Nyhendebrev september - Konventikkelplakaten

Kva funksjon hadde Konventikkelplakaten, og kva hadde han å seia for arbeidet til Hans Nielsen Hauge?

Hauge sitt brotsverk?

Hans Nielsen opplevde minst 10 fengslingar frå den første i Fredrikstad seinhausten 1797 og til den siste i oktober 1804, den som eigentleg varte til 1814. Han vart møtt med skuldingar av mange slag ved fengslingane. Men ei spesiell skulding gjekk att både gjennom den aktive perioden, og då når han dei følgjande åra skulle granskast og dømast. Ho var viktig ved den endelege domfellinga i 1814, og heldt ved å plaga Hauge livet ut. Skuldinga gald brot på Konventikkelplakaten.

Utferdinga av Konventikkelplakaten 1741

I norsk historie er dette dokumentet svært sjeldan omtala anna enn i samband med saka mot Hauge. Plakaten var ikkje utferda mot Hauge, men vart nesten ikkje brukt mot andre i den tida han var gjeldande – frå 1741 til 1842. Han vart utferda av kong Kristian 6., den såkalla pietistkongen. Vi kan sjå plakaten som ei avslutning av ei lovgjeving som gjev bakgrunn for å tala om statspietisme. Kongen innførte konfirmasjonen, autoriserte Pontoppidans katekisme, gav forordning om folkeskule og gjennomførte fleire andre tiltak som skulle styrkja religionen. I 1737 oppretta han eit organ som vart kalla Generalkyrkjeinspeksjonskollegiet. Det skulle vaka over at rett lære vart forkynt, at sann kristeleg opplysning og gudsfrykt vart spreidd, at strid vart hindra, at kyrkjetukt vart øvd, at presteskapet fungerte, og at ikkje tvilsame skrifter vart spreidde. Organet kom aldri til å fungera godt, vart definitivt avvikla i 1791, og var såleis borte før Hauge steig fram.

Men det var Generalkyrkjeinspeksjonskollegiet som utarbeidde Konventikkelplakaten. Nemninga konvent var det vanleg å nytta om større samlingar, gjerne i religiøs samanheng, og konventikkel vart nytta om små møte til religiøs oppbygging. Ein konventikkelplakat skulle såleis, etter namnet, gje retningslinjer for mindre samlingar til religiøs oppbygging.

Inspektørane hadde arbeidd med konventikkelsaka meir enn eit halvår, mest på bakgrunn av meldingar om uro og tvilsame aktivitetar som særleg herrnhutar dreiv både i Holstein og i Noreg. Plakaten skulle fremja kongens faderlege omsorg for ein sann kristendom og god orden, og det skulle skje under oppsyn av «ordentlig beskikkede Lærere.» Men kongen vil også ta under sitt vern folk som måtte bli håna og forfølgde for å visa omsorg for eigen og andres oppbygging. Inspektørane ville hjelpa kongen med hans store prosjekt. No skulle det skapast orden med konventiklane gjennom følgjande plakat:

«Forordning anlangende hvorvidt gudelige Forsamlinger, uden for den offentlige Guds Tjeneste, til videre Opbyggelse og Gudfrygtigheds Øvelse, under vedkommende Lærerers Opsyn, maa tillades, og hvilke derimod, som u-tilladelige, og mistænkelige, forbydes.»

Konventikkelplakaten er ikkje berrre eit forbod, men skal også gje eit løyve. Inspektørane hevda å ha teke to viktige omsyn. Ingen kunne no påstå samvitstvang, hindring i kristeleg oppbygging eller utøving av sin kristendom. På den andre sida skulle ingen våga å ta seg fridom til å skapa uorden og forbitring ut frå eigne innfall og sjølrådigheit utan tilsyn. Det vart også understreka at ingen måtte forlata sin stand og næring, og under skin av gudsfrykt, dra omkring for å oppbyggja andre. Kongen fann plakaten tenleg og utferda han straks.

Innhaldet i plakaten

Intensjonar og føremål med plakaten var ei sak, innhaldet, dei konkrete tiltaka og praktiseringa ei anna. Plakaten inneheldt ikkje mindre enn 17 artiklar, og praktiseringa viste seg vanskeleg. Ei spesiell sak var at han ikkje inneheldt noko om kva straff som kunne nyttast mot brot på plakaten. Då Hauge møtte plakaten nesten 50 år etter utferdinga, hadde han nesten ikkje vore i bruk. No vart han teken fram og vart ståande til 1842.

