4MGL1MU101 Musikk 1 1-7

Alle versjoner:
4MGL1MU101 (2025—2026)
4MGL1MU101 (2022—2023)
4MGL1MU101 (2021—2022)
4MGL1MU101 (2020—2021)
4MGL1MU101 (2019—2020)
4MGL1MU101 (2018—2019)

Emnekode: 4MGL1MU101

Emnenavn: Musikk 1 1-7

Undervisningssemester: Haust

Steder: Oslo

Studieår: 2025–2026

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 30 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan.

Anbefalte forkunnskapar

Studentar som vel musikk bør :

  • Meistre minst eitt instrument på moderat nivå
  • Syngje nokolunde reint
  • Kunne grunnleggande musikkteori (som notenamn, noteverdiar og dei vanlegaste akkordar)

Relevans i studieprogrammet

Valfritt relevant emne i grunnskulelærarutdanninga 1-7.

Innleiing

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi elevar musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom musisering, komponering og lytting. I musikk-studiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det derfor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudentane si eiga musikalske utvikling og deira fagdidaktiske kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.

Faget skal gi grunnleggande innsikt i musikk som eit utøvande, skapande og lyttande fag, estetiske læringsprosessar og kreativitet, den norske og internasjonale musikkarven, i musikk som fleirkulturelt samfunnsfenomen og i musikk som identitetsskapande uttrykksform. Det skal gi grunnlag for studentane si allmenne danning og deira faglege vekst. Faget skal gi studentane opplæring slik at dei kan ta aktivt del i kultur-, skule- og fagutvikling i sitt framtidige yrke. Arbeidet med faget skal på alle nivå omfatte forskningsbasert kunnskap og erfaring knytt til dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i gjeldande læreplanar for grunnskulen og i praksisfeltet. Studiet skal gi grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fag og instansar utanom skulen. Utvikling av dei utøvande, personlege og kunstnarlege sidene ved musikkfaget krev øving og modning over lang tid og er derfor sentrale på alle nivå.

Faget skal gjere studentane fortrulege med begynnaropplæring i musikk, musikalsk barnekultur, og i grunnleggande ferdigheiter og kompetansar, slik desse er utforma i gjeldande læreplan for musikk i grunnskulen. Faget skal utvikle studenten si evne til kommunikasjon og personlege uttrykk.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgande læringsutbytte:

KUNNSKAP

Studenten

  • har kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie
  • har forskningsbasert kunnskap om læring og estetiske og kreative læringsprosesser knytt til begynnaropplæring i musikk
  • har kunnskap om musikalsk barnekultur og barns musikalske utvikling, uttrykksformer, kreativitet, identitet og faktorar som verkar inn på slik utvikling
  • har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggar for musikkopplæring
  • har kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell for musikkfaget og kan vurdere desse kritisk
  • har grunnleggande kunnskap om et breitt utval musikk frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar, og om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike samfunnskontekstar og medier
  • har kunnskap om ulike omgrep og ulik fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere, og kan uttrykke seg musikalsk på ulike instrument
  • kan leike til og med musikk og meistrar eit variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar til bruk i musikkundervisning
  • kan lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar og vise kunnskap om denne musikken gjennom munnlege, skriftlege og andre uttrykksformer
  • kan improvisere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy
  • meistrar ulike innfallsvinklar til begynnaropplæring og progresjon i musikkfaget og er fortruleg med grunnleggande ferdigheiter og kompetansar i skulefaget musikk
  • kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og vurderingsformer for skulefaget musikk
  • kan leie prosessar i musisering, komponering og lytting for elevar
  • kan planlegge og gjennomføre tilpassa musikkopplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhengar mellom mål, innhald og vurderingsformer i musikkfaget
  • kan initiere fagleg samarbeid og legge til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
  • har innsikt i musikken si rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i samfunn prega av mangfald
  • kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere

Innhald

Musikk 1 gir studenten grunnleggande erfaringsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd og grunnleggande pedagogisk forståing knytt til bruk av musikk og musikkrelaterte aktivitetar i skulen på trinna 1-7.

