4MGL5NO103 Norsk 1, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 1

Alle versjoner:
4MGL5NO103 (2022—2023)
4MGL5NO103 (2021—2022)
4MGL5NO103 (2020—2021)
4MGL5NO103 (2019—2020)

Emnekode: 4MGL5NO103

Emnenavn: Norsk 1, modul 3 5-10, Praktisk språk- og tekstarbeid 1

Undervisningssemester: Vår

Steder: Oslo

Studieår: 2022–2023

Undervisningsspråk: Norsk

Studiepoeng: 10 poeng

Enkeltemne: Nei

Forkunnskapskrav

Sjå programplan

Relevans i studieprogrammet

Valfritt fag i grunnskolelærarutdanninga 5-10

Innledning

Emnet Praktisk språk- og tekstarbeid 1 vil særleg fokusere på den rolla munnleg kommunikasjon, den vidare lese- og skriveopplæringa og digitale dugleikar speler i norskfaget. Emnet omfattar norskundervising på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på mellomtrinnet. I tillegg vert det lagt vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne

Læringsutbytte

Ved NLA Høgskolen går Norsk 1, 5-10 (30 sp) over to år i tre modular á 10 studiepoeng. Læringsutbyteformuleringane slik dei er formulerte i Nasjonale retningsliner for grunnskolelærarutdanning 5.-10. trinn er tilpassa dei tre modulane som utgjer Norsk 1 ved NLA Høgskolen. Etter fullført emne Praktisk språk- og tekstarbeid 1» har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har omfattande kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter
  • har kunnskap om vurdering, nasjonale prøver og læremiddel, digitale og andre, med vekt på mellomtrinnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler 
  • kan vurdere og bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk 
  • kan legge til rette for at elevar på mellomtrinnet får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium  
  • kan kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar  
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre  
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane på mellomtrinnet vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer  
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val  
  • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag 

Innhold

Emnet vil gje studentane

  • innføring i leseopplæring  
  • innføring i skriveopplæring  
  • innføring i opplæring i munnlegheit  
  • innføring i opplæring i digitale dugleikar
  • innføring i bruk av digitale verktøy i undervisninga
  • innføring i sidemålsdidaktikk 
  • kunnskap om utfordringar knytt til lesing og skriving 
  • kunnskap om tilpassa opplæring 

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar

Seminar med aktiv studentdeltaking

Gruppeseminar

Grunnskulepraksis

Sjølvstudium

Studentane bør danne kollokviegrupper og organisere samarbeid også utanfor obligatorisk undervisning

Arbeidsomfang

Arbeidsmengde for student: ca. 300 timar (dette omfattar også sjølvstudium).

Arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav:

  • to skriftlege gruppearbeid med rettleiing
  • eit seminarinnlegg med skriftleg innlevering
  • praksisoppgåve eller skriftleg didaktisk oppgåve
  • deltaking i all undervisning er obligatorisk (minst 80 % frammøte)

Nærare opplysningar om innhald i og tidspunkt for gjennomføring av arbeidskrav vert gjeve i årsplanen for faget ved studiestart. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at studenten kan gjennomføre eksamen.

Vurderingsuttrykk arbeidskrav

Godkjent / Ikkje godkjent.

Avsluttende vurdering

  • Individuell munnleg eksamen med førebuingstid.

Munnleg eksamen er todelt. Den eine delen tek utgangspunkt i ei av dei to gruppeoppgåvene som er obligatoriske arbeidskrav. Den andre delen er utspørring i emnet Praktisk språk- og tekstarbeid

Tillatte hjelpemidler

Læreplan for Kunnskapsløftet.

Vurderingsuttrykk avsluttende vurdering

Individuell, munnleg eksamen vurderast med gradert karakter A til F, der F er ikkje greidd.

Eksamensspråk

Norsk.

Progresjonskrav

Emnet må vere bestått for å kunne halde fram på Språk og språkdidaktikk 2, Litteratur og litteraturdidaktikk 2 og Praktisk språk- og tekstarbeid 2.

Praksis

Sjå relevante læringsutbytteformuleringar og elles eigen praksisplan.

Evaluering av emnet

Emnet vert evaluert etter kriterium i NLA Høgskolens kvalitetssystem. I tillegg kan emneansvarleg gjennomføre mindre evalueringar. Studentane kan gje tilbakemeldingar på emnet i samband med undervisning og til emneansvarleg.

Tilbys som enkeltemne

Nei.