Dei 17 artiklane er relativt detaljerte. Hovudsaka er at konventiklar er ei sak for prestane. Presten skal ha full kontroll over all forkynning og utlegging av den rette lære. Som eit eventuelt tillegg til den offisielle gudstenesta skal prestane kunne halda konventiklar, heime eller i høveleg lokale, til utdjuping av preika, bibellesing, bøner, salmar og ein gudelig samtale. Der kan det gjevast uttrykk for meiningar og stillast spørsmål, men utan at det blir «nogen Disputeren». Presten skal ha full kontroll over alle konventiklar, han innkallar, han styrer. Det skal også vera tillate at ein kateket eller ein annan «gudelig og vel-øved Studiosus» kan halda konventikkel på prestens vegne og på hans ansvar. Presten skal ha melding om alle slike konventiklar og helst vera til stades. Å halda konventiklar må ikkje koma i vegen for andre av gjeremåla til presten.

Dersom det i prestegjeldet skulle vera folk som sterkt ønskte å koma saman for oppbygging, skulle dette kunna skje i privathus av svært få personar. Presten skulle varslast og helst vera til stades, det måtte vera korte møte med fleire reststriksjonar, t.d. om tidspunkt på dagen, og fråvær av mat og drykk. Men det vart også sett forbod mot å uroa slike møte.

Presten var den kongeleg autoriserte innehavar av læreembetet i riket, han skulle ha full kontroll. Dersom nokon ville søkja rettleiing hjå andre enn eigen sokneprest, skulle det kunna skje i det stille hjå ein annan prest, og soknepresten burde granska eige liv og lære for å finna grunnane til mistillit. Omreisande som samla folk og oppførte seg som lærar, vart det åtvara stekt imot. Ein husbonde kunne halda husandakt og la ha ein eller nokre få framande vera til stades, men ikkje slik at det vart ei større samling.

Den grunnleggjande tonen i plakaten er, at om kongens autoriserte prest passa sitt embete,  skulle alt gå bra, og ingen undersått vera ottefull for sin kristenstand.

Hauge sitt møte med plakaten

Hauge må tidleg har vorte kjend med Konventikkelplakaten. Eldstebroren, Ole Hauge, var lensmann i Tune, og han nytta den sju år yngre broren til lensmannsdreng. Då Hauge starta si gjerning, hadde han støtte frå boren på  fleire måtar, og plakaten må dei ha kjent. Kva han eigentleg meinte om plakaten, har vi vel ikkje hans klårt uttrykte meining om, og korleis han tolka plakaten, kom nok til å skifta. Kjennskapet til plakaten stogga han i alle fall ikkje før fengslinga i 1804.

I utgangspunktet var Hauge heilt på linje med sin konge – sjøl om dette på hans tid ikkje var pietistkongen Kristian 6. (1730-45), men den sinnssjuke Kristian 7 (1766-1807). Kongen og hans lover skulle fremja Guds ære og sann gudsfrykt i landet. Det var ingenting Hauge heller ville bruka sitt liv til. At det galdt å arbeida på grunnlag av luthersk lære uttrykt i Den augsburgske konfesjon, var dei også heilt samde om. Hauge streva etter å vera ulastande ikkje berre i lære, men også i liv. Han kjente seg heilt på linje med pietistkongens intensjonar for land og folk. Men ikkje berre det. Han hadde også fått eit direkte kall av Gud til innsats – til å tala med sine medmenneskje om sjelefrelse og kristenliv. Hauge og kongen sine intensjonar skulle falla godt saman.

Det dukka raskt opp problem. Hauge hadde kanskje i utgangspunktet syn for at presten skulle ha kontroll med det åndelege livet i soknet, men føresetnaden måtte vel vera at han var ein sann lærar i kristendom. Det fanst døme på at så ikkje var tilfelle, derimot døme på lauslivnad, økonomisk utsuging, og manglande omsorg for både lekamleg og åndeleg naud. Slikt fann Hauge i sitt eige sokn, noko som sterkt prega hans første skrifter. Alt før han kom godt i gang med å hjelpa sine medmenneskje gjennom samlingar, hadde desse skriftene skapt ein sterk uvilje mot han i den prestestanden som han etter Konventikkelplakaten var heilt avhengig av dersom om han skulle kunna halda lovlege samlingar.

