TLC – Teaching and Learning Theology in Crisis

TLC-prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom NLA Høgskolen og det teologiske fakultetet ved Stellenbosch University i Sør-Afrika. Prosjektet utforskar nye måtar å undervisa og læra teologi i kriser.

 

  • Prosjektpartner: Stellenbosch University (Sør-Afrika) og NLA Høgskolen
  • Prosjektleiar: NLA: Bård Norheim
  • Prosjektperiode: august 2021 juli 2025
  • Prosjektfinansiering: UTFORSK

Målet er å utvikla ein teologisk respons til tre aktuelle kriser – klimakrisa, ungdoms involvering i samfunnet og kyrkjas endra rolle i samfunnet. Nøkkelaktivitetane i prosjektet er:

  • felles undervisning online kombinert med læring i lokale kontekstar
  • utvikling av ny måtar å undervisa på gjennom utviklinga av eit felles undervisningsemne
  • «best-practice»-forsking på utviklinga og gjennomføringa av felles undervisnings- og læringsaktivitetar
  • publisering av to fagfellevurderte bøker der forskinga blir presentert
  • student- og lærarmobilitet

Koronapandemien tvang universitet og høgskolar verda rundt til å tenka nytt om utdanningas meining og påverknad, også utover det å utvikla tekniske løysingar for nettundervisning. Med dette prosjektet ønskjer NLA Høgskolen og Stellenbosch University å utforska kva det inneber å undervisa og læra saman i ei globalisert, og samstundes lokal og stadeigen verd. Eit hovudfokus i prosjektet handlar difor om glokal læring, som handlar om å utvikla felles, global læring innanfor ramma av lokale læringsfellesskap i Norge og Sør-Afrika – og vidare ut i verda.

Førsteamanuensis i praktisk teologi og ungdomsarbeid, Shantelle Weber, er prosjektkoordinator på Stellenbosch University. Professor i teologi, Bård Norheim, er prosjektleiar frå NLA Høgskolen. To forskargruppar på NLA Høgskolen er involvert i prosjektet, nemleg Research in Theology and Ministry (RITHM) og Vocational Education Research (VER). Prosjektperioden går frå august 2021 til juli 2025.

NLA Høgskolen og det teologiske fakultetet ved Stellenbosch University har underteikna ein MoA (Memorandum of Agreement), der fokuset er på felles undervisning og lærarutveksling, felles forsking og studentmobilitet. Prosjektet spelar ei viktig rolle i å styrka dette samarbeidet.