % av endeleg karakter.
- Individuell mappe i komponering. Denne vert vekta 40 % av endeleg karakter.
Begge delar må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering
Det blir gitt gradert karakter fra A til E for bestått og F for ikkje bestått
Tillatte hjelpemiddel
På den skriftlege skuleeksamenen er einaste lovlege hjelpemiddel LK20, som vert kopiert opp og delt ut til studentane når dei møter på eksamen.
Eksamensspråk
Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Progresjonskrav
Musikk 1, modul 2 må takast før Musikk 2, modul 4.
Praksis
Studentar som tar emnet som ein del av grunnskulelærarutdanning 1-7 følgjer eigen praksisplan.
Studiepoengreduksjon
Overlapping gjeld mot Musikk 2, emna i både årsstudium og GLU
Evaluering av emnet
Emneevaluering blir gjort i tråd med kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.
Kan takast som enkeltemne
Ja
Litteratur og faglege ressursar
Book Chapter
Arrangering for klasseromsinstrumentariet
Risa, Øyvind, Risa, Øyvind, Arrangering for klasseromsinstrumentariet, Oslo, Universitetsforl, 154 s., cop. 2001, 71-93, isbn:9788215001586; 8215001580,
Book Chapter
Besifring
Kruse, Bjørn, Kruse, Bjørn, Besifring, Oslo, Frost Music, 165 s., 1987, 1-7, isbn:8290560222,
Book Chapter
Progresjonsteori
Kruse, Bjørn, Kruse, Bjørn, Progresjonsteori, Oslo, Frost Music, 165 s., 1987, 83-92, isbn:8290560222,
Book Extract
Arrangering og komponering i klasserommet
Konrad M. Øhrn (1950-), Oslo, Norsk musikkforlag, 86-99, 1996, 86-99, isbn:8270933376,
View online
Book
Music technology and education
Brown, Andrew, Routledge, 2014-12-05, isbn:9780415723138,
s.3-28
View online
Book
The complete idiot's guide to music composition
Miller, Michael, New York, Alpha, xix, 264 s., 2005, isbn:1592574033,
s.25-40, 147-157
Book
Musikkundervisningens didaktikk
Hanken, Ingrid Maria, Johansen, Geir, Oslo, Cappelen Damm akademisk, 290 sider, [2021], isbn:9788202668150,
Kap. 1-16 og kap. 17-20 (s.224-267)
Book
Allmenn musikkundervisning : perspektiver på praksis
Jon Helge Sætre (1969-) (red./redaktør/forfatter av forord/bidragsyter), Oslo, Gyldendal akademisk, 302 s., 2010, isbn:9788205400146,
Kapittel 6-9, 13 og 16-17
Article
Musikk, kjønn og skole: Perspektiver på elevers kjønnsperformans gjennom musikk
Onsrud, Silje Valde, 465-475, Norsk pedagogisk tidskrift, 6, 96, 2013-01-02, 465-475,
View online
Book Chapter
Å være digital i musikkfaget
Kvidal, Håkon, Å være digital i musikkfaget, Oslo, Universitetsforl., s. 209-224, 11, 2009, s. 209-224, isbn:9788215014050,
Book
Dybdelæring i musikk : musikalsk forståelse gjennom sansning, følelser og begreper
Furnes, Odd Torleiv, Oslo, Universitetsforlaget, 284 sider, [2022], isbn:9788215047348,
Kapittel 3 (s.56-69)
Book
Musikk og identitet
Ruud, Even, Oslo, Universitetsforl, 300 s., 2013, isbn:978-82-15-02237-6,
s.37-50 og s-146-161
Book
Kulturforståelse i musikkfaget
Rønningen, Anders, Husebø, Øyvind, Oslo, Cappelen Damm akademisk, 175 sider, 2022, isbn:9788202730918,
Kap. 2, 3, 6 og 10
Book Chapter
Kva skal dei lytta til? -nokre kriterium for utval av musikk?
Espeland, Magne, Kva skal dei lytta til? -nokre kriterium for utval av musikk?, Bergen, Fagbokforl, 175 s., cop. 2001, 125-136, isbn:8276747752; 9788276747751,
Book Chapter
Vidunderlige, deilige, grensesprengende opplevelser til gode : utviklingstrekk ved konserten - med særlig øye for konserten som arena for musikkformidling til barn
Valberg, Tony, Vidunderlige, deilige, grensesprengende opplevelser til gode : utviklingstrekk ved konserten - med særlig øye for konserten som arena for musikkformidling til barn, Kristiansand, Høyskoleforlaget i samarbeid med Høgskolen i Agder, 161 s., nr 30, 2002, 66-71, isbn:8276345557,
Book Chapter
Fællestræk
Fock, Eva, Eva Fock (forfatter), Fællestræk, København, Edition Wilhelm Hansen, 177, 2004, 23-44, isbn:8759811323,
Book Extract
Ethiopia. History, Culture and Challenges
Siegbert Uhlig, David Appleyard, Alessandro Bausi, Wolfgang Hahn, Steven Kaplan (redaktører), LIT Verlag, 2017, 205-212,
"Music" av Kay Kaufman Shelemay (s. 205-209) "Musical Instruments" av Stéphanie Weisser (s. 209-212)
Book
Ekko 2 : musikkorientering VK 2
Molde, Audun, Geir Salvesen, Oslo, Gyldendal, 356 s., 2000, isbn:9788205266643; 8205266646,
Kapittel 1-16 og 22. Finnes kun på nett: https://www.nb.no/items/9dbb60f92e5bc45ee635a695c5036967?page=1&searchText=Ekko%202
View online
Music
Lytterepertoar i musikk og kultur
Opplyses på Canvas
Book
Barnet og musikken : innføring i musikkpedagogikk for barnehagelærerstudenter
Sæther, Morten, Angelo, Elin, Oslo, Universitetsforlaget, 186 sider, 2019, isbn:978-82-15-03200-9,
s. 93-100
Book
Islam : tradisjon, tilhørighet og praksis
Bøe, Marianne Hafnor, Farstad, Mona Helen, Oslo, Cappelen Damm akademisk, 249 sider, 2023, isbn:9788202725983,
s. 184-201
Book
Ekko 1 : musikkorientering VK 1
Geir Brunsvik (1948-), Oslo, Gyldendal undervisning, 360, 2000, isbn:8205266638,
https://www.nb.no/items/8a13660111be0390ec62a96849306005?page=1&searchText=Ekko%201
View online
Book
Lyttemetodikk : ressursbok
Espeland, Magne, Bergen, Fagbokforl, 278 s., cop. 2004, isbn:8276747892; 9788276747898,
Book
Lyttemetodikk : studiebok
Espeland, Magne, Bergen, Fagbokforl, 175 s., cop. 2001, isbn:8276747752; 9788276747751,
Book
Music, health, and wellbeing
Raymond A.R.. McDonald (redaktør/forfatter av forord/forfatter), Oxford, Oxford University Press, XII, 550, 2012, isbn:9780199686827,
Denne kan lånes fra andre bibliotek dersom ønskelig.
Book Chapter
Health Musicking: A Perspective on Music and Health as Action and Performance
Stige, Brynjulf, Health Musicking: A Perspective on Music and Health as Action and Performance, Oxford, Oxford University Press, 2012-02-23, isbn:9780199586974,
View online
Book
Allmenn musikkundervisning : perspektiver på praksis
Jon Helge Sætre (1969-) (red./redaktør/forfatter av forord/bidragsyter), Oslo, Gyldendal akademisk, 302 s., 2010, isbn:9788205400146,
kap. 11