I god tru - eller i veksande tvil? (1796 – 1804)

Ein får inntrykk av at i tida etter kallsopplevinga, ved dei første skuldingar om brot mot plakaten gjennom dei samlingane han heldt, hadde Hauge ei slag forståing av at plakaten eigentleg ikkje galdt hans aktivitet. Det han gjorde var i tråd med kongens intensjonar, og samstundes drive av eit gudgjeve kall. At aktiviteten kunne vera ulovleg og jamvel straffverdig, hadde Hauge opplagt store problem med å ta inn over seg. I konfrontasjonane argumenterte han ikkje mot plakaten. Han la vekt på å klårgjera kva han heldt på med, og at det umogeleg kunne vera ulovleg. Han hjelpte folk med deira kristentru på bakgrunn av forståinga av Guds ord i den statsgodkjente utlegging. Alle kunne koma og kontrollera det. Han førte sjøl eit liv i samsvar med læra og oppmoda alle til det same. I møte med lensmenn og futar etter klage, mest frå prestar, slapp han fleire gonger fri ved å visa til eige liv og gjerning som han sette opp mot ting som styresmaktene heller burde ta seg av. Han stilte spørsmål om kva som var ulovleg ved at han formana folk til eit gudeleg liv, medan samlingar som medførte fyll og bråk og uorden ikkje vart nekta. Kunne det vera rett at folk som banna, spotta og vanvyrde Guds ord går fri, endå det var ei forordning som sa at «hver den som bander og bespotter Guds Ord skal settes i Gabestokken». Det vart ikkje etterlevt, men Hauge skulle straffast?

Denne tanken at Plakaten eigentleg ikkje galdt Hauge, at den øverste statsmakta ikkje hadde tenkt på hans aktivitet, at det måtte vera ei mistyding, må ha gjort seg gjeldande hjå Hauge i alle fall fram til den endelege fengslinga i 1804, truleg også seinare. Ei viss støtte til ein slik tanke kunne han også finna i utsegna frå biskop Johan Nordal Brun om plakaten i 1799 at den var «vel ikke de jure, men de facto ophevet». Slikt fekk Hauge til å meina at «Øvrigheden var av ulige Tænkemaade» om plakaten. Var det slik, kan ein spørja kvifor Hauge då ikkje sytte for å få klårlagt sin situasjon. Han gjekk i fengsel og sona straff, og uttala, at «naar den høje Øvrighed vil indhente nøjere Undersøgelse» ville sanninga om hans gjerningar koma fram. Men han apellerte ikkje dommen, og han satsa ikkje på å få ei verkeleg autoritativ avgjer om sitt forhold til plakaten. Kanskje våga han ikkje, fordi han ottast å bli innesperra og avskoren frå å utføra sitt kall? I alle fall fritok han seg sjøl frå å skaffa seg direkte positiv avgjer i saka si. 

Men Hauge prøvde også å retta seg etter plakaten. At presteskapet skulle ha eit hovudansvar for undervising og opplæring i kristendom, at dei var lærestanden, hadde han ikkje problem med, og han oppmoda heile tida folk til å gå til kyrkje. Men full kontroll og einerett til å tala å til folk om kristendom kunne ikkje vera rett at dei alltid skulle ha. At presten skulle ha kontroll med alle konventiklar, at han kunna hindra møte mellom folk som ønskte å samtala og oppbyggja kvarandre på Guds ord, det kunne ikkje vera rett etter det Guds ord sa. Til ein del av dei første samlingane Hauge heldt, vart presten orientert, men dette skjedde ikkje alltid. Gjennom heile perioden skjedde det helst sporadisk etter som dei lokale tilhøva varierte. Når han t.d. omtalar at det vart sendt ei melding om møte til ein prest på Jæren våren 1804, blir dette omhandla som ei spesiell hending.   

I spørsmålet om reising sette Hauge seg klårt og medvite opp mot dei instruksar motstandarane meinte han fekk både i plakaten og i forordninga om lausgjengeri. Våren 1798 vart han fengsla i Kristiania, noko som enda med at den mektige stiftamtmannen, Frederik Julius Kaas, sende Hauge heim til Tune med påbod om å halda seg i ro der. Då Hauge seinare skreiv om dette, hevda han, at han her gjorde eit medvite valg. Han hadde «en heftig Lyst» til å tala med sine medmenneskje «om vor Saligheds Sag». Han fann at han ikkje kunne «føre det over mit Hjerte at fortie min Aands Attraae eller være stille». Reisinga kunne han prøva å rettferdiggjera med slikt som bokproduksjon og med handelsaktivitet, særleg etter at han tok borgarbrev i Bergen. Men i all hans reising var møte med vener og samtale om Guds ord ei hovudsak, og ifølgje hans motstandarar, i strid med både plakat og anna lovgjeving. For Hauge galdt det å følgja sitt kall.

