4MGL5NO103 Norsk 1, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 1

Alle versjoner:
4MGL5NO103 (2024—2025)
4MGL5NO103 (2023—2024)
4MGL5NO103 (2022—2023)
4MGL5NO103 (2021—2022)
4MGL5NO103 (2020—2021)
4MGL5NO103 (2019—2020)

Emnekode: 4MGL5NO103

Emnenavn: Norsk 1, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 1

Undervisningssemester: Vår

Steder: Oslo

Studieår: 2019–2020

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 1 vil særleg fokusere på språket som system og på fleirspråklegheit. Ein jobbe særleg inn mot mellomtrinnet, men også sjå på utviklinga fram mot ungdomstrinnet.

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 1, 5-10 (30 sp) over to år i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 1 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne Praktisk språk- og tekstarbeid 1» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter på mellom- og ungdomstrinnet
  • kjenner til forsking- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5-10.-trinn

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere språk og språkbruk
  • kan gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på mellom- og ungdomstrinnet
  • kan bruke kunnskap om grammatikk, språk, tekst og litteratur i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar og gi tilpassa, læringsfremmande respons
  • kan bruke og vurdere relevante metodar i lese- og skriveopplæringa
  • kan leggje til rette for at elevar på mellom- og ungdomstrinnet får lese og skrive sakprega og skjønnlitterære tekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan leggje til rette for tilpassa opplæring for ei samansett elevgruppe
  • kan vurdere relevante norskfaglege læremiddel med tanke på læringsutbytte for alle elevar
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan skrive akademiske fagtekstar og delta i norskfaglege drøftingar knytte til grunnskulelærarpraksis

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for at alle elevar på mellom- og ungdomstrinnet vidareutviklar grunnleggjande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplaner og faglege kunnskapar og innsikter
  • kjenner til eigenarten til norskfaget som språk-, kultur- og litteraturfag
  • kan omsetje læreplanmål til praktisk arbeid og legitimere faglege og didaktiske val
  • kan reflektere over val av metode og relevant vitskapsteori i norskfagleg forsking- og utviklingsarbeid

Innhold

Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 1 vil særleg fokusere på språket som system og på fleirspråklegheit og korleis ein konkret arbeider i skulen for å utvikle språk- og tekstferdigheitene til elevane. Ein vil jobbe særleg inn mot mellomtrinnet, men vil også sjå på utviklinga på ungdomstrinnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • to skriftlege gruppearbeid med rettleiing
  • eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
  • praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikkje godkjent.

Avsluttende vurdering

  • Individuell munnleg eksamen med førebuingstid.

Munnleg eksamen er todelt. Den eine delen tek utgangspunkt i ei av dei to gruppeoppgåvene som er obligatoriske arbeidskrav. Den andre delen er utspørring i emnet Praktisk språk- og tekstarbeid

Tillatte hjelpemidler

Læreplan for Kunnskapsløftet.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Individuell, munnleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er stryk.

Eksamensspråk

Norsk.

Progresjonskrav

Emnet må vere bestått for å kunne halde fram på Språk og språkdidaktikk 2, Litteratur og litteraturdidaktikk 2 og Praktisk språk- og tekstarbeid 2.

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Tilbys som enkeltemne

Nei.

Pensum

Totalt sidetall: 771

Aksnes, L. M. (2007). Tid for tale. Oslo: Cappelen (s. 17-56) (39 s.)

-Andreassen, R. (2007). Eksplisitt opplæring i leseforståelse. I I. Bråten (red.), Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet – teori og praksis. Oslo: Cappelen (252-285) (31 s)

-Askeland, N. (2015). Metaforer i fagtekster og lærebøker. I E. Maagerø og E. S. Tønnesen (red.), Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (88-108) (19 s.)

Berggren, H., Sørland, K. og Alver, V. (2012). God nok i norsk? Språk og skriveutvikling hos elever med norsk som andrespråk. (s.121-197) (76 s.)

