MGL5MU101B Musikk 1: Skapande prosess, akkompagnement og musikkundervisning Modul 2 (GLU 5-10)

Alle versjoner:
MGL5MU101B (2024—2025)

Emnekode: MGL5MU101B

Emnenavn: Musikk 1: Skapande prosess, akkompagnement og musikkundervisning Modul 2 (GLU 5-10)

Undervisningssemester: Haust

Steder: Bergen

Studieår: 2024–2025

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 15 poeng

Enkeltemne: Ja

Opptak: Søk opptak på lokal søknadsweb

Forkunnskapskrav

Generell studiekompetanse.

Musikk 1, modul 1 må takast parallelt med eller vere gjennomført før Musikk 1, modul 2.

Anbefalte forkunnskapar

Det er ein fordel med visse forkunnskapar i musikk, som å ha noko instrumental-/vokalerfaring og å kunne synge reint.

Relevans i studieprogrammet

Valfritt emne i Grunnskulelærarutdanning 5-10.

Obligatorisk emne i årsstudium i Musikk.

Innleiing

Modul 2: Skapande prosess, akkompagnement og musikkundervisning, er den andre av to modular på 15 stp. som til saman utgjer faget Musikk 1. Det er mogleg å ta modul 1 og 2 parallelt i same semester (fulltidsstudium), eller å ta modul 1 eitt haustsemester og modul 2 neste haust (deltidsstudium). Studiet kan kombinerast med modul 3 og 4, som utgjer faget Musikk 2. Modul 3 byggjer på modul 1 og modul 4 byggjer på modul 2, så ein deltidsstudent kan gå direkte frå modul 1 til 3 og frå 2 til 4. Til saman utgjer desse fire modulane årsstudiet i musikk (60 stp.). Modul 1 og modul 2 går i haustsemesteret, mens modul 3 og 4 går vårsemesteret.

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planleggje, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.

Faget skal gi grunnleggjande innsikt i musikk som eit utøvande, skapande og lyttande fag, estetiske læringsprosessar og kreativitet, den norske og internasjonale musikkarven, i musikk som fleirkulturelt samfunnsfenomen og i musikk som identitetsskapande uttrykksform.

Faget skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og faglege vekst og gi dei opplæring i å kunne ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med faget skal på alle nivå omfatte forskingsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgende læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om et breitt utval musikk frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar og om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike samfunnskontekstar og medier
  • har kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell for musikkfaget og kan vurdere desse kritisk
  • har kunnskap om musikalsk ungdomskultur, media og teknologi

Ferdigheiter

Studenten

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar og kan akkompagnere song
  • kan lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar og vise kunnskap om denne musikken gjennom munnlege, skriftlege og andre uttrykksformer
  • kan improvisere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og musikkteknologiske verktøy
  • kan leie prosessar i komponering og lytting for elevar
  • kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer og metodar for skulefaget musikk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhengar mellom mål, innhald og vurderingsformer i musikkfaget
  • har innsikt i musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i eit samfunn prega av mangfald

Innhald

Modul 2 gir studentane grunnleggjande, erfaringsbasert opplæring i hovedområda musisering, komponering, lytting og didaktikk.

Musisering:

Studenten skal øve på akkompagnementsinstrument (gitar eller piano) og få erfaring med korsong.

Komponering:

Studenten skal her få tileigne seg grunnleggjande ferdigheiter og få erfaring med å ta i bruk eigne skapande evner gjennom improvisering og komponering, mellom anna gjennom leik med og utforsking av musikalske grunnelement. Vidare skal studenten få innsikt i grunnleggjande musikkteori og musikalsk analyse, og få erfaring med å lage ulike typar komposisjonar og arrangement. I hovudområdet komponering inngår bruk av IKT i form av opptaksutstyr og musikkprogram.

Lytting:

Studenten skal kjenne til sentrale trekk i norsk folkemusikk, Vestens musikkhistorie og musikk frå andre delar av verda. Gjennom aktiv lytting og refleksjon skal studenten få kunnskap om musikk, både som estetisk og kulturelt objekt.