Dei prestane som ville ha Hauge tiltala, skulda han ofte for svermeri, og det kom til å versera ville påstandar om Hauge. Uttrykket svermeri er ikkje nytta i plakaten, og Hauge ville heller ikkje vedgå at han kunne skuldast for slikt. Han viste då til at læra hans var rett og rein, ingen kunne påstå noko anna. Men det viste seg at det var andre ting presteskapet sikta til, som hans grove uttalingar om presteskapet i skrift, og hans frimodige kritikk med manglande underdanigheit i konkret møte med den kongelege lærestand. Då Hauge t.d. i 1799 vart innkalla til å svara for seg for prosten i Melhus og biskopen i Trondheim, fekk han ei overhøvling av prosten som klaga han for trass mot biskopen, og både bisp og prost klaga han for hovmod, gjerrigskap og vellyst, og viste m.a. til Hauge sine skrifter. Kva hans svermeri, i bispens meining, skulle gå ut på, kan t.d. lesast ut frå det skrivet han våren 1802 sende til presteskap sitt for å åtvara mot Hauge som ein svermerisk, sjølvklok profet i fåreklær, med svermerisk og skinnheilagt preik som kunne gje «Indgang hos svagsindende folk».

Under langvarig gransking (1804-1814)

Hausten 1804 vart Hauge definitivt stogga frå å reisa omkring og bryta plakaten. Det tok ti år å prøva brotsverket hans for retten. I denne tida måtte han både prøva seg sjølv, og oppleva utspørjingar og klagemål som vart innsamla for å rettferdiggjera fengslinga av denne høgst fårlege mann, «særlig for den enfoldige Almue». Ein granskingskommisjon arbeidde frå 1804 til 1808, og vart etterfølgd av ein domskommisjon frå 1809. Dommen vart avsagd 4. nov. 1813, og vart endra etter anke. Endeleg dom kom 13. des. 1814.

Heile denne perioden måtte Hauge driva sjølvprøving av si gjerning i høve til plakaten. Det første året av fengslingstida var ei stor påkjenning både for kroppen og tanken. Under oppleving av tærande sjukdom og snikande død søkte han kongen om å sleppa fri frå arresten. Han ville då godta kva straff han måtte få, og «aldrig at holde Samlinger, eller paa nogen Maade, directe eller indirecte, og i mindste Maade at befatte mig med Lære-Embedet». Han uttrykte anger over omtalen av presteskapet i tidlege skrifter, men om samlingane skreiv han berre at han var lei for «at jeg ved mit Forhold har givet Anledning til utilladelige Forsamlinger, omendskjønt jeg med hvert af mine Foretagender altid har havt de reeneste Hensigter». No var Hauge heilt nedbroten. Søknaden fekk han aldri direkte svar på. Under avhøyr vedgjekk han at meldingar til presten kunne bli avgløymt av dei som hadde bedt han koma til samlingar. Dei sto då eigentleg ansvarlege, Hauge hadde berre late seg tilkalla. Men at han hadde halde samlingar, let seg vanskeleg nekta, heller ikkje at han oppmoda andre til å gjera som han.

Fengslingsvilkåra betra seg etterkvart. Han fekk ha ein del kontakt med venene, og han skreiv brev. Men samlingar kunne han vanskeleg halda. Det fekk han ein sjanse til då han frå februar til oktober i 18o9 var sett fri for å koka salt. Venene venta samlingar, men fekk det ikkje. Hauge skreiv då at fengselet hadde vore skule og tuktemeister «til at bøye og sætte mig i Stilhed, at give Agt paa mig selv, at læse, at eftertenke, at prøve og søge at bedømme det Vigtigste til saa manges Vel som mueligt». Når venene undra seg over at han ikkje heldt samlingar eller offentlege talar, viste han til at han reiste i offenleg oppdrag, at regjeringa gav forbod mot samlingar. Nærast orsakande skreiv han etter møte med vener på Vestlandet:»I veed, at aandelige Oppbyggelses-Taler var jeg af høyere Aarsager afholdt fra». Dette var neppe noko generell tilslutning til at samlingsforbod måtte aksepterast.

Som granskingskommisjonen fann også domskommisjonen at Hauge hadde brote plakaten særleg på to punkt, ved å dra omkring og halda religiøse talar utan prest til stades, og å oppmuntre også andre til å gjera det same. Når det galdt innhaldet i talane, hadde mange vitna om at det ikkje var i strid med «Guds Ord og Kirkens og Statens Indrætninger». Men at prest ikkje hadde vore tilstades måtte reknast som «aggraverende Omstendigheder» sidan Hauge hadde tala for «simple og for stor Deel enfoldige Folk» og desse «kun lidet synes beqvemme til nøie at skjeldne og bedømme saadanne Materier.» Samla dom vart to år tukthus og sakskostnader.