-Bråten, I. (2007). Leseforståelse – komponenter, vansker og tiltak. I I. Bråten (red.), Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet – teori og praksis. Oslo: Cappelen (s. 45-81) (34 s)

-Budal, I. (red.). (2015). Språk i skolen. Kapittel 6 og 8. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 213-244 og 275-303) (59 s)

-Evensen, L. S. (2010). En gyldig vurdering av elevers skrivekompetanse? I: Smidt, J., Folkvord, I. og Aasen, A. J., Rammer for skriving. Om skriveutvikling i skole og yrkesliv. Trondheim: Tapir (s. 13-31) (17 s.)

-Fjørtoft, H. (2014). Norskdidaktikk. Kapittel 1 og 11. Bergen: Fagbokforlaget/LNU (s. 15-41 og 299-316) (26 +17 s.)

Fjørtoft, H. (2016). Vurdering av muntlighet i klasserommet. I Kverndokken, K (red.) 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på -om muntlig kompetanse og muntlighetsdidaktikk. Bergen: Fagbokforlaget. (14s)

-Hagtvedt, B. E., Frost, J. og Refsahl, V. (2014). Den intensive leseopplæringen. Dialog og mestring når lesingen har låst seg. Oslo: Cappelen Damm (s. 66-116) (50 s.)

-Kaldestad, P. O. og Knudsen, H. (2006). Diktboka. Om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Oslo: Cappelen/LNU (s. 62-110 (48 s.)

Kjeldsen, J.E. (2016). Gi ordet – til elevene. I Norsklæraren, #2, 40.årgang. Landslaget for norskundervisning. (5 s.)

-Kvithyld, T. og Aasen, A. J. (2011). Fem teser om funksjonell respons på elevtekster. I: Smidt, J., Solheim, R. og Aasen, A. J., På sporet av god skriveopplæring. Trondheim: Tapir (s. 87-98) (9 s.)

-Lillevangstu, M., Tønnesen, E. S. og Dahll-Larssøn, H. (red.). (2007). Inn i teksten – ut i livet. Nøkler til leseglede og litterær kompetanse. Bergen: --Fagbokforlaget/LNU (s. 14-36, 94-106, 122-136, 148-189) (88 s.)

-Lorentzen, R. T. og Smidt, J. (red.). (2009). Å skrive i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (s. 7-90, 136-158) (12 + 10 + 13 + 9 + 13 +10, 9 + 10) (86)

-Maagerø, E. (2002). Utvikling av sjangerkompetanse. I A. M. Bjorvand og E. S. Tønnesen (red.), Den andre leseopplæringa. Utvikling av lesekompetanse hos barn og unge. Oslo: Universitetsforlaget (s. 35-52) (17 s.)

-Nergård, M. E. og Tonne, I. (2008). Elevteksten – et grammatisk utstillingsvindu. I: Nergård, M. E. og Tonne, I. Språkdidaktikk for norsklærere. Oslo: Universitetsforlaget (s. 27-42) (15 s)

-Roe, A. (2014). Lesedidaktikk – etter den første leseopplæringen. Oslo: Universitetsforlaget (s. 158-208) (50s.)

-Skjelbred, D. (2015). Framstillingsformer og lesemåter i fagtekster. Maagerø, E. og Tønnesen, E. S. (red.), Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (s. 178-202) (24 s.)

Smidt, J., Solheim, R. og Aasen, A.J. (red.) (2011). Ti teser om skriving i alle fag. I På sporet av god skriveopplæring – ei bok for lærere i alle fag. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag. (30 s.)

-Aamotsbakken, D. (2015). Samanheng i tekster – avkall på «den røde tråden»? Maagerø, E. og Tønnesen, E. S. (red.), Å lese i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget (s. 47-64) (17 s.)

 

Eit mindre utval av primærtekstar som vert kunngjort ved semesterstart.