Didaktikk:

Studenten skal her få moglegheit til å tileigne seg kunnskap om musikk som fag i skulen, og bli kjent med ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk på trinn 5-10.Gjennom å arbeide med fagdidaktisk teori og metode, skal studenten få kunnskap i å kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 5-10 og utvikle evne til didaktisk refleksjon.

Arbeids- og undervisingsformer

Studiet er samlings- og nettbasert. Det vert planlagt for tre (3) fysiske samlingar per semester av to (2) dagars varigheit, på studiestad Bergen. I tillegg kjem noko undervisning på nett og oppmøte på eksamen. På første dag av kvar samling må ein rekne med å bruke noko tid på kveldstid på musikalsk studentsamarbeid.

Nettundervisning og -kommunikasjon vil gå føre seg på læringsplattforma Canvas. Med bruk av den digitale plattforma får studentane moglegheit til meir fleksibilitet og tilgang til ulike læringsressursar som er til hjelp når studenten skal strukturere sjølvstendig arbeid. Det vil bli lagt til rette for at studentar skal samarbeide digitalt.

Studenten vil møte varierte, fleksible og studentaktive læringsmetodar, til dømes asynkrone nettleksjonar, sjølvstudium og øvingsoppgåver. Målet er meir aktive læringsformar og god arbeidsinnsats.

På studiesamlingane vil det i stor grad nyttast studentaktive læringsformar. Studentane får kroppslege erfaringar med samspel og leiing gjennom praktiske seminar. Det vert lagt vekt på at studiet skal vere eit lærande fellesskap der studentane er viktige i kvarandre sine læringsprosessar.

Arbeidsomfang

Ca. 400 timar

Arbeidskrav

Alle arbeidskrav må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Følgande arbeidskrav inngår i studiet:

  • Det er krav om frammøte og aktiv deltaking som angitt i undervisningsplanen (min. 80% frammøte)
  • Praksisoppgåve/undervisningsframlegg
  • To arbeidskrav i musikk og kultur, samt deltaking på ekstern konsert med refleksjonsnotat
  • Tre oppgåver i komponering
  • Éi oppgåve i akkompagnementsinstrument
  • Aktiv deltaking i førebuing og gjennomføring av to konsertframføringar, med eller utan refleksjonsnotat

Utfyllande opplysingar om arbeidskrava sitt innhald, vurderingskriterier og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i undervisningsplanen for emnet ved studiestart. Obligatoriske arbeidskrav vil bli vurdert som godkjent eller ikkje godkjent og tel ikkje ved fastsetjing av endeleg karakter for studiet. Alle obligatoriske oppgåver må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Vi viser ellers til "Forskrift om studier ved NLA Høgskolen" og «Retningslinjer for obligatoriske arbeidskrav for grunnskole- og barnehagelærerutdanningen ved NLA Høgskolen».

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent/ikkje godkjent

Avsluttande vurdering

Praktisk/munnleg eksamen i akkompagnementsinstrument og song.

Det blir gitt individuell karakter. Utfyllande opplysningar om eksamensavviklinga vil bli gitt på læringsplattforma Canvas.

Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering

Det blir gitt gradert karakter fra A til E for bestått og F for ikkje bestått

Tillatte hjelpemiddel

Alle

Eksamensspråk

Norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Progresjonskrav

Musikk 1, modul 2 må takast før Musikk 2, modul 4.

Praksis

Studentar som tar emnet som ein del av grunnskolelærarutdanning 5-10 følgjer eigen praksisplan.

Studiepoengreduksjon

Overlapping gjeld mot Musikk 1, emna i både årsstudium og GLU

Evaluering av emnet

Emneevaluering blir gjort i tråd med kvalitetssystemet for NLA Høgskolen.

Andre bestemmingar

Studenten bør ha tilgang til piano eller gitar til øving, enten heime, på høgskulen eller andre stader.

Kan takast som enkeltemne

Ja