Utforskande arbeidsmetodar i tilknyting til uteskule



Uteskule i naturen har vist potensiale som arena for læring som skil seg frå innandørs undervisning på fleire måtar. Barn som er regelmessig ute omtrent ein dag i veka har betre trivsel, motivasjon og lærer minst like mykje som medelevar som er meir inne. I dette forskingsprosjektet er vårt fokus utforskande undervisning i naturfag gjennom uteskule. 

Vi inviterar elevgrupper i grunnskulen til å dela frå sin kvardag gjennom GoPro-kamera på lærar og nokre av elevane som fangar opp det borna er opptekne av, samtalar og fokuspunkt samt læraren sine innleiingar, bestillingar og respons på elevatferd. Læraren vurderer sjølv kva timar som er relevant å gjera opptak av. Prosjektet vil gå føre seg i ein eller fleire periodar på 1-3 månadar der det vert filma i ca. 1-5 timar i veka.

Oppstart av prosjektet er i mai 2024 og datainnsamlinga vert avslutta i 2025.

Spørsmål  

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med prosjektansvarleg:

Johannes Sæleset, førsteamanuensis NLA Høgskolen
johannes.saeleset@nla.no
Tlf: 90 14 96 86