4MGL5NO102 Norsk 1, modul 2 5-10, Språk og språkdidaktikk 1

Alle versjoner:
4MGL5NO102 (2019—2020)
4MGL5NO102 (2018—2019)

Emnekode: 4MGL5NO102

Emnenavn: Norsk 1, modul 2 5-10, Språk og språkdidaktikk 1

Undervisningssemester: Vår

Steder: Oslo

Studieår: 2019–2020

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Språk og språkdidaktikk 1  vil særleg fokusere på språket som system, fleirspråklegheit og grunnleggjande språkdidaktikk. I Språk og språkdidaktikk 1 vil vi ha eit særleg fokus på mellomtrinnet.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 1, 5-10 (30 sp) over to år i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 1 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Språk og språkdidaktikk 1» har studenten følgjande læringsutbytte:

 

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har kunnskap om andrespråk og andrespråkslæring, fleirspråklegheit, samisk, nasjonale minoritetsspråk og nordiske nabospråk
  • har kunnskap om språklege endringsprosessar, geografisk og sosial variasjon og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om samanhengen mellom språk og identitet
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5.-10.-trinn i språklege emne

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere språk og språkbruk
  • kan gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar med norsk som første- og andrespråk på mellom- og ungdomstrinnet
  • kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar og gi tilpassa, læringsfremmande respons
  • kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læringsutbytte for alle elevar
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan skrive akademiske fagtekstar og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskulelærarpraksis 

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for at alle elevar på mellom- og ungdomstrinnet vidareutviklar grunnleggjande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplaner og faglege kunnskapar og innsikter
  • kjenner til eigenarten til norskfaget som språk-, kultur- og litteraturfag
  • kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
  • kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i norskfaglig forskings- og utviklingsarbeid

Innhold

Emnet Språk og språkdidaktikk 1 vil ha særleg fokus på språket som system og på fleirspråklegheit. Studentane skal utvikle både sin eigen språkbruk og kunnskapen sin om språk og tekst. Dei skal bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med andre fag og i praksisfeltet, særleg knytt til mellomtrinnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • breiddetest
  • deltaking i gruppediskusjon
  • eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
  • praksisoppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikkje godkjent.

Avsluttende vurdering

Skuleeksamen, individuell,  5 timar. Skuleeksamenen skal skrivast på den målforma som vert oppgjeve ved semesterstart.

Tillatte hjelpemidler

Læreplan for Kunnskapsløftet og bokmåls- eller nynorskordliste (avhengig av eksamensmålform)

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Skriftleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.

Eksamensspråk

Norsk.

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Tilbys som enkeltemne

Nei

Pensum

Med forbehold om endringer

Akselberg, G. (2008). Talevariasjon i Noreg. I B. Mæhlum, G. Akselberg, U. Røyneland, & H. Sandøy (Red.), Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk  (kapittel 8, s. 149 -166). Oslo: Cappelen Akademisk (17 s.)

Bergreen, H, Sørland, K. og Alver, V. (2012). God nok i norsk? Språk- og skriveutvikling hos elever med norsk som andrespråk. Oslo: Cappelen Damm (15-195) (180 s.)

Budal, I. (red.). (2018). Språk i skolen. (2.utgave) Kapittel 1-5. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 13-188) (175 s)

Ellesnes, E. og Hovde, J. Ø. (2013). Korleis. Strake vegen til god nynorsk. Oslo: Hovde og Brekke forlag (55 s.)

Engen, T.  O. og Kulbrandstad, L. A. (2006). Tospråklighet, minoritetsspråk og minoritetsundervisning. Oslo: Gyldendal (s. 111-147)  (36 s.)

Haug, D. (2013). Fremragende? I: Nytt Norsk Tidsskrift, nr. 4 (s. 359-370) (11 s.)

Helland, T. (2012). Språk og dysleksi. Bergen: Fagbokforlaget (s. 122-166) (40 s.)

Hårstad, S. & Opsahl, T. (2013). Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge, (s. 107 - 144). Bergen: LNU/Fagbokforlaget (37 s.)

Hårstad, S. (2015). Nabospråk og nabospråksundervisning. Oslo: Cappelen Damm (s. 9-74) (65 s.)

Lane, P. (2016). Standardising Kven: Participation and the role of users. I: Sociolinguistica: Internationalis Jahrbuch für Europaeische Soziolingvistik 30.1. (s.105-124) (19.s)

Nymark, J. og Theil, R. Dei ukuelege språka. Språkpolitikk og språksituasjonar. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 32-93) («Den samiske språkfamilien» (34 s.) og «Variasjoner i språk-variasjoner av språk» (25 s.)

Omdal, H. og Vikør, L. (2011). Språknormer i Norge. Normeringsproblematikk i bokmål og nynorsk, kapittel 1. Oslo: Cappelen Akademisk (9-57 s.) (48 s.)