Mangfold og samhandling

Diversity and Interaction

Forskergruppa Mangfald og Samhandling er open for forskarar som arbeider med mangfaldsspørsmål i tilknytning til lærerutdanninga og skoleverket. Gruppa er basert i Oslo og kjem til å ha dei fleste samlingane sine der, men er open for medlemmer frå andre NLA-campus og eksternt.

Forskargruppa skal ha fokus på forsknings- og utviklingsarbeid innanfor mangfaldsfeltet. Dette feltet er vidt, og dekkjer m.a.språkleg og kulturelt mangfald, med ei rad moglege undertema som igjen kan vere prega av strid om forståingsmodellar og tilnærmingar.

Samhandling peikar mot forskargruppas interesse for å arbeide med mangfald både som problem og som ressurs i ulike former for samhandling i skulen, og i høgare utdanning. Meir empirisk kunnskap om slike samhandlingssituasjonar skal gi innspel til utvikling av god undervisning på begge nivå, og bidra til teoriutvikling på feltet. 

Forskargruppas arbeid

Utviklingsarbeidet er tilknytt integrert masterutdanning for grunnskolelærarar ved NLA Høgskolen. Vi ønskjer å jobbe med empirisk materiale i form av klasseromsforsking, men også med analyser av litteratur, og teoriutvikling. Eit mål er å utvikle eit samarbeid med grunnskular i Oslo-området slik at eit miljø av grunnskulelærarar kan delta aktivt i eit forskingssamarbeid.

Forskingsprosjekta har to tematiske fokusområde:

  1. Språkleg mangfald - språklæring og språkbruk, norsk som andrespråk, nynorsk og bokmål, dialekter, språkideologi m.fl.
  2. Kulturelt mangfald - sosialiseringsprosessar i ulike kulturar, heim-skule samarbeid, interkulturell kompetanse, religionspraksisar og kulturmøter, praksisfelleskap m.fl.

Medlemmar

Bjørghild Kjelsvik (leder), førsteamanuensis
Brit Marie Hovland, førsteamanuensis
Tone Helene Skattør, høgskolelektor
Ingfrid Mattingsdal Torjussen, høgskolelektor
Linnea Jermstad, førstelektor
Dag Øivind Østereng, høgskolelektor
Marit Brendbekken, førsteamanuensis
Leah Junge, konsulent

Kontaktpersoner

Forskergruppens leder: Bjørghild Kjelsvik
Prorektor for forskning og utvikling: Torgeir Landro