4MGL5NO102 Norsk 1, modul 2 5-10, Språk og språkdidaktikk 1

Alle versjoner:
4MGL5NO102 (2022—2023)
4MGL5NO102 (2021—2022)
4MGL5NO102 (2020—2021)
4MGL5NO102 (2019—2020)
4MGL5NO102 (2018—2019)

Emnekode: 4MGL5NO102

Emnenavn: Norsk 1, modul 2 5-10, Språk og språkdidaktikk 1

Undervisningssemester: Vår

Steder: Oslo

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Språk og språkdidaktikk 1  vil særleg fokusere på språket som system, fleirspråklegheit og grunnleggjande språkdidaktikk. I Språk og språkdidaktikk 1 vil vi ha eit særleg fokus på mellomtrinnet.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 1, 5-10 (30 sp) over to år i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 1 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne «Språk og språkdidaktikk 1» har studenten følgjande læringsutbytte:

 

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om språksyn, språkteorier, første- og andrespråkstileigning og språkets plass i norskfaget
  • har kunnskap om språket som system (fonologi, morfologi, syntaks, semantikk) og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om språket i bruk (tekstlingvistikk, diskurs-pragmatikk, retorikk)
  • har kontrastiv kunnskap om samisk og norsk
  • har brei kunnskap om norsk som første- og andrespråk og om fleirspråkleg praksis
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5.-10.-trinn i språklege emne

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere språk og språkbruk
  • kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar og gi tilpassa, læringsfremmande respons
  • kan bruke kunnskap om fleirspråklegheit og fleirspråkleg praksis i tilrettelegging for ei samansett og fleirkulturell elevgruppe
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur
  • kan skrive akademiske fagtekstar og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskulelærarpraksis 

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner til eigenarten til norskfaget som språk-, kultur- og litteraturfag
  • kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante undervisingsformer
  • kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
  • kjenner til norskfagleg forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte relevante forskingsetiske problemstillingar

Innhold

Emnet Språk og språkdidaktikk 1 vil ha særleg fokus på språket som system, språket i bruk og på individuell fleirspråklegheit, i eit didaktisk perspektiv.

Studentane skal utvikle både sin eigen språkbruk og kunnskapen sin om språk og tekst.

Dei skal bruke og reflektere over denne kunnskapen i møte med andre fag og i praksisfeltet.

Språkemnet kan samarbeide med andre norskemne om språkleg analyse av tekster.

Norskfaget vil kunne samarbeide med andre fag der det er naturleg.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • breiddetest
  • deltaking i gruppediskusjon
  • eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
  • praksisoppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikkje godkjent.

Avsluttende vurdering

Skuleeksamen, individuell,  5 timar. Skuleeksamenen skal skrivast på den målforma som vert oppgjeve ved semesterstart.

Tillatte hjelpemidler

Læreplan for Kunnskapsløftet og bokmåls- eller nynorskordliste (avhengig av eksamensmålform)

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Skriftleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.

Eksamensspråk

Norsk.

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Tilbys som enkeltemne

Nei