Ankeinstansen kom også til at Hauge måtte straffast, men så greip dei til det faktum at plakaten ikkje omtala straff. Ein burde difor vera varsame med å bruka korporleg straff der det ikkje er utrykkeleg er sagt. Dei tek i bruk svermar-omgrepet, og hevdar at slike bør heller rettleiast med mild enn hard straff. Dei tok også inn ein elles unemnd passus i plakaten om «at Præsterne og Øvrigheden med Beskedenhed, Kiærlighed og Høflighed, skulle underrette dem, som måtte forsee sig om Forordningens Bydende». Samla kom dei til at brotsverket kunne avsonast med bøter. Dermed vart Hauge bøtelagd med tilvising til paragafar om presteleg kontroll, meldeplikt, storleik og samansetjing av forsamlingar, møtestorleik og stad, og oppfordring til andre. I stor glede melde han til venene at han kjende seg fri for all straff. «kun at jeg for mine gudelige Taler» skulle betala ei bot. Han kjende seg fri.  

Fri frå fengsel, bunden av plakaten (1814-1824)

Kva var han fri til? Kunne han t.d. halda samlingar?

Han drøfta sin eigen situasjon slik i 1805: «Min Længsel tager til, at Lyset maatte skinne. Jeg føler Drift at vandre ud at forkynde Guds Ord og hans Villie efter hvad hans Aand aabenbarer mig. Jeg er svag i Legemet, og den Lov som jeg er dømt for, staar ved Magt, saa Tvil kan ikke udgaas. Kjødet vil holde tilbage; men Herrens Aand er stærkere». Han bad venene om forbøn. «Jeg venter paa Kræfter og hans Tid, at Veien beredes, og da vil jeg opofre mine sidste Kræfter for at være mit Kald tro», skreiv han året etter.

I realiteten kom ikkje Hauge til å reisa mykje etter dommen. I mai 1815 drog han på reise i ti dagar til m.a. Bragernes, Eiker og Kongsberg. Han klaga resten av livet over både nervefeber, gikt, forstoppelse, stadig forkjøling og generell svakheit, og heldt seg heime. Venene kalla på han frå fleire landsdeler og ville ha han til samlingar. Men han kom ikkje, og det er vanskeleg å seia om det alltid berre var hans «egne Legems Kræfter» som hindra han. Alt i fengselstida hadde han arbeidd med seg sjøl, om han skulle ha fare feil i si gjerning, men kunne ikkje finna det. Han kunne ikkje finna noko vondt i at «Ofte er mit Hjerte heftig Brændende, og stor er den Længsel at skrive Eder og flere til, ligesaa at tale til Opbyggelse.»  Etter å vera dømd av Konventikkelplakaten, markerar han ingen anger, men understrekar han at han gjerne ville følgja lova. Han skjøna likevel ikkje korleis han skulle «forene en christelig Erkjendelse med Lovene». Lovene har vorte betre skriv han, grunnlova gjev fridom for alle, unnateke jødar, jesuittar og munkar.  Men når det så står at «Kongen skal ordne alle Religionens Forsamlinger», då blir det vanskeleg. Kan det gjelda privat oppbygging? Til venene skriv han at det må visast varsemd. Oppbyggingar bør ikkje dra ut i tid, ein bør ikkje kalla det samlingar eller offentlege talar, og ikkje senda innkalling vidt omkring. Ein treng ikkje kalla oppbygginga forsamling, men husandakt, privat oppbygging eller samtale om åndelege ting. Slikt kan ikkje vera i strid med lova, medan nemninga samling er litt vanskeleg.

Hauge måtte stadig sjå plakaten som eit problem, ei vanskeleg hindring, både for seg sjølv og andre for å kunna utøva sitt kall og kristenplikt. I sine seinare år skriv han om lengt etter den første kjærleiken, og den tida då elden brann og det viste frukt av arbeidet meir enn seinare. Dei åtte vandringsåra omtala han med glede som «de otte første Aar af mit Saligheds Liv». At han då hadde handla i strid med statens lover kunne han neppe koma godt til rette med. Plakaten følgde Hauge livet ut. Lenge nekta han å tru at den kunne hindra han i å utføra sitt livskall om kristen. Sidan måtte han nok godta at plakaten kunne hindra han i måten å utføra si gjerning på. Ein sjeldan gong har eg funne han skriva at han ikkje hadde lyst til å reisa, men så seint som fem månader før han døydde skriv han om fornya lyst til å koma «i min første Virksomhed … og føler Længsel, at den første Kjærlighed skulde vaagne med sin hele kraft…». Det kall og den reiselysta som hadde ført han i konflikt med Konventikkelplakaten følgde han livet ut.