Samisk matkultur i norsk barnehage
(Publisert i G. M. Grande, L. Husjord & K. Ryslett (Red.): Matkulturer i Norge: Samisk, kvensk/norskfinsk, skogfinsk, jødisk, romsk og romani/tater i fagområdet mat og helse i lærerutdanningene. Fagbokforlaget 2025.
Formålet med denne studien er å undersøke korleis pedagogiske leiarar arbeider med formidling av samisk matkultur som ein del av samisk kulturformidling.
Hovudfunn er at formidling av samisk kultur er ein etablert tematikk, og at samisk matkultur er ein del av markeringa rundt den samiske nasjonaldagen. Dei to matrettane som blir nytta er bidos og ghakko. Deltakarane framheva også at samisk matkultur er knytt til berekraftig forvalting av naturresursar. Utfordringar knytt til synleggjering av samisk kultur handlar i mindre grad om formidling av matkultur. Derimot handlar det om manglande kunnskap om det samiske. Studien peikar på behov for meir forsking på korleis barnehagar arbeider med formidling av samisk matkultur.