Emnet legg vekt på at studenten skal få utvikle ferdigheiter innanfor song, spel, leik og rørsle. Studenten skal innanfor desse områda også tileigne seg eit repertoar som kan brukast i skulen på trinn 1-7. Dette involverer øving på eige instrument og på akkompagnementsinstrument (gitar eller piano) og samspel på ulike instrument, som til dømes bandinstrument, stavspel og rytmeinstrument.

Studenten skal få erfaring med å ta i bruk eigne skapande evner. Det vil bli lagt til rette for at studenten skal tileigne seg grunnleggande ferdigheiter i improvisasjon og komponering mellom anna gjennom leik med og utforsking av musikalske grunnelement. Studenten skal også få innsikt i grunnleggande musikkteori og musikalsk analyse, og få erfaring med å lage ulike typar komposisjonar og arrangement, mellom anna ved hjelp av relevant teknologi og digitale verktøy.

Studenten skal få moglegheit til å utvikle grunnleggande teorikunnskap og gehør og skal kjenne til sentrale trekk i ulike sjangrar og musikkhistoriske epokar, i norsk og samisk tradisjonsmusikk og musikk frå andre kulturar. Gjennom aktiv lytting og refleksjon skal studenten få kunnskap om musikk både som estetisk og kulturelt objekt.

Studenten skal få tileigne seg kunnskap om musikk som fag i skulen og bli kjent med ulike metodiske innfallsvinklar til undervisning i musikk på trinn 1-7. Nokre av dei emna som blir tatt fram er: Musikk og identitet, media og teknologi, ulike former for kunnskap i musikk, tilpassa opplæring, grunnleggande ferdigheiter i musikk og læreplan i musikk.

Det vil også bli arbeidd med fagdidaktisk teori og metode knytt til å utøve, lage og oppleve musikk. Det arbeidast mot at studenten skal utrustast til å kunne planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk på 1-7 og utvikle evne til didaktisk refleksjon.

Arbeids- og undervisingsformer

Musikkfaget krev ein stor bredde i arbeidsformer. Undervisninga vil skje i førelesningar, seminar, mindre grupper og individuelt.

Arbeidsomfang

900 timar.

Arbeidskrav

Følgande arbeidskrav inngår i studiet:

  • Deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte innan kvart fagområde)
  • Didaktikk: eit gitt tal oppgåver, i dette skriftleg didaktisk oppgåve og praksisoppgåve for GLU-studentar.
  • Lytting:
    • Arbeidskravsprøve i musikkteori og høyrelære
    • Eit gitt tal teori- og lytteoppgåver
  • Arrangering og komponering: Eit gitt tal oppgåver
  • Musikkulturforståing: Framlegg med refleksjon
  • Musisering: Aktiv deltaking på førebuing og gjennomføring av ymse aktivitetar (konsertar, instruksjon eller liknande)
  • Deltaking på kurs i tradisjonsmusikk

Alle arbeidskrav er obligatoriske. Nærmare opplysningar om arbeidskravas innhald og tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt i semesterplanen. Arbeidskrav vurderast som godkjent eller ikkje godkjent  og tel ikkje ved fastsetting av  endeleg karakter for studiet.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikkje godkjent

Avsluttande vurdering

Eksamen er praktisk/munnleg med desse elementa:

  • Metodisk instruksjon av medstudentar. Oppgåva kan omfatte song, samspel, bevegelse, arrangering og komponering. Det gis 48 timar til førebuing.
  • Akkompagnementsinstrument og song.
  • Høyring i studentens metodiske ferdigheitsmappe og fagdidaktikk.

Tidsramme pr. student: 35-40 minutt. Det gis éin individuell karakter på praktisk/munnleg eksamen ut frå følgjande vekting: Del 1: 50%, del 2: 25% og del 3: 25%.

For å få ståkarakter, må studenten stå på alle delane. Ved eventuell gjentatt eksamen må kun delen eller delane ein ikkje har bestått tas opp.

Vurderingsuttrykk avsluttande vurdering

Praktisk/munnleg eksamen: Vurderast individuelt med gradert karakter  A til F, der F er ikkje stått.

Tillatte hjelpemiddel

Blir spesifisert nærmare for den enkelte del

Eksamensspråk

Norsk. Andre språk kan godkjennast etter søknad.

Praksis

Sjå praksisplan

Evaluering av emnet

Det vil bli emneevaluering etter kvalitetssystemet for NLA Høgskulen.

Kan takast som enkeltemne

Nei